• Blogg
  • Lesing heile veka

Lesing heile veka

14.12.2021

IMG 1554 redigert til nettside

I Leikanger barnehage passar dei på at alle barna vert lesne for kvar dag. Her ser vi barnehagelærar Unni Abrahamsen saman med 2-åringane.

Det er ein skarp vintermorgon, og snøen knirkar då vi går ned trappa til Leikanger barnehage i Herøy kommune. Ved døra står det tende lykter, og frå himlingen heng greiner med pynt i. Inne i varmen møter vi styrar og pedagogisk leiar Oddhild Dybvik Aas i full sving på småbarnsavdelinga.

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

– Vi har alltid brydd oss om å lese og visst at det var viktig, fortel Oddhild. Men etter at kommunen gjekk inn i regionalt kompetansehevingssamarbeid (Rekomp) med to andre kommunar og Høgskulen i Volda, har vi blitt mykje meir bevisste og arbeidd fram ein systematisk lesepraksis i barnehagen.

Medan Oddhild fortel, har fire 2-åringar gjort seg klare til lesestund med ein annan barnehagelærar, Unni Abrahamsen. På eit lite rom har dei ein liten sofa med høge armlene, akkurat stor nok til dei fire borna. Unni sit på ein låg stol med ansiktet mot borna. I dag fortel ho om nissen som forsov seg. Alle sit nær nok til å kunne sjå og peike på bileta og hjelpe til med å opne nissesekken med den nye vekkarklokka til nissen i, som Unni har med.

IMG 1668 redigert til nettside
Oddhild Dybvik Aas er styrar og pedagogisk leiar i Leikanger barnehage.

– Lokala våre har vore utfordrande når det gjeld plass, skjerming og å finne gode stader for lesing, men no synest eg det fungerer veldig godt, fortel Oddhild etter leseøkta med 2-åringane.

– Vi har fått sett opp lettveggar og har også laga ein stilleplass til lesing og formingsaktivitetar inne på utstyrslageret. Det gjeld å utnytte dei moglegheitene som er der, både det fysiske miljøet og i timeplanen. Vi har arbeidd mykje med å finne gode tidspunkt for lesing og lage rutinar som er overkomelege i kvardagen. På småbarnsavdelinga les dei i to grupper mellom 9.30 og 10. Det er eit godt tidspunkt for dei, då er alle komne og er utkvilte og opplagde. I tillegg les vi sjølvsagt både på morgonen og ettermiddagen, men ved å ha eit fast tidspunkt på føremiddagen veit vi at alle får vere med på leseaktiviteten, seier Oddhild.

IMG 1589 fargejustert av Arild
Oddhild Dybvik Aas les boka Zara og dei – gorillahjerne til middag.

Inne på storbarnsavdelinga er dei i gang med å utforske nyinnkjøpt brukt smålego, og praten er i gang om å finn dei rette «smale toarane» og «lange åttar-klossar». På eit anna bord er det teikneaktivitetar før Oddhild samlar alle i rommet til lesestund. I dag har ho med boka Zara og dei – gorillahjerne til middag, og attmed seg har ho gøymt noko under eit ullpledd, som dei skal få sjå etterpå. Ungane sit i hjørnesofaen, slik at dei ser bileta når Oddhild held fram boka. Undervegs snakkar dei om bileta og teksten. Oddhild brukar både mimikk og stemma for å gjere boka levande. Til slutt leitar ho opp det som ligg gøymt under teppet. Borna gjer store auge då dei ser at det er campingvogna med Zara og heile familien hennar.

– Det er jo den som hang i taket i gangen for lenge sidan! utbryt ein gut. Oddhild fortel at for nokre år sidan laga dei borna som då var eldst, campingvogna og figurane av papp, måla og limte.

IMG 1609 utsnitt fargejustert til nettside
Tips til aktivitet: Kva med å lage campingvogna med Zara og familien hennar i barnehagen?

I det vi går ut, ser vi ein tredje barnehagelærar i sving med ei ny lesestund, der borna ligg og sit på golvet. I rommet er det mørkt, og Ingrid Sundnes som er pedagogisk leiar, har tent ei leselampe og laga god stemning og eit magisk rom for lesing i ein krok. Nokre ville heller byggje med lego, men gløttar opp innimellom for å få med seg forteljinga.

– Det er ikkje like mykje lesing kvar dag, men vi har laga oss eit godt system også på storbarnsavdelinga. I tillegg til spontan lesing, samlingsstunder, bokkasser frå biblioteket og lett tilgjengelege bøker på avdelinga, har vi desse planlagde lesestundene:

Måndag: Vi tek med bøker i sekken og les på tur, gjerne i gapahuken som foreldra har snikra oppi skogen her.

Tysdag: Førskulegruppa har samling med ulike aktivitetar og lesing. Dei andre borna har forming og lesing samstundes som førskulegruppa.

Onsdag: Vi låner gymsalen på skulen. Det er fint å ha med bøker dit og lese før eller etter gym-aktiviteten. Annankvar onsdag har vi har bading i kommunesenteret og tek buss dit. Vi ser heile verda frå bussvindauget på veg til bading, og det er mykje å snakke om! Før pandemien brukte vi å vere på lesestund på biblioteket etter badinga. No har vi ofte med oss bøker og les der, eller i bussen.

Torsdag: Denne dagen deler vi gruppa i to og les nivåtilpassa bøker inne.

Fredag: På fredagane lagar storbarnsgruppa mat, og då kan vi dele dei så nokre lagar mat og andre les, og så byte.

– Slik gjer vi det no i alle fall, og når sommaren kjem, gler vi oss over å både kunne lese i ballbingen og å teikne ute. Det er i alle fall kjekt at heile personalgruppa arbeider i lag med lesing som utviklingsområde. Variasjon er viktig for å halde på leseiveren, avsluttar Oddhild Dybvik Aas.

IMG 1628 redigert til nettside