• Blogg
  • Korleis lage ein felles leseplan? 

Korleis lage ein felles leseplan? 

01.06.2023

Leseplan nytt foto torsdag 1 juni

Frå venstre: Rådgivar Toril Margrete Romestrand Hjelle frå Høgskulen i Volda, rektor Synnøve Haug ved Ulstein skule, lærar Maria Myrene Vågsæter ved Ulstein skule og høgskulelektor Liv Kristin Bjørlykke frå Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. (Foto: Ingvild Myklebust Hovden)

Tre kommunar samarbeider med Høgskulen i Volda om å lage ein felles leseplan for grunnskulane. No skal planen takast i bruk i skulane.

Kommunane Ulstein, Herøy og Sande arbeider med eit felles prosjekt om lesing i skulen. Det overordna målet har vore å styrke og heve leseopplæringskompetansen til lærarane. Satsinga gjeld frå første og til og med tiande klasse.  

Negativ utvikling i leseresultat på nasjonale prøver, i kombinasjon med andre observasjonar og kartleggingar, gjorde at dei ville styrke leseopplæringa.  

Brit Synnøve Torvik til nettside
Brit Synnøve Torvik er fagleiar for oppvekst i Herøy kommune. Ho har koordinert arbeidet for dei tre kommunane under heile prosessen.

– Vi såg eit behov for å utvikle ein tydeleg struktur og ei progressiv oppbygging over begynnaropplæring, lesing som grunnleggande dugleik og lesing i alle fag på 1.–10. trinn, seier Brit Synnøve Torvik som er fagleiar for oppvekst i Herøy kommune. Ho har koordinert arbeidet for dei tre kommunane under heile prosessen.

Før arbeidet med sjølve leseplanen tok til, vart det arrangert åtte førebuande møte. Den første tida måtte møta vere i eigen kommune og på eigen skule grunna pandemien. Til møta vart det laga videoforelesingar som skulane arbeidde med og gjorde før- og etterarbeid til. Nettverka har arbeidd med tema som er knytte til kva forsking seier om god leseopplæring, som til dømes den engasjerte lesaren og heilskapleg leseopplæring.

Ressursgruppe med lærarar 

Hausten 2022 fekk dei endeleg halde samling på tvers av dei tre kommunane, og arbeidet med sjølve leseplanen tok til. Ressursgruppa vart sett saman av sju lærarar frå dei tre kommunane. Saman med den utvida arbeidsgruppa har dei laga ei ramme for leseplanen, og systematisert tilbakemeldingar frå gruppearbeida i nettverkssamlingane på skulane. Dei kom fram til at leseplanen skulle vere digital og ha to delar: 

  1. Plakatar for 1. til 10. trinn som viser ferdigheiter elevane skal tileigne seg i ordinær undervisning.
  2. Ein digital del med utfyllande informasjon, ressursar og hjelpemiddel for å nå kompetansemåla. 

Leseplanen omfattar lesing i alle fag i skulen og legg vekt på rolla til læraren/pedagogen. Den vaksne er modell i alle situasjonar, gjennom innlæring av ulike metodar og læringsstrategiar og gjennom å motivere til lesing. 

Plan i utvikling 

Lærar Maria Myrene Vågsæter ved Ulstein skule har vore med i gruppa som har utarbeidd leseplanen. Ho synest det har vore spennande å møte andre lærarar som er genuint opptekne av leseopplæring, for å høyre korleis dei gjer det på andre skular.  

– Eg trur det er viktig at alle blir kjende med leseplanen, og at lærarane finn ressursane, som vi har lagt inn under den digitale delen. Vi ønsker også at lærarane kjem med innspel for å vidareutvikle planen. Ein leseplan blir aldri ferdig spikra, seier ho. 

I leseplanen finn lærarane mellom anna tips til korleis dei kan arbeide med rettleidd lesing.

– No køyrer eg mykje rettleidd lesing i små grupper, fordi elevane lærer mykje betre i små grupper som er tilpassa deira nivå. Ved å arbeide slik får ein til eksplisitt undervisning. Det vil seie at læraren får gi elevane direkte, tydelege og medvitsgjerande instruksjonar til teksten på lesestasjonen når eleven les. Her øver vi på avkoding, stavingar og gjenkjenning av lydrette ord. Vi får modellere og forklare korleis ein les ord med samansette grafem som  til dømes sj-, kj- og j-lyd, som kan skrivast på ulike måtar og ikkje er lydrette, forklarer Myrene Vågsæter som underviser elevar på 1. og 2. trinn dette skuleåret.

Felles lese-løft

Brit Synnøve Torvik meiner at den gode forankringa dei oppnådde gjennom nettverksarbeida, har vore positivt i denne satsinga.

– Leseplanen er eit resultat av gruppearbeid som om lag 300 lærarar har delteke i. På denne måten har alle lærarar fått vere med på å gi innspel til planen. Han er bygd opp frå grasrota, og sidan han er digital, er han også dynamisk og kan utviklast vidare, seier ho.

Ho synest det har vore veldig kjekt og inspirerande å følgje denne satsinga.

– Samarbeidet med høgskulen har vore gjensidig og godt, og lærarane i ressursgruppa er svært dedikerte i arbeidet sitt, seier Torvik.

Rektor ved Ulstein skule, Synnøve Haug, legg til at det har vore veldig viktig å ha høgskuleperspektivet med seg inn i arbeidet for at dei skal kunne sjå heilskapen i leseopplæringa frå 1. til 10. trinn.

Her finn du leseplanen for Sande, Ulstein og Herøy

Arbeidet framover

Leseplanen skal takast i bruk frå skuleåret 2023–24. Det betyr at ein må løfte fram leseplanen på mange nivå.

– Det kviler eit stort ansvar på rektorane for at planen skal bli brukt. Målsettinga er at vi skal ha eit felles system for begynnaropplæring og lesing i regionen, som igjen skal føre til at elevane våre blir betre i lesing og meir sjølvstendige og strategiske lesarar. Og skal vi oppnå det, må alle ta leseplanen i bruk og arbeide for at dei trinnvise måla blir nådde av flest mogleg, framhevar Brit Synnøve Torvik.

Rektor Synnøve Haug seier også at for å få til ein felles leseplan i praksis, er det naudsynt med god forankring i leiargruppene sentralt. Til dømes kan oppvekstsjefane løfte fram arbeidet, slik at leseplanen vert brukt i praksisfeltet.