Sommarpost
I denne ressursen skal elevane lage eit sommarbrev eller sommarkort til ein mottakar. Mottakaren kan til dømes vere ein ven, klassekamerat, familie eller lærar. Elevane kan velje seg ein av malane som ligg vedlagde, skrive ord eller tekst på skrivelinjene, fargelegge, dekorere og klippe ut. Elevane kan også lage ein konvolutt om ønskeleg.
Denne ressursen gir elevane ei god nynorskopplæring ved å legge til rette for meiningsfull skriving på nynorsk. Når elevane har noko dei vil formidle til ein konkret mottakar, blir nynorsken eit verktøy for kommunikasjon. Gjennom visuell støtte, samtale og praktisk arbeid får elevane utvikle grunnleggande ferdigheiter i skriving. Aktiviteten kombinerer språk, kreativitet og meistring og gir elevane erfaring med nynorsk som eit funksjonelt bruksspråk.
Fortel elevane
- No skal du lage eit sommarbrev eller eit sommarkort.
- Du vel sjølv kva du vil skrive om innanfor temaet sommar.
- Du skal velje deg nokon du har lyst å skrive brevet eller kortet til.
Tenk gjennom:
- Kva vil du fortelje om sommaren?
- Kva gler du deg til?
- Kva likar du best med sommar?
Modellering
Lag eit utkast saman med elevane for å gi dei nokre idar til korleis eit sommarbrev eller eit sommarkort kan sjå ut. Vis gjerne døme (sjå bilete).
Til …
Eg gler meg til sommar fordi
__________________________
Eg likar å
__________________________
Kanskje vi kan
__________________________
God sommar
Helsing …
Differensiering
Dei som nyleg har starta å skrive, kan skrive enkeltord som is, sol, bade, leike, ven. De kan også hjelpe elevane ved å bruke setningsstartarar der dei kan fylle inn eitt ord. Dei som er komne litt lenger i skriveutviklinga, kan skrive setningar eller lage ei eiga sommarforteljing.
Utstilling
Les gjerne opp sommarposten elevane har laga, og heng breva og korta fint opp i klasserommet før dei skal sendast til mottakarane.
Lukke til!