• Blogg
  • Ytring: Heilskapleg seksualitetsundervisning på nynorsk

Ytring: Heilskapleg seksualitetsundervisning på nynorsk

18.01.2022

Adele til nettside

Kvifor skal norske elevar lære om seksualitet i skulen, og kvifor bør denne undervisninga vere tilgjengeleg på nynorsk? Du tenker kanskje at desse to tinga, seksualitetsundervisning og nynorsk, ikkje automatisk heng saman. Men det er ikkje tilfeldig at vi i Sex og Politikk alltid passar på å ha seksualitetsundervisningsmateriellet vårt tilgjengeleg på nynorsk.

Tekst: Adele Straumsnes, organisasjonen Sex og Politikk

Seksualitet er både ein del av helsa og identiteten. Alle norske skuleelevar har eit sett seksuelle rettar som myndigheitene er plikta til å følgje opp. Omgrepet seksuelle rettar er knytt til menneskerettar som tek vare på seksuell og reproduktiv helse. Du kan lese meir om dette temaet i Snakk om det!, som er den førre regjeringa sin strategi for seksuell helse. Blant anna vert rettane til likskap, likebehandling, informasjon og utdanning nemnde. Desse rettane er det naturleg at skulen har ansvaret for å sikre. Retten til informasjon og utdanning når det kjem til seksualitet, vert sikra gjennom seksualitetsundervisning, og det er sjølvsagt at skulen då tek vare på retten elevane har til likskap og likebehandling.

Her er det to ting som er viktig: For det første må seksualitetsundervisninga vere heilskapleg, og for det andre må ho vere lik for alle. Dette betyr at elevane må lære om meir enn berre forplantning, seksuelt overførbare infeksjonar og graviditet. Dei må også lære om det relasjonelle ved seksualitet – om kjensler, mangfald, kjønn, seksuell orientering, forventningar og grensesetting. Det betyr også at seksualitetsundervisninga må byrje allereie i barnehagen og vere gjennomgåande gjennom heile skuleløpet, til og med vidaregåande. Gjennom å sikre eit slikt tilbod forbetrar vi skulekvardagen til enkeltelevane gjennom å gjere dei tryggare på seg sjølve. Dei lærer å setje eigne grenser, forstå og respektere andre sine, og samstundes blir dei førebudde på livet – såkalla livsmeistring.

Sist, men ikkje minst betyr det at seksualitetsundervisninga må vere standardisert landet over – noko som ikkje er tilfelle i dag. Det er noko vi i Sex og Politikk forsøker å gjere noko med gjennom arbeidet vårt.

Kven er Sex og Politikk og kva arbeider vi for?

Sex og Politikk er ein ideell, partipolitisk og religiøst uavhengig organisasjon som arbeider for å sikre og forbetre folks seksuelle og reproduktive helse og rettar, både i Noreg og internasjonalt. Eit av dei viktigaste og mest sentrale ledda i arbeidet vårt er å produsere gratis digitalt seksualitetsundervisningsmateriell til skulane. På nettsidene våre tilbyr vi alderstilpassa seksualitetsundervisningsmateriell frå og med 1. trinn til utgangen av vidaregåande skule. Materiellet er tilgjengeleg på nynorsk, bokmål og samisk.

Materiellet for grunnskulen, Veke 6, hadde tiårsjubileum førre skuleår. Over halvparten av skulane landet over var påmelde, og det vart undervist i seksualitet til over 240 000 skuleelevar.

Veke 6 er i byrjinga av februar. I år heiter Veke 6-kampanjen #Verdifull – akkurat som du er, og består av alderstilpassa PowerPointar, kvissar og oppgåver der tematikken er at vi alle er forskjellige, men like verdifulle. I tillegg planlegg vi å halde ein workshop på Høgskulen i Volda onsdag 2. februar. Workshopen er open og gratis for alle som jobbar med tematikken, og som vil bli betre på heilskapleg seksualitetsundervisning. Du kan lese meir og melde deg på via dette skjemaet: Microsoft Forms

Veke 16, materiellet til vidaregåande, hadde noregspremiere i haust, og er om mogleg det einaste seksualitetsundervisningsmateriellet som rettar seg mot vidaregåande spesifikt. På sikt ønskjer vi at Veke 16 skal verte like populært som Veke 6.

Veke 6 og Veke 16 er positivt, heilskapleg og normkritisk undervisningsmateriell. Det vert oppdatert jamleg for å sikre at det både er relevant for læreplanen og, ikkje minst, for liva til elevane. Nettopp derfor er det også viktig å tilby denne undervisninga på hjartespråket til elevane. Då når vi inn til dei.

Kvifor seksualitetsundervisning på nynorsk?

Nynorskundervisning og seksualitetsundervisning har eitt viktig fellestrekk: Det er eigentleg ingen som tek ansvar for å sikre at ho er tilstrekkeleg i den norske skulen. Når det kjem til nynorsk, finst det forskrifter som skal sikre eit godt og tilstrekkeleg tilbod for nynorskbrukarar, men vi veit at det i praksis ikkje vert dekt. Det har kome fram at nynorskelevane ikkje får eit fullverdig læremiddeltilbod på eiga målform, og at dette gjeld spesielt for dei digitale læremidla, som er ein stadig meir sentral del av skulekvardagen til elevane. Problemet gjeld i stor grad for samisk også, der læremidla ein har tilgjengelege, gjerne er svært gamle og utdaterte.

Seksualitetsundervisninga er også vilkårleg i form av at det er opp til den enkelte læraren korleis ho skal sjå ut i praksis. Det er ikkje eit eige fag, men skal gå inn i diverse fag gjennom kompetansemål og det tverrfaglege temaet Folkehelse og livsmeistring. Dessverre veit vi at ho vert nedprioritert, og når elevane endeleg får seksualitetsundervisning, er ho gjerne majoritetsorientert i staden for heilskapleg.

Slik situasjonen er i dag, vert ikkje rettane til elevane til likskap og utdanning tilstrekkeleg oppfylte i den norske skulen, verken når det kjem til seksualitet eller språkbruk. For å sikre eit tilstrekkeleg landsdekkande tilbod er det derfor viktig at seksualitetsundervisninga vert standardisert, at ho vert prioritert av politikarar og skuleleiinga, og – sjølvsagt – at undervisningsmateriellet er tilgjengeleg på nynorsk.