Jakob og Neikob
Jakob seier alltid «ja». Neikob seier alltid «nei». Kari Stai har laga mange fine bøker om Jakob og Neikob. Her finn du idear til korleis du kan arbeide med boka, i tillegg til ein animasjonsfilm basert på ein del av første boka om dei to venene.
Du kan lese eller lytte til boka Jakob og Neikob gratis gjennom Sprell-ressursen til Nasjonalt lesesenter.
Idear til korleis du kan arbeide med boka
Å teikne motsetningspar
Illustrasjonane i Jakob og Neikob-bøkene kan inspirere borna til å teikne eigne figurar.
Fargelegg Jakob og Neikob (PDF)
Her kan du skrive ut tre fargeleggingsark med Jakob og Neikob.
Snakkebobler (PDF)
Til fargeleggingsarka kan de velje å skrive ut nokre snakke- og tenkebobler som barna kan velje mellom. Dei kan klippe ut boblene og lime dei på fargeleggingsarka. Det ligg også nokre bobler utan tekst. Her kan barna skrive bokstavar, ord eller setningar som dei sjølv ynskjer.
Når ja vert nei
I boka Jakob og Neikob av Kari Stai seier Neikob nei til alt som Jakob spør om. Jakob lagar ein plan for å få Neikob med på noko fint. Når planen er klar, køyrer han bort til Neikob og spør:
– Hei, Neikob. Du seier vel ikkje nei til ein biltur?
– NEI, svarer Neikob.
Så legg Jakob og Neikob ut på ein biltur. Jakob fortsett å spørje Neikob på same måten og får Neikob til å ete bolle og køyre heilt til Utlandet.
Korleis gjekk dette til? Kva var planen til Jakob, og kvifor fungerer han?
I boka seier Jakob ja til alt. No skal du få prøve å legge ein plan. Korleis kan Neikob få til at det Jakob seier, betyr nei, sjølv om det han seier, er ja?
Ta utgangspunkt i desse setningane frå boka, og leik deg med språket. Korleis må vi spørje Jakob for at det skal bli motsett av slik det er i boka?
- Vil du kjøpe ei tromme?
Døme: Vil du sleppe å kjøpe ei tromme? - Vi må dele huset i to.
Døme: Vil du at huset skal få vere heilt? - Du må ta med deg huset til ein annan stad.
- Kan eg (tjuven) få sitte på til Utlandet?
- Eg vil stele bilen.
- Vil du kjøpe ei lampe?
- Kan eg (krokodilla) få ete dykk?
Leik med ord
Kari Stai leikar med språket på mange måtar. Ho legg til nye ord som «racergir», gir substantivet «Utlandet» ein stor bokstav slik at det blir eit særskilt land, og kva er eigentleg eit «krokodillespråk»? Korleis trur de nei på krokodillespråk høyrest ut? Neikob kan seie NEI på hundrevis av språk, til og med. Kan de seie nei på eit anna språk?
Tunkatten Lurivar
Tunkatten Lurivar er også glad i å leike med ord og setje saman ord til artige, nye ord. Han har ei eiga ordliste med gøye ord: www.tunkatten.no/ordliste.
Kan du klare å lage nokre nye ord? Kanskje du vil sende dei inn til ordlista til Lurivar?
Lurivar har også ein eigen ordsong. Ord! Ord! Ord! Den kan de synge og lytte til i songboka til Lurivar.
Substantiv
Utlandet er ikkje eit nytt ord, men det blir på ein måte eit nytt og ekte land fordi det får ein stor bokstav. Kva er forskjellen på utlandet og Utlandet? La oss sjå litt nærare på substantiv, særnamn og samnamn.
Substantiv er namn på personar, dyr, stader eller ting. Vi seier ofte at substantiv er namn på noko eller nokon.
Særnamn er eit substantiv som vi skriv med stor forbokstav. Særnamn kan vere eit vanskeleg ord. Vi brukar særnamn når det er snakk om særskilde land, personar eller stader. Eit anna ord for særskild kan vere bestemt.
Samnamn er namn på substantiv som er av same sorten. Det er ord vi bruker om mange like ting. Katt er eit samnamn. Alle kattar kan vi kalle katt. Men Prikken er namnet på ein særskild eller bestemt katt. Prikken er eit særnamn.
Kva er forskjellen på substantiva i desse setningane når dei har stor og liten forbokstav?
- Ho tok på seg sekken og gjekk til skulen.
Ho tok på seg sekken og gjekk til Skulen. - Dei likte godt å gå i skogen.
Dei likte godt å gå i Skogen. - I sommar reiser vi til sør.
I sommar reiser vi til Sør.
Analyse
Bøkene om Jakob og Neikob er ganske artige å analysere både visuelt og språkleg, fordi dei er så stiliserte og figurane er veldig karikerte og kontrastfylte.
Visuell analyse av framsida:
Kva er det som gjer at Jakob ser positiv ut?
- Han smiler
- Lua er løfta høgt opp
- Auga er høgt oppe i ansiktet
- Ansiktet er raudt (varm farge)
- Sløyfa trekkjer han nesten oppover
- Lua er oppå toppen
- Det skin ei sol over han
Kva er det som gjer at Neikob ser negativ ut?
- Han har nedovermunn
- Lua er trekt nedover ansiktet
- Auga er langt nede i ansiktet
- Ansiktet er blått (trist og kald farge)
- Slipset dreg han nedover
- Det heng ei tung, grå sky over han
Analyser tjuven midt i boka. Kvifor ser han skummel ut?
Analyser trommseljaren og lampeseljaren i boka. Kvifor ser han pågåande ut?
Analyser krokodilla. Kvifor ser ho farleg ut?
Kva i alle dagar er det som skjer med Jakob i det siste bildet i boka?
Er ja alltid bra og nei alltid dårleg?
Bla dykk gjennom boka og finn stader i boka der Jakob sine «ja» får uheldige konsekvensar. Kva burde han sagt i staden?
Bla dykk gjennom boka og finn stader i boka der Neikob sine «nei» er bra for han sjølv, men dumt for Jakob. Finn de stader der Neikob sine nei er bra for begge to?