• Blogg
  • Kreativ NYnorsk. Korleis gjekk det?

Kreativ NYnorsk. Korleis gjekk det?

11.05.2023

Nordby skole hovudbilete komprimert til nettside

SAMARBEID: Lærarane Heidi Vieland Ermesjø (til venstre) og Bojana Stosic (i midten) ved Nordby skole. Irene Åbrekk Kalvatn (til høgre) leia prosjektet for Nynorsksenteret skuleåret 2021–2022.

Hausten 2021 inviterte Nynorsksenteret bokmålsklasser på 5.–7. trinn til å teste ut kreativ nynorskundervisning. To skular vart valde ut og fekk 10 000 kroner som dei kunne nytte til inspirerande tiltak for å styrke nynorskopplæringa. Kva gjorde klassene, og korleis nytta dei pengane? Her kjem ei lita oppsummering så langt, til inspirasjon for andre som vil ha tips til korleis dei kan styrke nynorskundervisninga.

Tekst: Isabella Pareliussen

Elevane ved Nordby skole i Rælingen kommune har laga dikt, lese nynorske bøker og mange artiklar i Framtida Junior. Skulen har også nytta ein del av pengane til eit klassesett med Norsk Barneblad, og no har dei fornya abonnementet for nok eit år.

– Eg er veldig positivt overraska over Norsk Barneblad. Blada inneheld tema som er relevante for det vi arbeider med på skulen, og elevane liker blada veldig godt, seier lærar Heidi Vieland Ermesjø.

Kreativ NYnorsk med Norsk Barneblad

Norsk Barneblad  kjem ut ein gong i månaden og inneheld fakta, teikneseriar, forteljingar, moro og aktivitetsstoff, nytt frå verda, matspalte, sportsspalte og kviss i kvart nummer. Målgruppa til bladet er barn mellom 7 og 14 år. Elevane har kosa seg med blada og sett av tid til lesing. Blada har også vore nytta som leselekse. Sidan Norsk Barneblad har eit eige tema i kvart nummer, er dei lette å bruke i ulike fag. Mange skular gløymer at læreplanen 2020 seier alle elevar på 5.–7. trinn skal lese sidemålstekstar. Norsk Barneblad er ei utmerkt kjelde til nynorske tekstar skrivne for denne målgruppa.

I tillegg til å nytte Norsk Barneblad som frivillig lesing heime og på skulen, kan ein også nytte bladet i undervisninga på fleire måtar. Her er nokre forslag:

  • Temaa kan passe godt i ulike fag, til dømes høver temaet Verda under vatn svært godt i naturfagsundervising.
  • Medan ein les artiklane, kan ein øve på ulike lesestrategiar, til dømes notatteknikk eller å lage tankekart.
  • Elevane kan presentere eller lese frå ein sjølvvald tekst til klassa. På denne måten øver elevane på leseflyt samtidig som øvinga på lesing har eit klart formål.
  • Oppskriftene kan ein bruke i kosetimar eller i mat og helse.
  • Kviss i klassa er alltid populært, og kan også brukast som modell når elevane lagar eigne kvissar.
Vigdis Fuglevåg til nettside
Vigdis Fuglevåg er lærar for 6. trinn ved Selvik skole.

Lesesirklar ved Selvik skole

Vigdis Fuglevåg, lærar for 6. trinn ved Selvik skole, har valt å lese nynorske bøker. Dei hadde sett av to veker, til saman omtrent ti norsktimar til lesinga. Dette vart litt lite tid dersom alle skulle få høve til å lese meir enn ei bok og samtidig løyse oppgåver som høyrer til bøkene.

Elevane danna lesesirklar, der tre elevar las den same boka. Dei las vaskesetlar og bladde i bøkene før dei blei einige om kva for ei bok dei skulle lese.

– For å gje elevane inspirasjon til å velje bøker kunne eg nok også hatt høgtlesing frå ulike bøker kvar time, seier Vigdis.

Elevane avtalte sjølve kor langt dei skulle lese kvar dag. For å finne ut kva leselengde som kunne vere høveleg, las elevane i ti minutt for å finne ut kor langt dei klarte å lese på den tida. På denne måten kunne dei finne ut kor langt dei skulle lese i lekse, og kor langt dei skulle lese før dei snakka om det dei hadde lese på skulen. Tilbakemeldingane var positive, «Det er lettare å snakke om boka når vi ikkje les så mykje om gongen», sa elevane.

Undervegs i lesinga noterte elevane ned tankar rundt desse spørsmåla:

  • Kven er hovudperson i boka di?
  • Korleis skildrar forfattaren hovudpersonen?
  • Kva andre personar høyrer de om i boka?
  • Korleis er dei andre personane skildra?
  • Noko morosamt, rart eller spennande. Fest ein lapp her.
  • Ord som er morosame, rare eller du ikkje skjønar kva betyr. Fest ein lapp ved sida av orda.
Litteraturboka mi til nettside
Elevane har laga kvar si litteraturbok. (Foto: Vigdis Fuglevåg)

Etter at lesestunda var ferdig, samtalte elevane rundt spørsmåla ovanfor. Når elevane vart ferdige med å lese heile boka, fekk dei eigne oppgåver til kvar bok. Desse oppgåvene løyste dei i ei eiga skrivebok, som vart kalla Litteraturboka. Oppgåvene var forma som spørsmål om personar og handlingar i boka, men det var også oppgåver om å lage illustrasjonar til bøkene. Bøkene som vart lesne, var:

La elevane lese saman

Vigdis Fuglevåg fortel: Alle elevane var svært interesserte i å lese bøker saman. Nokre bøker var det større rift om enn andre. Katten og kråka og bøkene om Floke var særs populære, og vi måtte sette opp venteliste. Andre bøker som var populære var Kodeklubben, Matias Maradona og Nattmannen. Elevane fortalde at dei likte å sitje saman og lese bøker og diskutere det dei hadde lese. Dei arbeidde munnleg med lesebestillingane og gav uttrykk for at det var godt å sleppe å skrive. Nokre elevar sa at det var «litt vanskeleg å lese, men vi er glade for at vi ikkje treng å skrive!». Vi som lærarar lurte på om det var vanskeleg med språket, men det var ikkje noko problem. Det var litt uvant dei første sidene, men etter det var det få problem. Elevane spurte oss vaksne eller kvarandre om det var ord dei ikkje forstod. Ein elev sa: «Eg gløymde at boka var nynorsk, eg. Eg berre omsette inne i hovudet».

I etterkant av leseperioden har elevane spurt om når vi skal lese igjen. Dei tykte at både bøkene og metoden var veldig inspirerande. Ein elev som ikkje er spesielt glad i å lese, utbraut: «Jippi, eg synest nynorsk er gøy og lett!», då vi sa at det var nynorsk på planen denne dagen.

Vigdis anbefaler metoden med å la elevar lese den same boka og deretter snakke om innhaldet. Ved å gi elevane instruksjonar om kva dei skal gjere undervegs i lesinga, får dei mykje å snakke om på gruppene.

Alt i alt har satsinga Kreativ Nynorsk ført til mykje kreativ nynorskbruk i dei to klassene ved Selvik skole og Nordby skole.