• Blogg
  • Livsmeistring gjennom musikk og teater

Livsmeistring gjennom musikk og teater

02.03.2021

Musikal h bilete

Å sjå heilt vanlege elevar og skuleklasser falde seg ut gjennom song, dans og teater på ei scene er ikkje berre verdfullt for takksame foreldre og besteforeldre, men også for ei heil bygd og ein heil kommune. Dette er tiandeklassingane i bygda vår.

Tekst: Marte Myklebust, lærar ved Åheim skule
Illustrasjonsfoto frå musikalen i 2020: Ingvild Myklebust Hovden

For 15. året på rad har tiandeklassingane på Åheim skule starta arbeidet med å gjennomføre den årlege musikalen. Dette er eit prosjekt som for mange vert høgdepunktet i eit ti år langt grunnskuleløp på den vesle skulen vår. Det som i utgangspunktet var ei eingongshending for å samle inn pengar til klassetur, vart ein tradisjon. Det vert ei oppleving for livet for alle som er med.

Ikkje alle er klare over dette når vi står i startgropa om hausten og ser framover mot målet vårt: Framføringar på den lokale scena med 200 publikummarar kvar kveld. Vegen kan verke krunglete og lang for somme, men som vi veit, vert vegen til medan ein går. For dette er ein prosess som ikkje kan samanliknast med noko anna av det vi driv med når det gjeld læring.

Musikalen vår er faktisk like bra som ei profesjonell oppsetjing, meiner elevane. Og det er målet vårt: At han skal kjennast slik ut og opplevast slik for publikum. Vi øver skodespelarteknikk og puggar replikkar, vi øver song og dans til minste detalj. Vi bryr oss om at scenene sit, og at timinga er rett. Ikkje alle er skodespelarar og dansarar. Men dei BLIR det gjennom ein lang og ganske krevjande prosess. Å spele teater er hard jobbing, men lønna er meistringskjensle og livslang læring.

IMG 9105 til nettside

Dei fyrste elevane eg hadde i den aller fyrste musikalen, har no blitt 28 år. Når vi treffest er det musikalen dei vil snakke om. Korleis den gav dei noko anna i ein einsformig «leseskule», om korleis samhaldet vaks og kva det betydde for dei å stå på åleine og saman med andre på ei scene. Kjensla dei bar med seg vidare.

I arbeidet hentar vi inspirasjon frå filmar og musikalar, men vi skriv våre eigne tekstar, inkludert manuset på nynorsk.

Marte Myklebust til nettside
Marte Myklebust, lærar ved Åheim skule

Som lærar er eg redaktør og hovudforfattar bak manuset. Manuset er alltid skrive med humor som det fremste verkemiddelet, og å legge slåande og artige replikkar i munnen på dei elevane som er mest sjenerte, er noko av det mest morosame som skjer. Å få respons frå salen i form av latter er magisk for alle. Eg ser kor dei veks framfor auga mine. Dei løftar blikket til taket, dei viser ansikt, dei kryp ut av hetta. Responsen frå salen løftar dei framover, det levande publikummet styrker dei.

Nettopp dette er drivkrafta bak musikalen: Eit felles prosjekt, at kvar brikke tel, at alle har ein plass dei meistrar og fortener. At auge kan rettast mot ein med eit både anerkjennande og overraska blikk:

Kva ER det du får til?

Og svaret: Eg visste eigentleg ikkje at eg kunne!

Mange gler seg til musikalen, så utgangspunktet er godt. Prosjektet er innarbeidd over mange år, og det er noko ein ser fram til. I vårt tilfelle er som regel utgangspunktet ein kjend film eller ein kjend musikal, som vert skriven om til ein lokal vri, alt ettersom kva som vil passe klassen. Dei får vere medverkande på kva roller som skal skrivast inn, og vi har ein veldig uformell audition i forkant. Nokre trur dei vil greie lite, og vil vise seg minst mogleg fram, men dette er ofte ei beskjedenheit som går raskt over. Etter kvart kan det nesten ikkje verte nok!

Det eg trur som skil vår musikal frå andre elevproduksjonar, er at alle står på scena og har eigne replikkar og dansenummer. Alle er like viktige. Om ein elev er borte, manglar det ei viktig brikke. Her er ingen å gøyme seg bak. Livet skjer der og då. «If you get tangeled in, just tango on».

IMG 9161 til nettside

Dette krev sjølvsagt ei stor grad av tilpassa nivå til kvar enkelt, men om ein klarer å få elevane til å tenkje at dei skal går inn i det med målsetjing om å strekkje seg lenger enn berre det ein trur ein klarer, så er mykje gjort. Dette handlar sjølvsagt også om tryggleik og om eit miljø der ein ikkje vert utsett for negative kommentarar. I dette arbeidet har alle i prinsippet same utgangspunkt.

Verdien av arbeidet betaler seg tverrfagleg også. Elevane lærer mykje om dramaturgi og oppbygging av tekst, dei jobbar med omsetjingar av engelske tekstar og dei har mykje kroppsøving gjennom dans. Vi jobbar i sekvensar og øver inn scene for scene, og set alt saman siste veka før framsyning.

Denne siste veka jobbar vi på framføringsscena, og denne veka er verkeleg verdfull. Alt anna skulearbeid vert lagt til sides, og vi konsentrerer oss om musikalen og det vi skal prestere. Vi lærer kvarandre å kjenne endå betre.

Den elektriske spenninga før teppet går opp, og den euforiske kjensla når teppet går ned: Vi klarte det! Dei likte det! Høyrde du kor dei klappa og lo?

Når lyskastarane vert sløkte og vi forlet scena siste kvelden, går vi attende til skulen med ein tryggleik og ei meistringskjensle som ikkje var der før.

IMG 9166 til nettside