Les ein time!

05.09.2022

Jenter som les ungdomsbøker på nynorsk

8. september er FN sin internasjonale dag for lese- og skriveferdigheiter. Lesetimen, eller Read Hour, er ein internasjonal kampanje som oppmodar alle til å setje av ein time til å lese denne dagen.

Den finske organisasjonene Barn- og ungdomsstiftelsen starta kampanjen i 2019, og i 2021 spreidde tiltaket seg til fleire land. I år har Foreningen !les blitt kontakta for å høyre om Noreg vil vere med.

Med lesetimen oppmodar Foreningen !les oss til å lese ein time torsdag 8. september klokka 19.00. Lesetimen kan sjølvsagt også gjennomførast i klasserommet tidlegare på dagen. Ein kan lese aleine, saman med klassen, med venner, familie eller kollegaer. Ein blir også oppmoda til å dele eit bilete av lesetimen sin i sosiale medium med teksten «Lesetimen feirar lesing på ulike måtar. Eg/vi markerer Lesetimen 2022 med å lese denne boka!» og merke med #lesetimen og #readhour.

Nynorsksenteret har laga ein presentasjon om bakgrunnen for FN sin internasjonale dag for lese- og skriveferdigheiter. Denne presentasjonen kan ein vise for elevane før ein set i gang lesetimen.

www.nynorskbok.no og på sidene www.nynorsksenteret.no finn de fleire tips til gode, nynorske bøker og tekstar elevane kan lese denne timen.

Kjelde: Foreningen !les (2022), https://foreningenles.no/les-e...;