Velkomen til språkdebatt!
Å reflektere over statusen til språka i Noreg er ei viktig målsetting for elevane. Ved å førebu og gjennomføre eit rollespel der elevane får utdelt ulike roller, får elevane kunnskap om ulike synspunkt om språksituasjonen i Noreg i dag.
Scenen for rollespelet er det fiktive debattprogrammet Mangfald! Målet med debatten er todelt, for det fyrste så skal debattantane diskutere kva dei synest om at alle elevar i norsk skule må lære seg to skriftspråk, nynorsk og bokmål. Debatten skal også handle om kvifor språk speler ei så viktig rolle i kulturen vår, og korleis vi best kan ta vare på nynorsk som eit mindretalsspråk.
Øving i perspektivtaking og argumentasjon
Mange ungdomar har sterke meiningar om nynorsk, men synspunkta dei fremjar, blir ikkje alltid like godt grunngjevne. Gjennom dette rollespelet får elevane arbeide systematisk med å formidle eit tildelt perspektiv i språkdebatten. Nettopp denne perspektivtakinga kan gjere at elevane utviklar ei breiare og betre forståing for kvifor språkmangfaldet i Noreg er viktig.
Perspektivtaking blir gjerne sett på som ein føresetnad for god argumentasjon. I retorisk teori (Kjeldsen, 2015) blir det lagt vekt på at kommunikasjon alltid skjer i møte med andre. Å uttrykkje seg handlar om å kunne utvikle eigne standpunkt, men ein må også forstå korleis eigne synspunkt verkar i møte med andre. Målet er at elevane gjennom opplæringa skal få eit breitt og kunnskapsbasert grunnlag for å kunne uttrykkje synspunkta sine om språk på ein god måte. Til det trengst det øving.
Her finn du ein ferdig presentasjon som gjer det enkelt å gå gjennom oppgåva med elevane.
Rollelista for sjølve debatten er som følgjer:
- Ein representant frå Språkrådet.
- To representantar frå Noregs mållag.
- To representantar frå Riksmålsforbundet.
- Ein nynorskbrukar frå Time kommune i Rogaland.
- Ein nynorskbrukar frå tettstaden Sandane i Gloppen kommune, Vestland.
- Ein nynorskbrukar frå Våga kommune i Innlandet.
- Ein politisk representant frå FrP.
- Ein politisk representant frå SV.
- Ein politisk representant frå Høgre.
- Ein politisk representant frå Venstre.
- Ein bokmålselev frå Alta kommune, Finnmark fylke.
- Ein bokmålselev frå Trondheim kommune, Trøndelag fylke.
- Ein bokmålselev frå Ski kommune, Akershus fylke.
I tillegg til desse rolleinnehavarane må debatten ha ein programleiar.
Utfylte rollekort med skildringar av rolleoppgåvene finn de her: Rollekort for språkdebatt (pdf)
Det er eit viktig krav til oppgåva at elevane førebur seg skriftleg gjennom å skrive eit manus.
Øving gjer talemeister!
Gjer rollespelet til ei viktig munnleg øving, og be elevane førebu seg og arbeide godt med formuleringar og motsvar. Lever ut dette arbeidsarket med setningsstartarar som dei kan bruke under debatten. Snakk også saman om kva som gjer ein debatt god, og kva som kjenneteiknar god samtaleskikk.
Tips: La ein eller fleire av elevane få ansvaret med å lage ein introduksjonsmelodi og eit bakgrunnsbilete til debatten. Oppmod elevane til å kle seg ut og leve seg inn i rolla. Avtal om de vil filme debatten.
Til læraren: Om de gjennomfører to debattar i klasserommet, får alle elevane ta del i samtalen. Om det ikkje let seg gjennomføre, kan du tildele somme elevar film- og redigeringsansvar, pr-ansvar for debatten, osb. Eit tredje alternativ er å dele ut rollekort til alle elevane, slik at alle førebur seg skriftleg, men at de blir samde om kven av elevane som skal gjennomføre debatten munnleg i klasserommet.
Drøftingsoppgåve
Etter at elevane har arbeidd med rollespelet, har dei opparbeidd seg kunnskap om temaet. Då er det viktig at dei får vise fram kva dei kan, i ein ny kontekst gjennom ei skriveoppgåve.
Skriveoppgåva er som følgjer:
Skriv ein drøftande tekst der du gjer greie for ulike synspunkt om dei offisielle språka nynorsk og bokmål. I teksten må også den historiske bakgrunnen for språka kome fram.
Til læraren: Støttestrukturar i skrivinga
- Skriveramme for drøftande tekst (docx)
- Frasesamling på nynorsk (docx)
Litteratur
- Kjeldsen, J. E. (2015). Retorikk i vår tid. Oslo: Spartacus.
- Kjeldsen, J. E. (2013). Retorisk dannelse – hva du ikke visste du burde vite om verdens eldste kommunikasjonslære. Norsk medietidsskrift, 20(1), 71–80.