• Blogg
  • – Ikkje vent med sidemålet

– Ikkje vent med sidemålet

13.04.2018

Magritt

– Det dummaste ein norsklærar kan gjere, er å vente med sidemålet til 9. klasse.

Det seier Magritt Jarlsdotter Grimstad ved Kolvikbakken Ungdomsskole i Ålesund.  Skulen har hatt fleire samarbeidsprosjekt med Nynorsksenteret for å auke elevane sin kompetanse i nynorsk, og resultatet har vore svært positivt. Lærarar med fleire års erfaring ser ei nivåheving og ei haldningsendring til nynorsk.

Tekst: Rune Rustestuen Aarhus

Enkel, men tydeleg plan

Då norsklærarane på skulen skulle lage sin interne plan for norskfaget, reiste dei på hyttetur. Tre grupper skulle lage planar for nynorsk, bokmål og munnleg norsk.

 – Når det gjeld nynorskplanen, kom vi fram til tre punkt som vi la til grunn: Vi skal ha nynorsk lærebok i eit anna fag enn norsk, vi skal ha nynorsklekse kvar dag og vi skal få til eit besøk på Ivar Aasen-tunet, forklarar Grimstad.  

Kvar einskild lærar kan leggje opp undervisninga på sin måte, men med dei same kompetansemåla som grunnlag.  

 –  Det å ha ein plan som alle lærarane har blitt samde om, forpliktar oss til å følgje han. Planen fungerer som ei kvalitetssikring og som eit hjelpemiddel for nye lærarar.

 –  Men den viktigaste erfaringa eg har gjort når det gjeld sidemål, er at ein må starte tidleg.

Minst motivert

–  I løpet av 10 års skulegang er det eitt år der eg opplever at elevane har mindre motivasjon, nemleg 9. klasse. Når elevane startar på ungdomsskulen, er dei nysgjerrige og lærevillige. Dei skal ha nye fag, møte nye elevar og lærarar, og få karakterar for første gong. Mange lærarar tenkjer at det er så mykje nytt for elevane og at det derfor er lurt å vente med sidemålet. Ikkje gjer det! Eg meiner at det er heilt naturleg at vi i norskfaget introduserer alle faga som skal karaktersetjast, med ein gong, seier Grimstad.

Badar i nynorsk

Skulen har hatt nynorsk lærebok i KRLE eller i samfunnsfag i 10 år.

–  Når alle 400 elevane har det, vert det ingen spørsmål rundt det. Fleire var skeptiske når vi starta med det, men det viser seg at elevane jamt over er like gode, eller betre, i fagstoffet.

Grimstad peikar på fleire positive effektar av dette, mellom anna at terskelen for å spørje om kva eit ord betyr, vert lågare.

– Ofte spør dei om ord eller uttrykk som dei trur er frå nynorsk, som til dømes metaforen «å gå til grunne». Fordi fleire trudde dette var eit ukjent nynorsk uttrykk, fekk vi ein diskusjon rundt det.

– Etter mi meining er det dette som skal til, ein må bade i språket for å bli god. Det handlar om å møte nynorsken dagleg, seier Grimstad som legg til at ho ikkje er heilt nøgd med omsetjingane frå forlaga.

– Eg skulle gjerne sett eit meir modernisert nynorsk språk i nokre av lærebøkene.

Lette lekser

Mange har med seg ei oppfatning heimanfrå om at nynorsk er vanskeleg. Grimstad meiner det er viktig at elevane får erfare at dette ikkje er tilfelle.

– Nynorskleksene vi startar med i 8. klasse, er ikkje så omfattande, det er nok med små drypp kvar veke. Spørjeorda er naturleg å starte med. Eller enkel verb-bøying. Det viktigaste er det ikkje skal vere for vanskeleg i starten. Seinare kan dei få i oppgåve å finne ut noko om kjende personar, gjerne forfattarar, som er nynorskbrukarar.

Grimstad fortel at når elevane skriv på skulen, jobbar dei som regel med ein læringspartnar.

– Ofte startar vi med 5 minutt tankeskriving, før dei les høgt til ein klassekamerat. Så gir dei respons til kvarandre, gjerne ut frå eit spørsmål eg har gitt. Når ein tekst er ferdig, ser vi på språket. Då samanliknar elevane korleis dei har skrive ulike ord, og gir poeng for alle orda som er rett, ikkje trekk for dei som er feil.

– Ein metode eg har brukt, er at elevane skriv inn teksten på PC-en med retteprogram på bokmål og endrar til nynorsk når teksten er ferdig. Dette er ein fin måte å synleggjere skilnaden på dei to målformene.  

Haldningsendring

Camilla Rønstad og Oda Åsen Kjerstad går siste året på Kolvikbakken Ungdomsskole. Begge to har bytta til nynorsk som skriftspråk i løpet av dei tre åra på skulen.

– For meg var nynorsk ar-endingar og «eg» då eg starta i 8. klasse. No skriv eg nynorsk i alle samanhengar fordi eg synest det er meir naturleg og eg opplever språket som meir levande. Eg trur mykje av grunnen er at eg har hatt nynorske lærebøker i fag som eg likar. Slik vert språket knytt opp mot noko positivt, seier Rønstad.

– Eg vert meir fokusert når eg les fagstoff på nynorsk. Når eg må konsentrere meg om visse ord som eg er usikker på, får eg samtidig med meg meir av innhaldet, seier Kjerstad.

– Eg opplever at haldningane til nynorsk har endra seg mykje på dei 17 åra eg har jobba her. Det viser kor viktig det er å starte tidleg med sidemålet og ikkje minst det å ha ein plan som alle lærarane er samde om, avsluttar Grimstad.