• Blogg
  • «Gule lappar», sjølvkjensle og psykisk helse

«Gule lappar», sjølvkjensle og psykisk helse

19.04.2022

Gule lappar Ingvild til nettside

Ingvild Fredly Hasle arbeider som lærar på ein barneskule. Ein tidlegare kollega introduserte henne for ein aktivitet som vart kalla «gule lappar», og denne aktiviteten har Ingvild teke med seg til skulen ho er på i dag.

Tekst: Irene Åbrekk Kalvatn

I fleire år har ho gjennomført aktiviteten med elevane, og ho har gode erfaringar med det. Aktiviteten er enkel å gjennomføre og tek lite tid å førebu. I tillegg kan han knytast opp mot det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring i LK20.

– Fleire kollegaer har teke i bruk aktiviteten i sine klasser, fortel Ingvild.

Dette er eit godt teikn, og vi har derfor bede Ingvild fortelje litt om bakgrunnen for aktiviteten, målet med aktiviteten og erfaringar ho har gjort seg.

Målet med aktiviteten

Målet med aktiviteten er å skape gode relasjonar mellom elevane, skape gode sjølvbilete, og å øve opp evna til å seie/skrive fine ting til og om andre.

    Kort om aktiviteten

    • Læraren skriv namnet på alle elevane i klassen på gule post-it-lappar, eit namn på kvar lapp på den sida limet er. Lappane vert hengde opp på tavla slik at ingen av namna viser.
    • Elevane kjem fram til tavla og trekkjer ein lapp, og så går dei tilbake til pulten sin der dei skriv ei fin helsing til personen på lappen. Dersom ein elev trekkjer lappen med sitt eige namn, får han trekkje ein ny.
    • Når elevane er ferdige med å skrive, heng dei lappane tilbake på tavla. Læraren les over alt som er skrive, og passar på at det berre er positive meldingar.
    • Ved slutten av timen/dagen får elevane med seg sin lapp heim.

    Døme på ei helsing
    «Eg liker å gå i klasse med deg. Du er flink i kanonball. God helg!» (Elevane skal ikkje skrive kven helsinga er frå.)

    – Kor lang tid tek det, og har du tips om når det er lurt å gjennomføre aktiviteten?

    – Aktiviteten tek om lag 15 minutt å gjennomføre, og eg brukar å gjere det kvar fredag. Då får elevane med seg lappen heim før dei tek helg. Då sørgjer eg (forhåpentlegvis) for at alle går heim frå skulen med ei god kjensle denne dagen.

    Korleis opplever elevane aktiviteten?

    – I klassene eg har brukt aktiviteten, har dette blitt ein fin rutine som elevane spør etter viss han av ulike grunnar blir utelaten ein fredag. Eg ser at elevane med tida blir betre til å skrive fine og lengre helsingar, og ikkje berre «du er kul», fordi dei opplever at det er slike helsingar det er kjekt å få.

    – Korleis sikrar du at alle elevane berre får positive tilbakemeldingar?

    – Eg les alltid over alle lappane før dei blir delte ut. Dei første gongane eg gjennomfører aktiviteten, er eg tydeleg på at viss det står noko negativt på ein lapp, så blir alle lappane kasta og ingen får sjå kva som står på dei.

    – Kva utfordringar har du møtt med aktiviteten, og korleis har du eventuelt løyst dei?

    – Det kan vere nokre elevar som synest det er vanskeleg å skrive fine ting til andre. Det kan også vere elevar som trekkjer ein elev som dei kanskje ikkje liker. Eg har fleire gonger opplevd at elevar ikkje ønskjer å skrive til andre. Då må læraren hjelpe elevane til å kome på fine ting, og kanskje vere sekretær. Viss ikkje dette går, så må lærar sjølv, på ein diskret måte, sørgje for at alle får utdelt ein lapp med ei fin helsing på.

    Merkar de som lærarar at aktiviteten har noko å seie for klassemiljøet?
    – Eg trur alle elevar med jamne mellomrom treng å høyre positive ting om seg sjølv. Ikkje berre frå vaksne, men også frå jamaldringar. Dette er ein fin måte å få det til på. Gode sjølvbilete fører til trygge barn, som igjen fører til betre klassemiljø.

    Som ein elev seier:
    – Eg likar «gule lappar». Det er spennande å sjå kva som bli skrive på lappen min, og det er spennande å sjå kven sin lapp eg trekkjer og skal skrive fine ting til.

    Tips til gjennomføring av aktiviteten:

    • Ver tydeleg på at det berre er lov å skrive positive ting.
    • Modeller gjerne kva elevane kan skrive dei første gongane. I alle fall med dei yngste elevane.
    • Stå ved tavla når elevane trekkjer lappar. Slik kan du passe på at ingen elevar byter lapp viss dei får ein person dei «ikkje vil ha».
    • Ikkje tillat byting av lappar. Det er berre lov å trekkje ny lapp viss eleven trekkjer sitt eige namn.
    Bilete ein redigert gul lapp til nettside 1