Kreativ NYnorsk

03.05.2022

Nordby skole hovudbilete komprimert til nettside

SAMARBEID: Lærarane Heidi Vieland Ermesjø (til venstre) og Bojana Stosic (i midten) samarbeider med Irene Åbrekk Kalvatn (til høgre) ved Nynorsksenteret.

Elevane på 5. trinn ved Nordby skole i Rælingen kommune har fått ein god start med nynorskopplæringa.

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

5. trinn ved Nordby skole deltek i eit samarbeidsprosjekt med Nynorsksenteret som heiter Kreativ NYnorsk. Skulen har fått tildelt 10 000 kroner som dei kan disponere til inspirerande tiltak.

– Vi har brukt ein del av pengane til å kjøpe inn klassesett av Norsk Barneblad. Eg er veldig positivt overraska over Norsk Barneblad. Blada inneheld tema som er relevante for det vi arbeider med på skulen, og elevane liker blada veldig godt, seier lærar Heidi Vieland Ermesjø.

Norsk Barneblad

Norsk Barneblad kjem ut ein gong i månaden og innheld fakta, teikneseriar, forteljingar, moro og aktivitetsstoff, nytt frå verda, matspalte, sportsspalte og kviss i kvart nummer. Målgruppa til bladet er barn mellom 7 og 14 år. Elevane på 5. trinn ved Nordby skole synest det går heilt fint å lese tekstar på nynorsk.

– Eg synest faktisk vitsane er meir morosame på nynorsk, seier Leon (10).

– Det er veldig gode vitsar og bra fakta i Norsk Barneblad, seier Elise (10).

Kvart nummer av Norsk Barneblad har eit eige tema. Det første nummeret elevane fekk, handlar om oppfinnarar, og det andre handlar om dei fantastiske insekta.

– Eg har lært veldig masse nytt, seier Elise.

– Vi har lese i bladet både på skulen og som heimelekse. Viss eg kjedar meg heime, kan eg også leite fram bladet, seier Leon.

IMG 1844 Elevar med Norsk Barneblad til nettside
Elise og Leon liker å lese i Norsk Barneblad.

Tidleg start med nynorsk

Nordby skole hadde ei oppstartsamling med Nynorsksenteret i vinter. I tillegg får dei fagleg oppfølging undervegs. Prosjektet går fram til sommaren 2023, men målet er at det kan gje positive ringverknadar også i framtida.

– Elevar som byrjar å lære nynorsk på barneskulen, har eit godt utgangspunkt når dei kjem i ungdomsskulen, seier Irene Åbrekk Kalvatn som arbeider ved Nynorsksenteret.

Fordelen med å byrje tidleg med nynorskundervisning er at elevane ofte har ei meir positiv og open haldning til å lære nynorsk.

– Vi synest det er viktig at elevane får eit godt møte med nynorsken i barneskulen. Det bør vere prega av kreativitet, læreglede og utforskande aktivitet, seier Irene.

– Eg har følt meg som ein norsklærar i ei bokmålsverd. Det er fort gjort at ein gløymer å bruke nynorsken. Gjennom å vere med på dette prosjektet har eg fått ein «boost» til å starte med nynorsk i barneskulen, og det trur eg vi får mykje igjen for, seier Heidi.

IMG 1849 gutar ser på nynorske bøker
Tips: Læraren kan hjelpe elevane med å finne gode nynorske bøker. Bruk gjerne Nynorskbok.no.

Tips til andre lærarar

Ifølgje LK 20 skal elevar bli lesne for på sidemålet på 1. og 2. trinn. På 3. og 4. trinn skal elevane lese sjølve og utforske forskjellar i skriving. På 4.–7. trinn skal elevar prøve ut skriving av eigne sidemålstekstar.

Elevane på 5. trinn ved Nordby skole har skrive namnedikt om våren. I tillegg har dei laga illustrasjonar til namnedikta. Dikta har dei hengt opp i klasserommet. Elevane har laga spå på nynorsk og arbeidd med spørjeord-diktet «Kven luskar i gangen?». I tillegg har lærarane brukt språkløypepakken Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk.

– Det er veldig viktig at barneskulen startar med nynorsk, slik at det vert ein naturleg del av opplæringa, seier Heidi.

– Har du nokon tips til andre lærarar til korleis dei kan arbeide med nynorsk i barneskulen?

– Eg anbefaler dei å sjekke nettsida Nynorsksenteret.no. Der finn ein mange tverrfaglege undervisningsopplegg som også er godt forklarte, mellom anna Bok på 1-2-3. Ein kan også tilpasse opplegga til sine elevar, seier lærar Heidi Vieland Ermesjø.

Nynorskbok
Nynorskbok.no

Her finn du omtalar av hundrevis av gode nynorske bøker for ulike aldersgrupper.

IMG 1855 rektor og elevar
Rektor Fredrik Zhang ved Nordby skole i samtale med elevar på 5. trinn.
IMG 1832 Snakk saman om språk ny versjon
Tips: Snakk saman om språk i klasserommet.
IMG 1872 ekstra foto av elevar
IMG 1888 namedikt illustrasjon3
Elevane har laga namnedikt om våren.