• Blogg
  • Korleis bør den nye opplæringslova vere?

Korleis bør den nye opplæringslova vere?

01.12.2021

Skulegut

Den nye opplæringslova kjem til å ha mykje å seie for korleis kvardagen til elevar med nynorsk som hovudmål vert. Her kan de lese høyringssvaret som Nynorsksenteret no har levert til utkastet til ny opplæringslov.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har som oppdrag m.a. «å bidra til økt kvalitet i arbeidet med nynorsk i barnehagen og grunnopplæringen» (frå tildelingsbrevet til Høgskulen i Volda). Dette perspektivet er utgangspunktet for høyringsuttalen vår til utkastet til ny opplæringslov.

Dei tre viktigaste poenga våre er knytte til §§ 15-3 og 15-4 og kan oppsummerast slik:

  • Definisjonane av læremiddel og læringsressursar må vere tilpassa dagens bruk av digitale plattformer og læringsverktøy i undervisinga.
  • Kravet om parallellversjonar må ikkje innehalde smotthol som undergrev nynorskelevane sine språklege rettar.
  • Dagens desentraliserte ordning for innkjøp og bruk av læremiddel og læringsressursar er prega av ansvarspulverisering og ansvarsfråskriving. Sentrale utdanningsstyresmakter må difor føre tettare tilsyn med at lover og læreplanar blir følgde. Det må etablerast ordningar som sikrar betre at det finst kvalitetssikra nynorskversjonar av dei læringsverktøya som blir brukte i skulen.

Vi har også nokre merknader til andre deler av lovutkastet. Dei gjeld språk i læremidla i norskfaget (§ 15-3) og generelt i barneskulen (§ 3-1), om skulebibliotek (§ 15-5) og om ordninga for karaktervurdering i sidemål (§ 3-1).

Først ein overordna kommentar til §§ 3-1 og 6-1, der det er understreka at «[e]levane skal ha opplæring i begge dei norske skriftspråka». Dette går klart fram av dei nye læreplanane (LK20), men det er bra at denne formuleringa også er tydeleg framheva i desse paragrafane som handlar om val av skriftspråk og språkrettar.

Læremiddel og læringsressursar

Det er ein tydeleg tendens at dei som utviklar læremiddel, no utnyttar skilnaden mellom «læremiddel» og «læringsressursar» til å omgå parallellitetskravet. Dette meiner vi lovteksten må forhindre ved å inkludere «læringsressursar utvikla til bruk i skolen» i parallellitetskravet. Dette tillèt at ein som før kan bruke bakgrunns- og kjeldestoff på både bokmål og nynorsk, men gjer at dei ressursane som til dømes er spesifikt utvikla av læremiddelprodusentar for bruk i skulen, må finnast på båe skriftspråk til same tid og pris.

I tillegg meiner vi at læringsplattformer må inkluderast i parallellitetskravet. Læringsplattformer er eit grunnleggjande arbeidsverktøy og det sentrale arbeidsmiljøet for norske skuleelevar, og dei er utvikla for bruk i skulen. Det bør difor vere eit krav at dei finst på både nynorsk og bokmål.

Framlegg til endring i lovteksten:

§15-3, andre avsnitt, andre setning. Endre til:

«Krava gjeld for læremiddel som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget, samt læringsplattformer og læringsressursar utvikla til bruk i skolen.»

Endre § 15-3, punkt c til «trykte læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del».

Digitale verktøy

Nynorsksenteret støttar departementet sin intensjon i vurderingane kring digitale verktøy, og ser at ein lovtekst som inkluderer alle digitale verktøy i parallellitetskravet, potensielt kan skape andre utfordringar for elevar og skular i nynorskkommunane. Men for å sikre nynorskelevane sine språklege rettar i den digitale skulekvardagen trengst det ein sterkare og meir eintydig lovtekst enn det som er føreslått i § 15-4.

Intensjonen i å definere inn skriveprogram med støtte for bokmål og nynorsk for å kompensere for dette er god, men erfaringa med teknologiprodusentane syner at vi treng ei lovformulering utan smotthol. Særleg er formuleringa «[s]å langt råd er» ubrukeleg som kriterium for å oppnå reell endring på dette området.

Covid-19-pandemien førte til ein eksplosjon i teknologiutviklinga i skulen, då skular over heile verda plutseleg skulle gjennomføre fjernundervising. Dette arbeidet vart leia av dei amerikanske teknologigigantane, som i praksis er umoglege å kome unna for norske skular i dag. Å la dei avgjere sjølve kva som blir tilrettelagt for nynorske brukarar, vil vere det same som å akseptere at lite eller ingenting skjer.

Lovteksten, slik han er framlagd, vil i praksis bety at det blir nynorskkommunane og -fylkeskommunane som må drive kampanje overfor desse selskapa. Det er nynorskelevane – og lærarane deira – som kjenner konsekvensane av dette problemet i kvardagen. Vi minner også om at alle dei som har nynorsk som sidemål, vil ha stor nytte av skriveprogram som støttar nynorsk. Dette er difor viktig for alle elevar i heile landet, ikkje berre i nynorskområde.

Det overordna nasjonale ansvaret for tilgang på eit likeverdig tilbod av kvalitetssikra læremiddel og læringsressursar til alle elevar i Noreg kan ikkje overlatast til lokale lærarar og skuleeigarar. Dette er Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet si oppgåve.

For å sikre nynorskelevane sine sjølvsagde språklege rettar trengst difor ein lovtekst som seier at det blir ulovleg for alle å bruke skriveprogram, læringsplattformer og verktøy for skrive- og lesestøtte som ikkje er tilgjengelege både på bokmål og nynorsk. Dette vil føre til at dei store teknologiprodusentane blir nøydde til å føre inn støtte for nynorsk i skriveprogramma sine for å ikkje risikere å miste heile den norske skulemarknaden.

Framlegg til endring i lovteksten:

§15-4, andre avsnitt. Endre til:

«Skolen skal bruke skriveprogram og læringsplattformer som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving. Dette kravet gjeld også pedagogiske verktøy for lese- og skrivestøtte».

Norskfaget

Formuleringane i lovteksten som regulerer tilhøvet mellom dei norske språka i læremidla for norskfaget, må styrkast. Ein har teke ut følgjande formulering i § 2-5 av eksisterande opplæringslov: «I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet», utan å ha erstatta henne. Ein utilsikta konsekvens av den svært snaue teksten i § 15-3 a kan dermed bli at nynorskelevar risikerer å få læremiddel på bokmål i faget norsk gjennom heile skulegangen. Dette må justerast i den endelege lovteksten.

Departementet skriv i høyringsnotatet: «Departementet mener at det viktigste er at dagens regelverk sikrer at summen av tekstane elevene møter i norskfaget, er godt fordelt mellom bokmål og nynorsk. Dette sikres i dag gjennom læreplanen i norsk.» Vi meiner at dette ikkje er tilstrekkeleg for å sikre nok nynorsktekstar i undervisinga og læremidla. Ei fersk masteroppgåve av Liv Astrid Skåre Langnes ved Nynorsksenteret (https://hdl.handle.net/11250/2780787) syner til dømes at eit stort fleirtal av tekstane i lesebøkene til nynorskelevane i ungdomsskulen er på bokmål. Det er sjølvsagt eit dårleg utgangspunkt for nynorskelevane i eiga hovudmålsopplæring.

Det er godt dokumentert at den trykte læreboka – inkludert tekstsamlingar – framleis har ein sentral plass i norskundervisinga. Det difor svært viktig at skuleeigarane legg press på forlaga slik at dei tilbyr tekstsamlingar med eit stort og godt utval av nynorsktekstar. Dette er særleg viktig for nynorskelevane, men også for bokmålselevane som treng mest mogleg mengdetrening på sidemålet.

Lovteksten bør difor spesifisere at hovudregelen i norskfaget skal vere at alle læremiddel og tekstar brukte i undervisinga skal vere på hovudmålet, og at alle unntak frå den hovudregelen (t.d. i samband med sidemålsopplæringa) skal vere grunngjevne i læreplanmål.

Nynorsk og bokmål er formelt likestilte norske skriftspråk. I praksis er nynorsk mykje mindre brukt enn bokmål i dei språklege omgjevnadane til elevar over heile landet. Også i område der nynorsk er mest vanleg som opplæringsmål. Denne faktiske asymmetrien gir særlege utfordringar for nynorskopplæringa, både for hovudmåls- og sidemålselevane.

Problemstillinga er ikkje tematisert, korkje i læreplanen i norsk (LK20) eller i lovutkastet (§§ 3-1, 6-1 og 15). Kompetansekrava – og rettane – til elevane er dei same, uansett om dei har det eine eller andre norske skriftspråket som hovudmål. Dette gjer det særleg viktig å finne ein ordlyd i § 15 som gir best mogleg vilkår for nynorskopplæring for begge elevgruppene.

Framlegg til endringar i lovteksten:

§ 15-3, punkt a). Endre til:

«I norskfaget skal elevane ha læremiddel på hovudmålet sitt, men med nok tekstar på sidemålet til å at dei kan oppnå kompetansemåla i sidemål.»

Ei slik formulering er «språknøytral», men opnar likevel for at nynorskopplæringa kan prioriterast, både for hovudmåls- og sidemålselevane.

Val av språk i læremiddel

Intensjonen har nok vore god i § 3-1, som seier at foreldre har rett til å velje språk i læremiddel på barneskulen. Men dei praktiske konsekvensane av ein slik lovtekst er svært uheldig i skulane, særleg i norskfaget. Desse elevane kan ikkje velje eit anna hovudmål enn skulen, og dermed blir det nesten umogleg for lærarane å gjennomføre god norskopplæring, dersom elevane skal nytte norskbøker på eit anna språk enn hovudmålet.

Framlegg til endring i lovteksten:
§3-1, andre avsnitt, andre setning. Endre til:

«Foreldra til elevane vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. I norskfaget skal eleven ha læremiddel på hovudmålet.»

Skulebibliotek

Nynorsksenteret meiner at formuleringa om skulebibliotek i §15-5 i lovforslaget er betre enn utkastet i NOU 2019: 23. Men vi meiner det på ein eller annan måte, anten i lova eller ei forskrift, bør spesifiserast at eit bibliotek som er særskilt tilrettelagt for skulen, også tek omsyn til hovudmålet elevane ved skulen har. Dette vil gjere at utvalet av bøker på nynorsk blir betre enn i dag. Dette er særleg viktig for elevar med nynorsk som hovudmål.

Fritak for vurdering med karakter i skriftleg sidemål

Mange tilbakemeldingar frå skular og lærarar i bokmålsområde tyder på at praktiseringa av dagens reglar for opplæring og vurdering i sidemålet ikkje er så streng som §3-19 i gjeldande forskrift legg til grunn. Det er også ei utbreidd oppfatning at fritak frå vurdering er det same som fritak frå opplæring.

I første avsnittet i § 3-1 er reglane for fritak for opplæring i det eine norske skriftspråket omtala. Grunnlaget for fritak for vurdering er ikkje nemnt. Dette reknar vi med skal regulerast i ei eiga forskrift, eller i eit tillegg i sjølve lova.

For å sikre at fritaksordninga blir praktisert etter intensjonen, må det gå tydleg fram i den nye lova (eller i tilhøyrande forskrift) at eit eventuelt fritak frå vurdering med eigen sidemålskarakter ikkje betyr fritak frå undervisinga.

Kva som er «dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon» må også presiserast, og det må inn i lova/forskrifta at det trengst ei sakkunnig vurdering for å få fritak. Det er viktig at «avgjerda er eit enkeltvedtak», og kven som skal fatte vedtaket, blir med vidare.

Læremiddel i private grunnskular

Krava om ordlister og nynorske læremiddel, slik dei står i § 15-3 og 15-4, bør vere inkluderte i krava som gjeld private grunnskular, og dermed vere lista opp i § 22-2.

Kontaktpersonar ved Nynorsksenteret

Senterleiar Torgeir Parr Dimmen
torgeir@nynorsksenteret.no

Høgskulelektor Arild Torvund Olsen
arild@nynorsksenteret.no

Stavekontroll RGB til nettside
Illustrasjon: Nynorsksenteret