Leik med språk

Leik er sentralt i utvikling av sosial kompetanse, sjølvtillit, språkutvikling og forestillingsevne. I leiken frå elevane uttrykke tankar, kreativitet, kjensler og eigen identitet. I leiken kan ein gløyme tid, stad og rom og læring kan skje intuitivt. 

Elevane kjem til skulen med mykje språkleg kompetanse. Denne kompetansen kan vi byggje vidare på og vidareutvikle saman med elevane på leiken og barna sine premissar. Dersom vi greier å gå i dialog med elevane der dei er, kan vi tilføre ny og viktig kunnskap for både munnleg og skriftleg språkutvikling.  

Her finn du aktivitetar som lar elevane utforske og leike med språket på sine premissar.

Ordkort ikon

I denne ressursen skal dei yngste elevane få øve seg på å kjenne att bokstavar og å telje og sortere.

Instruksjonsteikning Liv 1000

I desse oppgåvene skal elevane få øve på leseforståing. Etter kvart som elevane les tekstane, skal dei teikne det dei les.

Boblespraaksamtale

Teikneserieformatet er fint å starte med når ein skal snakke saman om nynorsk tekst. I dette opplegget syner vi korleis teikneserien Superheltar av Kristoffer Lindseth kan vere utgangspunkt for språksamtalar om ord som er like og ulike på bokmål og nynorsk.

Adjektivlappar ikon

I denne ressursen skal elevane få jobbe med ordklassane substantiv, verb og adjektiv på ein kreativ og aktiv måte.

Monsterbraak ikon

Orda vi brukar, kan både glede og såre andre, og dette er det viktig at elevane blir bevisstgjorde på. Dette opplegget nyttar boka Monsterbråk for å gjere elevane meir språkleg bevisste.

Riho kroll Rg La H00k Z Ok kvadrat

I dette opplegget må elevane vere munnlege, og det vert lagt vekt på samarbeid. Gjennom oppgåva må elevane reflektere over orda og språket dei brukar, og om dei endrar val av ord ut ifrå kven som er mottakar.

Les skriv teikn ikon

I dette opplegget skal elevane trene på å avkode ord og setningar, finne meining i det dei les, og vise at dei har forstått det dei har lese. I tillegg får elevane øve på å skrive av ord og setningar.

Jesson mata katt med hatt

Eit opplegg der elevane skal finne rim-par i ein tekst og deretter finne på eigne rimord.

Hyler I Biblioteket Kvadrat

Opplegg der elevane får visualisere skilnaden på dobbelkonsonant og enkelkonsonant i ei teikneseriestripe.

Diftongar ikon

Ein relativt systematisk skilnad mellom nynorsk og bokmål er at nynorsk har diftong i mange ord der bokmål brukar ein enkel vokal. Her finn du eit øvingsark der elevane kan arbeide komparativt med slike ord.

Finn adjektiva 2

Finn adjektiva i rutenettet. Fasiten er på side 2 av PDF-en.

Snoballkamp 1

I denne oppgåva får elevane verte betre kjende med kvarandre og repetere kva som kjenneteiknar ordklassen adjektiv. Elevane skriv litt om seg sjølv i skjemaet, krøllar arka saman og har snøballkrig med dei. Når snøballkrigen har vart i 30 sekund, blir oppgåva å finne ut kven som har skrive dei ulike snøballane.

Snurr

Småoppgåver om ulike ordklasser. Bruk ein spinnar eller ein terning for å finne ut kva oppgåver du skal gjere.

Spaa ikon

Å lage ein nynorsk spå er ei fin, lita skriveoppgåve. Her er ein spå med fire ferdige felt og fire felt der elevane får skrive sjølve.