• Blogg
  • Med nynorsk i den kreative verktøykassa

Med nynorsk i den kreative verktøykassa

20.02.2023

Semper Eadem 2022 foto Erik Berg 0290 Mimmi Tamba til nettside

Mimmi Tamba er kjent som skodespelar, musikkprodusent og artist. Ho har mange interesser, og ei av dei er å skrive. No er ho aktuell med Du og blir nok skalla ein gong, som er fyrste del av ein diktantologi, og musikkteateret «Semper Eadem» på Det Norske Teatret. Bli med inn i universet til Tamba!

Intervjuar: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Erik Berg

Mimmi Tamba har arbeidd på Det Norske Teatret sidan 2018 og vore med i ulike framsyningar der. Eg kan nemne Lazarus, The book of Mormon og Tolvskiljingsoperaen. Innanfor det kreative er det nesten ingenting ho ikkje finn interessant og ikkje kan ønske seg å formidle gjennom. Tamba meiner at det kreative må få skje i ein naturleg flyt der ein skapar undervegs. Ho set pris på å arbeide med regi innanfor film og teater, å skrive musikk, bøker og dikt. Nyleg gav ho ut ei diktsamling med eigne dikt der ho brukar nynorsk som skriftspråk. På Det Norske Teatret er ho aktuell med ei framsyning med grunnlag i albumet hennar Semper Eadem.

– Er det noko særskilt du brenn for å formidle?

– Det er noko nytt å oppdage i alt arbeid ein gjer, og dermed noko nytt å formidle. I teateret tykkjer eg det er meiningsfylt å vere med på å fortelje ei historie saman med ein haug av folk. At ein saman går inn for å fortelje same historie via lyd, lys, ord, rørsle, scenografi, kost og mask. Eg liker å arbeide på tvers av sjangrar både i tekst, musikk og teater. Eg ønsker å lage rom for andre måtar å uttrykkje seg på. Utvide, dra i og utfordre det stereotype som er. Eg liker å forandre form og format på ting. Som til dømes at eit musikkalbum vert ei framsyning, ei framsyning kan bli ein film, ei danseframsyning eller eit måleri. Og at det kan fungere! Det er dette eg no ønsker med framsyninga av «Semper Eadem» på Det Norske Teatret: at eit musikkalbum vert ei framsyning. Eg opplever å bli kjent med og oppdage nye menneske og materiale i ein prosess som svært interessant. Alt dette som er med på å skape eit produkt som skal puste vidare etter fyrste gong eit publikum har sett det, lese det, høyrt det eller synsa om det. Alt kokar ned til at eg liker å arbeide med det uventa potensialet i eit menneske. Når ein går gjennom ein transformasjon i seg sjølv, kan ein oppdage ting ved seg sjølv og andre som ein elles aldri ville oppdaga.

Korleis vil du samanlikne og skilje nynorsk formidling frå andre språk du formidlar på? Kvifor engasjerer nynorsk formidling deg?

– I kunsten min formidlar eg både på norsk og engelsk. Eg formidlar på nordnorsk dialekt og i Det Norske Teatret på nynorsk. Det tok tid å få det nynorske scenespråket under huda. Men så sa det «klikk» og det kjentest som ei naturleg ramme som eg tykkjer det er spennande å arbeide i. Samstundes vil eg understreke at eg ikkje er ein ekspert på nynorsk. Det er lett å kjenne på ei ærefrykt eller ein age. Ved nynorsk skriftkultur kan det verke som mange reglar ein må forhalda seg til. Så fann eg ut noko som eg tykkjer er gøy: etter nokon år der eg arbeidde med det nynorske scenespråket saman med andre, og det var mange diskusjonar om kva som var rett og kva som var gale måte å formidle på, så fann eg ut at svaret ligg i meg sjølv og mi eiga dialekt eller geolekt. Til dømes ordet «er». Det var mange samtalar om eg med min nordnorske klangbotn skulle bruke «r» i ordet «er». Eg blei redd det ordet. For korleis skulle eg uttale det på scenen? Det var mange meiningar, og eg leitte etter nokon som kunne seie meg kva som var rett uttale. Til slutt fann eg altså ut at svaret låg i meg sjølv, og at det var opp til meg å avgjere. At eg kunne etablere mitt nynorske scenespråk innanfor rammene. Då vart det gøy og spennande å formidle! Eg opplever at det nynorske språket er ein levande organisme som stadig utviklar seg. Den vert diskutert og diskutert. Det gjer språket levande og inspirerande å arbeide med!

Mange opplever nynorsk som poetisk og nærmast sjølvhøgtideleg. Eg opplever at det nynorske språket kan bli det motsette! Når eg skriv på nynorsk, kan eg lettare skrive om det emosjonelle og nesten få det til å høyrast daglegdags ut. Samspelet med språket har også ein distanse som byr opp til humor. Eg tykkjer det er noko reint i språket som kler den norske kulturen. Som er den norske kulturen! At ein kan få sagt det enkle og store på ein presis og usentimental måte.

Tamba tykkjer nynorsk skrift og kultur er viktig.

– No er eg kanskje inhabil. Eg har fått ei sterk tilknyting til Det Norske Teatret. Sjølv om det nesten kan verte komisk nokre gongar korleis vi diskuterer detaljar innanfor korleis vi skal bruke det nynorske språket på scenen, så handlar det for meg om kjærleik til eige språk. Og det er vakkert! I norsk språk er vi i dag påverka av det engelske språket. Vi treng å vere bevisste og nytte målet som ligg nær hjartet. Då treng vi det nynorske språket. Samstundes tykkjer eg det er deilig med framsyningar som er i selskap med engelsk eller andre språk. Eg er også for at ein skal bryte reglar og tenke nytt, og det er ikkje ein motsetnad til at nynorsk er viktig.

Sjølv fekk eg på eit tidspunkt karakteren 2 i nynorsk på skulen. Eg var totalt uinteressert. Eg elskar det norske språket, men mista interessa i altfor mykje analyse og for lite kreativ skriving. Eg hadde trunge meir av det sistnemnde. Eg veit ikkje korleis opplæringa er no. Eg oppmodar til at elevar får skrive kreativt gjennom kåseri, novelle, dikt og så vidare. Noko analyse av tekst bør det vere, men eg opplevde at det til slutt blei mest analyse av tekst. Kvifor det?

Kven inspirerer deg innanfor nynorsk kunstformidling?

– Ein svært dyktig omsetjar er Tom Roger Aadland. Han omset Bob Dylan sine tekstar på ein makelaus måte.

Kva er dine største nynorske kunstopplevingar, og kvifor?

– Å lese, lytte til, eller framføre tekstane til Bob Dylan omsette av Tom Roger Aadland. For det fyrste er det vanskeleg å omsette songtekstar. Songtekstane skal smake godt i munnen, passe rytmisk og vere godt omsette. Eg opplever at Aadland omset med stor musikalitet og beheld Dylans ikkje-sentimentalitet i tekstane sine. Det var nesten så eg opplever at nokon av tekstane er betre omsette til nynorsk. Eg vart direkte rørt og imponert.

«Ingen tviler på
at velsigning vil ho få
Men ho er som alle andre
og det må ho jo forstå.
I skodda, på speed og kledd i eit garn»

(Dylan, Aadland: Just like a woman/Nett som ei kvinne).

– Vårløysing. Den produksjonen gjorde at det sa «klikk» for det nynorske scenespråket mitt. Eg hadde ikkje så mange replikkar, men replikkane var dyrebare og gode. Det var ei fysisk framsyning som gjorde at ein kjem litt ut av eige hovud og ned i kroppen. Då var det lettare å leike med språket.

– Å gjere Nabulungi i Book Of Mormon på gebrokkent nynorsk. Treng eg å seie meir? Det var rett og slett supergøy!

– Eg tykkjer også det var gøy å sjå «Mor Korasj» på Det Norske Teatret for nokon år sidan. Det var ein ganske mørk versjon der dei hadde eit metallband på scena som growla songtekstane på nynorsk. Gøy, gøy, gøy!

    – For å summere opp så har det vore ei stor kunstoppleving å oppdage kjærleiken min til det nynorske språket. Den var ikkje sjølvsagd. Den oppdaga eg stegvis under skulegang ved Det Norske Teatret og i møte med det munnlege i diverse sceniske produksjonar. Kanskje er dette eit tips innanfor grunnopplæringa? Å kombinere god nynorskopplæring med det praktiske og estetiske? Sjølv liker eg å finne kjærleik på uventa stader. Det gjer livet meir spennande, og det gjer det lettare å utvikle seg.

    Her kan du lese omtale av diktsamlinga Du og blir nok skalla ein gong av Mimmi Tamba.

    Her kan du lese meir om framsyninga Semper Eadem ved det Norske Teatret.