• Blogg
  • Harald Nortun vann Nynorsk barnelitteraturpris 2020

Harald Nortun vann Nynorsk barnelitteraturpris 2020

11.06.2021

Harald Nortun til nettside

Forfattar Harald Nortun fekk prisen for boka Spådama i 7B under Dei nynorske festspela.

Foto: Jorid Saure

Her er uttalen frå juryen:
Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2020 har skrive ei bok som handlar om Nina som startar på ny skule for fjerde gong. På grunn av nokre tilfeldige hendingar byrjar rykta å gå om at Nina er synsk. Ho får tilnamnet «spådama i 7B», og vips har ho blitt den største kjendisen på skulen.

Vinnarboka er medrivande frå fyrste stund. Lesaren blir dregen inn i forteljinga og lever seg inn i situasjonen til hovudpersonen. Språket er lett og har fin flyt, og spenninga held seg oppe gjennom heile boka. Dette skapar godt driv i boka, tenner leselysta og gjer lesaren nysgjerrig. Heile tida har du lyst til lese vidare for å finne ut korleis i all verda Nina skal greie å kome ut av uføret ho har hamna i, og fri seg frå rolla som spådame med æra i behald.

Boka er realistisk og truverdig om korleis ei tilfeldig hending kan få store konsekvensar og føre til vanskar og forviklingar. Det er ei god blanding av humor og alvor om eit emne som ikkje så ofte blir behandla i bøker for barn og ungdom. Ein ser kor lett det er både for barn og vaksne å bli lurte når spådommar stemmer. Boka set tankane i sving rundt temaet overnaturlege evner og er ei bok som lesaren har med seg vidare.

Forteljinga er levande fortalt. Forfattaren skriv på ein slik måte at lesaren skapar seg sine eigne bilde i hovudet. Det blir mest som ein film ut av denne historia.
Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2020 er Harald Nortun for boka Spådama i 7B.
Juryen gratulerer og håpar at prisen vil føre til at boka får stor merksemd, mange lesarar og fornya lyst hjå forfattaren til å skrive gode bøker for barn og ungdom.

Per Roger Sandvik, Ingrid Rogne og Rita Mundal var med i juryen.

Les bokomtale på Nynorskbok.no.

Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 5–12)