• Blogg
  • Ytring: Kan ord vera naturstridige?

Ytring: Kan ord vera naturstridige?

16.02.2018

Kristin Fridtun 2

Av Kristin Fridtun, forfattar og språkvitar

Folk seier stundom at det er unaturleg for dei å ordleggja seg slik eller slik. Me skjønar kva dei meiner, men er unaturleg det rette ordet å bruka? Og kvifor synest me at nokre ord er lette å seia, medan andre er så ugreie at me må konsentrera oss når me skal bruka dei?

Sambandet mellom oss menneske og språket er så tett at me ofte slit med å skilja det eine frå det andre. Når ein person talar på ein annan måte enn me er vane med, stussar me og tykkjer kanskje at personen ikkje læt som seg sjølv. Eller ta haldninga vår til ulike typar språk og språkbruk: Ho er som regel sterkt farga av personane som brukar språket. Former som je og itte er ikkje «trauste» eller «trivelege» i seg sjølv, og formasolen er ikkje «penare» enn sola. Det er førestillinga vår om språkbrukarane som har smitta over på språket dei talar.

Men samanblandinga stoggar ikkje der. Ein del språkbrukarar strevar òg med å skilja mellom det som kjennest rett for dei sjølve, og det som kjennest rett for andre. Jamt og samt høyrer me språkdebattantar som okkar seg og slår fast at slik og slik språkbruk er unaturleg. Men det dei eigentleg seier då, er: «Dette er i strid med min natur!»

Korleis blir ein slik natur til? Kvifor tykkjer me at nokre former, ord og vendingar fell naturleg, medan andre ter seg som framandelement i munnhola?

Det vert for lett å seia at det berre har med natur å gjera, for «språknaturen» tillèt overraskande mykje rart. Nokre språk har ikkje grammatisk kjønn i det heile, og språkbrukarane nyttar då det same pronomenet om menn og kvinner. Det best kjende dømet er finsk hän (tredje person eintal). Å bruka eit pronomen som viser til ein person utan at det seier noko om kjønnet på personen, er såleis heilt naturleg: For den menneskelege språkevna er slik pronomenbruk uproblematisk.

Det er sjølvsagt skilnad på dei som har grammatisk kjønn i fyrstespråket sitt, og dei som ikkje har det. Å bruka hen i norsk er noko anna enn å bruka hän i finsk. Men poenget er at ordet unaturleg effektivt viskar ut viktige nyansar og framstiller språket som mindre mangfaldig og tøyeleg enn det i røynda er.

Me skal òg akta oss for å hamna i motsett ende og seia at språk berre har med vane å gjera. Noko av det mest fengslande ved språkevna vår er at me lett kan laga og forstå uvanlege konstruksjonar, altså konstruksjonar som me sjeldan eller aldri har vore borti tidlegare. Som denne setninga: Den rosa apekatten stupte kråke gjennom kjøpesenteret med ein tusjdings bak øyra. Denne setninga, og ordet tusjdings, har du nok ikkje støytt på før. Setninga er slik sett uvan, men ho er ikkje unaturleg. Eller kva?

Ofte ligg det både språklege, psykologiske, sosiale og personlege årsaker til grunn for kjensla vår av kva som er naturleg. Dersom du har eit ord eller ordlag du har nytta lenge, som det gjev deg glede å nytta, og som folk du er knytt til, òg brukar – ja, då kan det kjennast heilt umogleg å skulla slutta å bruka det.

Ofte treng me ikkje slutta å bruka det heller. Ordlaget «me/vi sjåast» er særs vanleg, og språkbrukarar flest oppfattar det som grammatisk akseptabelt og fullt brukande. Akseptabelt og brukande er det, men ordlaget er likevel ikkje korrekt, for rettskrivingsreglane seier at det heiter «me/vi sest». Det er fordi sest er presensforma av verbet, medan sjåast er infinitivsforma. «Me sest» tyder ‘me ser kvarandre’. «Me sjåast» tyder – strengt teke – ‘me sjå kvarandre’. Men kva gjer vel det, tenkjer du kanskje, når «me sest» læt heilt merkeleg?

Dei av oss som ikkje er pålagde å fylgja rettskrivinga i jobbsamanheng og elles, kan fint halda fram med å seia og skriva «me/vi sjåast». Mange gjer det. Andre, som ikkje har like sterke band til ordlaget, heller tenkjer: Oi, dette visste eg ikkje, frå no skal eg bruka sest i staden!

Og så skal me ikkje gløyma at språklege omstillingar ofte går lettare og fortare enn me det trur på førehand. Då arbeidet med å med å endra kjønnsdiskriminerande språkbruk tok til på 1970-talet, vart det låtteleggjort og framstilt som eit umogleg prosjekt. Men sanneleg: Nokre tiår seinare var ord som stortingsmannkontordamepostmann og vaskekjerring utbytt med stortingsrepresentantsekretærpostbod og reinhaldar.

Akkurat når det gjeld personnemningar, er det bryet verdt å skuva sin eigen «natur» til sides og ordleggja seg omsynsfullt – så får heller «me sest» sigla sin eigen sjø.