Dikt og rimord

Dette er ein norskfagsressurs med element av matematikk, musikk, drama, kunst og handverk og folkehelse og livsmeistring. De kan bruke heile, eller så kan de plukke ut dei oppgåvene som passar best for dykkar klasse. Opplegget er meint for 3.–4. klasse, men kan med enkle justeringar passe både yngre og eldre elevar. Sjå tips for tilpassingar.

  • Tilpassingar til dei yngste elevane
    • Lag teikningar som passar til diktet om mannen som var sur, og lag ei utstilling på klasserommet. (Dette kan t.d. vere eit alternativ til gruppeoppgåve 1, dersom de ønskjer det.)
    • Snakk saman om innhaldet i diktet om mannen.
    • Korleis var humøret hans?
    • Kva hadde skjedd for å få han i dette humøret?
    • Kva gjorde mannen då det skjedde?
    • Var det ei god eller dårleg løysing (å gå tur)? Be elevane grunngje svara sine.
    • Kva gjer dykk sinte?
    • Kva brukar de å gjere når de er sinte og sure? Hjelper denne løysinga for deg? Får du (og dei rundt deg) det betre?

Klasse- og gruppeoppgåver

  1. Lag eit nytt dikt i lag. Om de vil, kan de bruke ord frå boksane med rim-par. Skriv diktet på ein stad der de lett kan ta det fram att (digitalt, arktavle, smarttavle el.l).
  2. Gå saman i grupper. Vel eit av dikta (det de har laga i klassen, eller diktet de jobba med i oppgåveteksten.) Lag ein digital presentasjon av diktet. De kan til dømes lage ein animasjonsfilm eller lage teikningar som de tek bilete av og samlar i Book Creator eller liknande.

    Tips: I animasjonsfilm kan ein til dømes bruke Lego eller Playmo-figurar, lage figurar i plastilin/leire eller bruke teikningar.
  3. Dramatiser diktet.