• Blogg
  • Leik ei bok med dei yngste barna

Leik ei bok med dei yngste barna

20.05.2019

Leik Ei Bok

Høgtlesing og leseaktivitetar er sentrale for mange sider av barns utvikling, og samanhengen med leik er nærliggande. 

Tekst: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, høgskulelektor Nynorsksenteret
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Dei minste barna sansar og erfarer gjennom kroppen, og det å bruke kroppen og sansane er viktig i barns utvikling. Barn kan gå fysisk inn i eit litterært univers og møte fysiske figurar som dei har blitt kjende med gjennom bøkene (Solstad et al, 2018, s. 131). Barn kan skape meining gjennom kroppsleg kommunikasjon og leik utan å ha eit munnleg språk. Når barn deltek i leik som engasjerer dei, og leik der dei får vere med på å skape ei forteljing, slik dei gjer i liksom-leik, får dei erfaringar som også støttar språkutvikling og tidleg litterasitet (Wasik, Bond, & Hindman, 2006).

Barn hentar gjerne leiketema frå litteraturen. Gjennom leik bearbeider og tileignar barn seg strukturar og rammer for forteljingar som dei har nytte av når dei skal produsere eigne forteljande tekstar eller få tak i innhaldet i det dei les (Matre, 2009, s. 83). Når ein les bøkene fleire gongar, får barna eit felles utgangspunkt for å gå vidare inn på ein leikearena. 

Inspirere til leik

Her kjem døme på korleis bruk av enkle grep til forteljinga kan inspirere til leik blant dei yngste barna.

Kvar er mamma mi?

Den vaksne pedagogen set seg på golvet på eit teppe i lag med 4–5 barn. Dei har eit teppe rundt seg forma som ein sirkel. Den vaksne byrjar å lese om den vesle ugla som dett ut av reiret sitt. Ho dett langt ned på bakken og er ganske forvirra og litt redd. Og ho byrjar straks å leite etter mammaa si. Eit lite ekorn kjem og hjelper den vesle ugla med å leite etter mammaa. Ugla går og spør: Kvar er mamma mi? Dei finn mange dyr som ikkje er mora, og til slutt så finn dei også mammaa. Der er mamma mi, seier den vesle ugla glad.

Plutseleg så hoppar ei av jentene ut av reiret, akkurat slik ugla i forteljinga dett ut av reiret. Jenta spring rundt i rommet, ser seg litt rundt, ser på bileta som heng på veggen, før ho kjem tilbake til reiret og seier: «Der var du Mari mi.» (Mari er veninna.) Fleire av barna hoppar også ut av reiret og kjem tilbake, og fleire av barna blir med på leiken. Det vart etter kvart trongt i reiret. 

Img 6049 Til Bloggen
Pedagogen byr på ein leikearena, og barna grip denne.

Fantasiverd

Pedagogen brukar ei enkel fysisk tilrettelegging, og når ho set seg i sirkelen, trer ho inn i ei imaginær verd. I denne verda er teppet reiret, og ho inviterer barna inn i fantasiverda. Dei sit i reiret og les om ugla som fell ut, og som går rundt i skogen og leitar og seier: «Kvar er mamma mi?» Pedagogen byr på ein leikearena, og barna grip denne. Barnehagerommet blir omforma til eit imaginært rom, og handlinga lever vidare i rommet. Opplevinga av å sitte i reiret i lag, falle ut av reiret og leite etter mora si, for så å kome tilbake og finne henne byr på sanselege erfaringar. Jenta som spring ut av reiret, lever seg inn i forteljinga, og den fysiske aktiviteten i rommet der fleire barn følgjer etter, bidrar til ei kroppsleg og sanseleg erfaring. 

Boktips

Andre bøker å leike i lag med dei yngste:

Mopp og Mikko elskar dyr: Etter å ha lese boka byrja nokre av barna å dra på to stolar. Stolane var traktor og hengar, og vi gjekk på jakt etter dei som skulle sitte på hengaren. Leiken utvikla seg til å vere dei dyra som skulle få sitte på, og når det var ein slange, så kraup han under og over stolane.

Bø og bæ til sjøs: Med teppe og korg på golvet var barna og pedagogen på båttur. Barna rodde i båten, sumde i vatnet, laga mat og hadde piknik med ei korg og eit teppe.

Bøkene er prøvde ut i samarbeid med barnehagar i prosjektet Frå bok til leik

Kjelder

Matre, S. (2009). Leik og språk. I J. Smidt, Norskdidaktikk, ei grunnbok (3. utg.). Oslo: Universitetforlaget.

Solstad, T. (2018). Lesepraksiser i barnehagen: inn i litteraturen på mange måter. Bergen: Fagbokforlaget.

Wasik, B.A., Bond, M.A., & Hindman, A. (2006). The Effects of a Language and Literacy Intervention on Head Start Children and Teachers. Journal of Educational Psychology, 98(1), 63-74. doi: 10.1037/0022-0663.98.1.63