Valentinsdag, morsdag og farsdag

Valentinsdagskort1

Valentinsdagen er ein merkedag for kjærleik og romantikk. Valentinsdagen vert feira 14. februar og vert markert ved at ein gir blomar, sjokolade eller kort til ein kjærast eller nokon ein er glad i. Morsdag og farsdag er ein spesiell heidersdag for mødrer og fedrar. Morsdag vert feira den andre søndagen i februar, medan farsdag vert feira den andre søndagen i november. Ikkje alle barn har ei mor eller ein far å gi ei merksemd til. Då kan dei gi denne merksemda til andre dei står nær og er glade i.  

Denne ressursen gir god nynorskopplæring ved å kombinere munnlege, skriftelege, kreative og leikande aktivitetar som styrkjer språklege ferdigheiter. Elevane bruker språket både aktivt, meiningsfullt og i ulike uttrykksformer.

Oppstart

Start undervisningsøkta med leiken «Kari og Knut, siste par ut». Elevane stiller seg opp på rekkje, to og to saman. Éin stiller seg framfor rekkja, med ryggen mot, og ropar: «Siste par ut – Kari og Knut – spring ut». Det paret som står bakarst, spring til kvar si side av rekkja og prøver å møtast framme. Den som ropte skal prøve å ta ein av dei. Klarer roparen det, skal roparen stille seg fremst i rekkja saman med den som vart tatt. Den som ikkje vart tatt, skal ropa i neste runde. Dersom ein ikkje klarer å fange nokon, må ein rope ein gong til. Elevane rykkjer bakover kvar gong det kjem eit nytt par framføre. 

Her finn de ein kort film som forklarer leiken: Kari og Knut

Saga og storm blir ikkje kjaerestar 838x1024

Høgtlesing

Fortsett undervisningsøkta med å lese side 43–48 frå boka Saga og Storm blir ikkje kjærastar!. La elevane samtale om overskrifta og forventingane til utdraget. Les teksten og la elevane samtale om handlinga. Still gjerne nokre undrande spørsmål undervegs eller etter lesing. Til dømes: 

  • Kva er ein kjæraste?
  • Har du høyrt om «gutelus»? Kan du fortelje kva det er?  
  • Kva trur du «det kokar pastavatn inne i meg» tydar?
  • Kva synest du om det Boel har gjort?
  • Korleis trur du det kjennest å vere Saga?
  • Kva trur du Saga synest om Boel?
  • Kven trur du Saga, Boel, Abid og Storm er?
  • Kva no? Kva trur du skjer vidare? 

Førebu klassen på å følgje ein arbeidsplan. Elevane arbeider med oppgåvene i eige tempo. Dei vel sjølve kva rekkjefølgje dei ynskjer å gjere oppgåvene i. 

Dersom de ikkje har tilgang til teksten om Saga og Storm, kan de eventuelt bruke denne koselege teksten frå Den store, stilige Dustefjert-boka av Rune Belsvik, side 319–323. Utdraget finn de på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Den store stilige Dustefjert-boka : ei samlebok om livet i det vesle landet ved bekken 

Aktuelle spørsmål kan vere: 

  • Kva er ein kjærast?
  • Kva fortel dette om korleis Oktava har det: «Ho brukte å halda natta med selskap» og «Ho hadde på seg ein trist parfyme»?
  • Kvifor trur de Oktava har lyst på ein kjærast?
  • Kva tenkjer Oktava er bra med dei ulike mennene ho vurderer å bli kjærast med?
    • Kavringreven
    • Dustefjerten
    • Bollefisen
    • Holesnusken
  • Kva tenkjer Oktava kan vere litt vanskeleg med desse mennene?
    • Kavringreven
    • Dustefjerten
    • Bollefisen
    • Holesnusken
  • Kva råd trur de Berghøna gir henne?
  • Kva råd ville du gitt Oktava?

Arbeidsplan

Skriv og/eller teikn 

Skriv og/eller teikn fortsetjinga av forteljinga. Start gjerne med å lage eit tankekart med idear til kva de trur skjer vidare. Klassen kan anten gjere det saman på tavla eller kvar for seg. Bruk gjerne malen som ligg vedlagd. Under sjølve skrive- og/eller teikneøkta kan elevane også bruke dei andre malane som ligg vedlagde. Dei kan då velje om dei vil skrive og bruke skriveramme, teikne og bruke teikneramma eller skrive og teikne ved å lage ein teikneserie. Tilpass etter behov. Ta utgangspunkt i spørsmålet: Kva trur du skjer vidare? 

Valentinsdagskort2
Valentinsdagskort

Lage kort og/eller medalje 

La elevane velje kven dei vil lage kort og/eller medalje til – det kan vere ein nabo, bestemor, ein omsorgsperson, eit sysken, ein lærar eller ein venn. For å støtte opp under det inkluderande perspektivet kan ein ha ein samtale om:

  • Kven kan vere ein omsorgsperson?
  • Korleis kan vi vise at vi bryr oss om nokon? 

Materiale: 

  • Kvite A4-ark
  • Farga ark, gjerne raude og rosa
  • Lim
  • Blyant, viskelêr og fargestiftarMedaljane kan henge i ei snor av til dømes silkeband eller lagast som ei brosje med sikringsnål. Elevane kan også pynte med glitter, klistremerke, teikningar etc. og skrive fine helsingar. 
Valentinsdagsmedaljar
Medaljar

Arbeidsark

Del ut aktuelle arbeidsark til elevane (dei har litt ulik vanskegrad) eller sorter dei slik at elevane kan hente sjølve. Elevane arbeider med arbeidsarka og leverer inn til læraren når dei er ferdige. Sjå vedlegg.

Avslutning

Avslutt undervisningsøkta med å danse polka! Start med «Vårdalshusk». Elevane skal danse saman to og to. Sjå filmen og øv på dansen saman. https://www.folkepedia.no/dansevideoar/vrdalhusk

Deretter kan de prøve ut polkavariasjonen «Fingerpolka». Elevane får byte partnar ofte. Sjå filmen og øv på dansen saman. https://www.folkepedia.no/dansevideoar/fingerpolka-fr-ljrdalen

Bøker som passar til temaet

  • Rune Belsvik: Verdas mest forelska par (6–9 år)
  • Veronika Erstad og Ella Okstad: Saga og Storm blir ikkje kjærastar (6–9 år)
  • Erna Osland og Stina Langlo Ørdal: Kyss ein bokstav (6–9 år)
  • Erna Osland og Camilla Engman: Du og eg (3–9 år)
  • Ruth Lillegraven: Eg er eg er eg er (9–12 år) Dikt for barn:  «Alle gutane» s. 9 og «Kjærleik» s. 23