• Blogg
  • Lærerike opplegg som er klare til bruk

Lærerike opplegg som er klare til bruk

16.08.2021

IMG 0366

Lærar Tone Harkjerr (til høgre) og lærar Tone Cecilie Øvrelid hjelpte elevane undervegs i arbeidet.

Er du på jakt etter gratis undervisingsopplegg som er enkle å ta i bruk? Her kan du sjå korleis elevar arbeider med Bok på 1-2-3 i klasserommet.

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

Bok på 1-2-3 er undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede. Dei er tverrfaglege og forankra i LK2020. Elevar ved Ulstein skule har testa ut korleis Bok på 1-2-3 fungerer i praksis. Lærar Tone Harkjerr valde Pølsetjuven, som er eit av opplegga som ligg på nettsida til Bok på 1-2-3. For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ute til gratis strøyming.

– Å ta i bruk Bok på 1-2-3 i klasserommet var veldig greitt. Alt er der når du les gjennom opplegget. Det er klare lenker til tilleggsstoff om ein vil ta det i bruk, og du slepp å legge til noko sjølv, fortel Tone Harkjerr.

Den som er lærar for klassen, kjenner elevane og kan tilpasse opplegget.

– Eg oppdaga at borna gjerne ville snakke mykje om kvar side, seier ho.

IMG 0331 fargejustert

Lesestopp undervegs

Elevane som nesten var ferdige med 4. trinn då dei gjennomførte opplegget, brukte rundt 60 minutt på å lese og samtale om boka i fellesskap. Læraren la inn fleire lesestopp slik at elevane fekk god tid til å kome med innspel undervegs i leseprosessen. Dei valde å gjere det slik i staden for å samtale om spørsmåla etter å ha lese heile boka. Det er heilt opp til læraren korleis ein ønskjer å bruke undervisingsopplegget.

– Pølsetjuven er ei bok eg tykkjer eignar seg godt til høgtlesing. Det er ei fargeglad bok med mange detaljar i teikningane på alle sidene, seier Harkjerr.

Ho tipsar andre lærarar om at det kan vere fint å ha eit fysisk bokeksemplar tilgjengeleg for læraren som skal lese, dersom ein ikkje har smarttavle tilgjengeleg i klasserommet.

IMG 0404

– Kva synest du om Bok på 1-2-3?

– Eg likte veldig godt at det var eit opplegg som kombinerte fleire fag, og det hadde klare kompetansemål for faga som var med. Ein slepp då å bekymre seg for kompetansemåla og kan krysse dei av i staden, seier Harkjerr.

Gjennom arbeidet med boka Pølsetjuven skal elevane lære å lage eigne teikneseriar.

– Eg valde å bruke ein teikneserie som var med i opplegget, for å gjere det litt lettare for borna å forstå korleis dei kunne gjere det. Det gjorde eg fordi eg tykte dømet var godt, seier ho.

IMG 0400
IMG 0429
Denne teikneserien handlar om ein dinosaur som har lyst til å bli fotballspelar.
Stripe

– Kva erfaringar gjorde du deg?

– Eg såg at tida som opphavleg var oppsett, vart litt knapp for oss. Når ein kjenner klassen godt, kan ein setje av rikeleg tid så alle får gjort det. Det gjorde vi. Ein kan heller ha ekstra oppgåver til dei som vert ferdige fort. Eg kjem til å bruke Bok på 1-2-3 meir! seier lærar Tone Harkjerr.

– Kva tilbakemeldingar fekk du frå elevane?

– Borna tykte tydeleg at det var kjekt å lage teikneseriar, og det vart mange fine!

IMG 0473 ny versjon
Riaan og Liv synest det er gøy å lage teikneseriar.

Vi snakka med to av elevane rett etter at dei var ferdige med å lage teikneseriar.

– Kva synest dokker om boka Pølsetjuven?

– Eg synest boka var spennande. Ho handla om at du skal vere den som du vil vere, og at du ikkje burde bli tvinga til å vere nokon annan, seier Riaan.

– Eg synest ho var morosam, og bileta var veldig fargerike og fine. Og litt av det Riaan sa, om at ein skal vere den ein er, seier Liv.

Både Liv og Riaan har laga teikneseriar før.

– Eg synest det er gøy fordi ein får teikne, og eg er veldig glad i å teikne, seier Liv.

IMG 0394

Liv laga ein teikneserie om ei jente som endeleg fekk plass på jazzballett. Riaan laga ein teikneserie om ein gut som drøymde om å jobbe i ein kiosk, slik at han kunne ete så mykje godteri som han ville.

– Eg synest det er gøy å lage teikneserie fordi du gjer ein jobb medan du har det kjekt. Når ein lagar teikneseriar, får ein både teikne og skrive, og så blir det ei historie, seier Riaan.

– Lærte dokker noko nytt om korleis ein kan lage eigne teikneseriar?

At du må ikkje lage alt perfekt, men ideen må berre kome ut av hovudet ditt, seier Riaan.

At ein berre kan bruke fantasien og at ikkje alt må vere sant, men også at ein kan skrive ei forteljing som er ekte og basert på livet ditt, seier Liv.

Har dokker lyst til å lage fleire teikneseriar framover?

Ja, svarer begge to.

Lærar Tone Harkjerr har ei oppfordring til andre lærarar:

– Bruk Bok på 1-2-3! Ferdige opplegg, kjekt og lærerikt!

IMG 0369
IMG 0340
Stripe
IMG 0460