• Blogg
  • Med død og pine skal ungdommen freistast

Med død og pine skal ungdommen freistast

08.06.2022

Anders Totland og Aina Basso

Pest og pandemi, hekser og trolldom, overgrep og dødsdømde. Det går hardt for seg i sakprosabøkene Aina Basso og Anders Totland har skrive for ungdom.

Tekst: Heidi Fagna
Foto: Marius Knudsen og Oda Berby

På forsommaren i 2022 kjem Aina Basso ut med boka Dei dødsdømde: dødstraffa i Noreg og historia om nokre av dei som vart avretta. Det er hennar andre sakprosabok for ungdom. I 2016 gav ho ut Heksejakt og heksebrenning i Europa.

Ho har tidlegare gjeve ut fleire historiske romanar: Ingen må vite (2008), Fange 59. Taterpige (2010), Inn i elden (2012), Finne ly (2014) og Ungen (2019). Dei fire første passar godt for ungdom, men Ungen bør ein vere vaksen før ein les. Det var romanen Inn i elden som skulle gjere Basso til sakprosaforfattar.

– Forlaget spurde om eg ville skrive ei sakprosabok om hekseprosessane etter Inn i elden. Eg hadde ikkje nokon djupare tanke om å skrive sakprosa for ungdom i utgangspunktet, men eg likte godt å få oppdraget. Eg har brukt mykje tid på bøkene, og eg opplevde det som utfordrande å tilrettelegge så store tema for ungdom. I arbeidet med Dei dødsdømde hadde eg eit enormt tilfang av kjelder med komplisert faktastoff. Eg vil veldig gjerne at vaksne fagpersonar ikkje skal finne feil i boka, men så må eg samstundes tilrettelegge for unge lesarar, seier Aina Basso.

    Skriv om dei som fell utanfor

    I Dei dødsdømde drar Basso dei lange linjene rundt dødsstraffa i Noreg, og me får møte enkeltskjebnar. Me møter også skarprettaren, oftare omtalt som bøddelen. Han var ein uglesett person, lengst nede på rangstigen. Frå skarprettaren går det ei kort og rett linje til nattmannen, som Basso nemner kort i boka.

    Nattmannen har Anders Totland skrive ei heil bok om. Det var nattmannen som rydda opp likrestane. Også dette var ein jobb for folk lågast på den sosiale rangstigen. Både skarprettarar og nattmenn kunne vere dødsdømde som hadde vorte benåda mot å ta på seg desse oppgåvene.

    – Eg ville skrive outsiderane si historie. Det synest eg er spennande. Og så kan det lære oss noko å sjå korleis folk har vorte behandla historisk. Utgangspunktet mitt er at eg må finne noko som er så interessant at eg vil bruke eit heilt år på å finne ut av det, seier Totland.

    Sidan 2018 har han kvart år gjeve ut ei sakprosabok for ungdom: Den norske slavehandelen (2018), Nattmannen (2019), Lepra (2020) og Pest og plage. Verdas verste pandemiar (2021). På seinsommaren 2022 kjem Norske sjørøvarar – om plyndring og kapring i norske farvatn, og i 2023 kjem ei bok om norsk krigshistorie gjennom tidene.

    – Det handlar om kva eg sjølv synest er spennande. Eg har også lansert mildare tematikkar, men dei har Gyldendal takka nei til. Eg får oftare tommel opp når eg går inn i dei mørkaste krokane. Og no har det jo vorte ein slags nisje. Det er kjekt å kunne levere på det, seier Totland.

    Anders Totland er ein særs produktiv forfattar som gjerne gir ut fleire bøker i året. Han skriv for barn, ungdom og vaksne, og han skriv både sakprosa og skjønnlitteratur. Også romanane for ungdom har ein tendens til å krinse rundt mørke tema, der barn har kreft, opplever seksuelle overgrep eller utpressing på nett.

    Treng meir sakprosa

    Det finst fleire tusen bøker for barn og ungdom på nynorsk, men tilfanget av sakprosabøker er ikkje veldig stort. Aina Basso meiner dette segmentet fortener meir innhald.

    – Eg synest det er viktig at ungdom får sakprosabøker om norske forhold, og at nokre av dei finst på nynorsk. Der finst ein del omsette sakprosabøker, men dei handlar jo ikkje om norske forhold. Eg hugsar sjølv då eg vaks opp at eg var veldig interessert i faktastoff. Det var så spennande å lære om alle slags tema, og eg trur det er ein kunnskapstørst som mange har, men kanskje er dei ikkje klar over det før dei møter den rette boka, seier Basso.

    Ho tør likevel ikkje å love at ho skal skrive fleire sakprosabøker. Det tør Anders Totland. Planen er å skrive ei sakprosabok for ungdom i året.

    – Der må vere noko for alle lesarar. Det finst mykje skjønnlitteratur, men nokre lesarar vil lese noko som er sant. Det er viktig for meg å treffe dei som kanskje ikkje les så mykje. Eg trur at desse temaa treffer unge gutar, og det er viktig for meg, seier Totland.