Når forfattaren kjem på besøk
07.06.2019
– Er alt klart? Ei lett hektisk stemning kan merkast hos andreklassingane på grunnskolelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda denne dagen. Forelesinga dei vanlegvis har i norsk, er bytt ut med forfattarbesøk, og snart kjem ein forfattar innom for å møte studentane. Og planen for økta er klar. Den har studentane sjølve stått for.
Tekst: Kristin Kibsgaard Sjøhelle, Høgskulen i Volda
Foto: Ingvild Myklebust Hovden
Forfattarbesøk i skolen er eit populært tilbod til elevar og lærarar, også i lærarutdanninga. Det er både spennande og inspirerande å møte personen bak ei bok og å få innsikt i korleis ein skriv skjønnlitterært. For lærarstudentane er det samtidig eit høve til å oppleve korleis det er å få besøk frå nokon utanfor skolen, slik at dei ser kva dette inneber før dei sjølve skal stå i lærarrolla.
Ulik praksis
Det burde kanskje vere sjølvsagt at det å ta imot eit besøk er godt planlagt på førehand. Den inviterte bør kjenne seg velkomen, og elevar og lærarar bør få mest mogleg utbyte frå besøket. Men slik er det ikkje alltid. I eit litteraturseminar i regi av Nynorsksenteret (2008), fortalde fleire forfattarar om korleis skolebesøka kunne variere veldig. Nokre stadar var lærarar og elevar godt førebudde, dei hadde lese aktuelle bøker på førehand, og læraren la opp til gode dialogar. Andre stadar kunne forfattaren bli møtt med ei forventning om å ha fullt ansvar for økta sjølv, i verste fall utan læraren til stades. Berre det å finne fram til rett rom og rett klasse til rett tid kunne vere krevjande nok.
Førebuingar
Desse forfattarerfaringane er bakgrunnen for at lærarstudentane får ei todelt oppleving når dei får ein forfattar på besøk. Dei skal både førebu seg fagleg på ei utvald bok og møte den som har skrive boka, men også trene på å ta imot denne gjesten. Avtale om tidspunkt for besøket er sett av meg som faglærar. Oppdraget til studentane er å finne ut kva forfattaren treng for å føle seg godt varetatt, og for å sikre at alle deltar i førebuingane, har studentane delt seg inn i mindre grupper med ulike arbeidsområde.
Plan for besøket
Studentane er kontaktpersonar og møter forfattaren på avtalt stad. På førehand har dei kome fram til korleis klasserommet skal møblerast best mogleg, kven som skal vere ordstyrar, kven som sørger for at det tekniske er i orden, og kven som tar ansvar for kaffi og noko å bite i. Dei må også på førehand drøfte kva dei vil snakke med forfattaren om, og då har nokre vore ansvarlege for å samle inn spørsmål frå alle. Når økta er over, evaluerer studentane arbeidet sitt, og tilbakemeldingane er eintydige: Det faglege utbytet er stort, og opplegget gjer studentane bevisste på kva som blir kravd av dei når dei som lærarar skal ta imot besøk.
Varm velkomst
Når forfattaren kjem inn døra i lag med studentane som har møtt ho på busshaldeplassen, er klasserommet gjort klart til halvannan time med tett kontakt mellom forfattar og studentar. Stolane er plasserte i hestesko, og på tavla står det skrive ei personleg helsing til forfattaren. Gjesten får servert kaffi og nysteikte vaflar, og tar oss med inn i boka med ei høgtlesingsøkt. Etterpå sit studentane klare med spørsmåla sine, og det blir ein interessant dialog om boka dei har lese, om det å skrive skjønnlitterært, om det å vere skrivelærar og om korleis forfattaren opplever møte med elevar og lærarar i skolen.
«Eg hadde, saman med ei anna, ansvar for å opprette kontakt med forfattaren på vegner av studentane. Då eg prata med henne over telefon, verka ho veldig glad for, og litt letta over, at vi tok kontakt.»
Lærarstudent
«Det var veldig spennende å få ansvar for forfatterbesøket, og vi visste vel egentlig ikke helt hvordan vi skulle få det til å gå! Men når alle hadde oppgaver vi skulle gjøre, så gikk det strålende!»
Lærarstudent
«Det at alle studentane var pliktoppfyllande og utførte sine arbeidsoppgåver, trur eg var avgjerande for utfallet. Det var ingen som klaga og sutra over å måtte gjere noko. Tvert om, fleire la til og med litt ekstra energi inn i utføringa av sine oppdrag.»
Lærarstudent
«Som ordstyrar opplevde eg kor viktig det er å vere førebudd. Til tider gløymde eg bort rolla mi, fordi eg vart så fasinert av det han fortalte. Det gav meg eit unikt innblikk i kor viktig læraren si rolle er under eit forfattarbesøk. Eg kjende litt på stresset med å få det til å flyte, samtidig som eg ønskte å dvele sjølv ved det han fortalde.»
Lærarstudent