• Blogg
  • Nettseminar: Korleis ta vare på nynorskelevane?

Nettseminar: Korleis ta vare på nynorskelevane?

08.03.2023

Marcus Aas Aure Tuva Johanne Rypdal Hovden Celia Berg Marianne Anderson til nettside 002

Frå venstre Marcus Aas Aure, Tuva Johanne Rypdal Hovden, Celia Berg og Marianne Anderson. (Foto: Heidi Fagna)

På Molde vgs. har dei gjort nokre grep for å gjere det så enkelt som mogleg å vere nynorskelev i mindretal. Bli med på nynorskpizza i Molde.

Har du lyst til å lære meir om korleis Molde vgs. tek vare på nynorskelevane?
Torsdag 23. mars klokka 14.30 til 15.00 arranger vi eit gratis nettseminar der Marianne Anderson og Celia Berg frå Molde vidaregåande skule deler erfaringar. Du kan melde deg på her.

Podkast: Heidi Fagna
Tekst: Liv Astrid Skåre Langnes

Ved Molde vidaregåande skule har dei teke nokre strukturelle grep for å gjere det enklare og kjekkare for elevar med nynorsk som hovudmål å halde på språket sitt. Desse grepa er verken dyre eller omfattande, men vitnar om ei leiing som er medviten ansvaret dei har for å gje elevane gode vilkår til å halde fram som nynorskbrukarar. Desse grepa er:

  1. Sørge for at ingen nynorskelevar står heilt aleine i ein klasse. Når inntakslistene er klare, plasserer dei alle nynorskelevane i to klassar. Med 5–6 nynorskelevar i klassen, er det også lettare å be om materiell og oppgåver på nynorsk.

  2. Gje nynorskelevane ei eiga velkomsthelsing i Teams til skulestart.
Velkomsthelsing til nynorskelevar

3. Melde frå til skulebibliotekaren om kor mange nynorskelevar der er på kvart trinn, slik at det blir kjøpt inn nok nynorske bøker.

4. Informere lærarane om hovudmålet til elevane. I tillegg prøver dei å kople lærarar som meistrar nynorsk godt, til klassar med nynorskelevar. Då får elevane møte både nynorsk og bokmål i undervisninga og på prøver.

5. Bruke både nynorsk og bokmål i skulen sine sosiale medium. Både Instagram, Facebook og Teams har meldingar både på nynorsk og bokmål.

      6. Invitere nynorskelevane til pizza og prat 3–4 gonger i året. Dette kan skape ei positiv vinkling rundt å vere nynorskbrukar og i tillegg vere eit samlingspunkt for nynorskelevane. Her får ein også ein dialog med elevane om kva dei treng av språkleg tilrettelegging.

      Nynorsk pizzalunsj ved Molde vgs til nettside

      Under press frå bokmål

      Dei nynorske randsoneområda er område der nynorsken tradisjonelt har stått sterkt, men no er under press frå bokmål. Dette gjeld til dømes områda rundt ein del av dei større byane på Vestlandet. I bygdene rundt ein del av desse byane, er nynorsk framleis det dominerande opplæringsspråket i grunnskulen.

      Når nynorskelevane frå bygdene kjem i vidaregåande, er det mange som vel å gå på skule i byen eller andre tettbygde strok der fleirtalet av elevane er bokmålsbrukarar. Ofte vel desse nynorskelevane å byte til bokmål når dei startar på vidaregåande og blir i språkleg mindretal.

      Ein ny rapport om språkbyte har samla funn frå ei rekkje nyare studiar om språkbyte frå nynorsk til bokmål. Funna frå studiane viser at det ofte er manglande struktur og tilrettelegging som gjer at nynorskelevane vel å byte språk når dei kjem til ein vidaregåande skule der dei er i språkleg mindretal.

      Elevane kjenner på å stå aleine som nynorskelevar og dei får så å seie all undervisning på bokmål. Elevane melder om at dei manglar nynorske læremiddel, og dei opplever det å vere nynorskbrukar som noko markert som skil seg ut. Elevar melder også om passive skular som ikkje legg til rette for at dei skal halde fram å bruke og lære hovudmålet sitt, nynorsk.

      Reporter i podkasten: Heidi Fagna
      Gjestar:
      Marcus Aas Aure, Tuva Johanne Rypdal Hovden, Celia Berg og Marianne Anderson
      Andre stemmer:
      Arild Torvund Olsen og Marte Sekkesæter Haugmo
      Redigering:
      Åge André Breivik
      Musikk/lydeffektar:
      Pixabay