Ny leiar i Norsk Målungdom
30.04.2021
Frida Pernille Mikkelsen (24) er nyvald leiar i Norsk Målungdom. Dei arbeider for nynorsken og for å sikre dei språklege rettane til elevar og studentar.
Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Norsk Målungdom
Frida Pernille Mikkelsen kjem opphavleg frå Førde i Sunnfjord. Då ho byrja på Firda vidaregåande skule på Sandane, møtte ho målungdommen for første gong.
– Eg budde på hybel og hadde ikkje så mykje pengar i lommeboka, så det var veldig lukrativt å få servert gratis pizza. Då eg gjekk ut frå det første møtet, var eg vald inn i styret i Firda Målungdom. Etter det har engasjementet for nynorsken berre vakse, seier Mikkelsen.
Ho fortel at det var eit veldig kjekt styre å sitje i fordi dei var ein vennegjeng. I denne perioden verva dei nesten alle elevane ved skulen til å bli med i målungdommen.
Nynorskbrukar i Oslo
Etter at Mikkelsen var ferdig på musikklinja på Sandane, flytta ho til Oslo for å studere. Først tok ho eitt år med arkeologi. Deretter tok ho ein bachelor i offentleg administrasjon og leiing ved Universitetet i Oslo.
– Kan du fortelje om korleis du som nynorskbrukar opplevde flyttinga frå Sunnfjord til Oslo?
– Då eg flytta til Oslo, oppdaga eg at språket var noko som skilde meg frå alle andre. Eg byrja på eit studium der eg var den einaste i kullet mitt som skreiv nynorsk. I gruppearbeid vart det alltid eit samtaleemne eller ein diskusjon rundt det, fortel Mikkelsen.
På ei av dei første oppgåvene som ho leverte inn, fekk ho mykje skryt av forelesaren. Oppgåva hennar vart vist på storskjerm slik at dei andre skulle få kome med tilbakemeldingar.
– Eg hugsar at det einaste medstudentane kommenterte, var at oppgåva var på nynorsk. Først følte eg meg litt stolt over å ha skrive ei god oppgåve og ha fått det til, men då eg gjekk ut av timen, følte eg meg litt provosert, seier ho.
Mikkelsen legg til at det var snakk om ferske medstudentar, men likevel er det nok fleire nynorskbrukarar som har opplevd liknande episodar.
– Det fekk meg til å skjøne at her er det faktisk fleire kampar eg har lyst til å ta, seier Mikkelsen.
Engasjementet har ho teke med seg inn i organisasjonsarbeidet. Ho har erfaring frå sentralstyret til Norsk Målungdom som økonomiansvarleg i tre år, og det siste året har ho vore skrivar og dagleg leiar. No ser ho fram til å leie organisasjonen.
– Kva er dei viktigaste sakene for Norsk Målungdom framover?
– I året som kjem, skal vi setje ekstra søkelys på språk i høgare utdanning. Vi skal også arbeide inn mot stortingsvalet. Vi vil at folk skal tenkje på språk når dei går til vallokalet. Vi ønskjer å påverke partia til å prioritere språkpolitikk, men òg at det kjem ei regjeringsplattform som styrker nynorsken. I tillegg skal vi sjølvsagt jobbe mykje inn mot opplæringslova, som er utruleg viktig for nynorskelevar. Opplæringslova betyr svært mykje for å skape språkleg jamstilling i heile samfunnet, meiner Mikkelsen.
– Kva er dei største utfordringane med å vere ung nynorskbrukar i dag?
– Mangelen på digitale læremiddel på nynorsk og digitaliseringa av heile samfunnet byr på store utfordringar for nynorskbrukarar. Det går så fort framover, og nynorsken kjem litt som ein diltande veslebror som vil vere med, men som ikkje heilt greier å henge med, seier Mikkelsen.
I år fyller organisasjonen Norsk Målungdom 60 år. Mikkelsen trur det å vere ung nynorskbrukar har endra seg mykje i denne perioden.
– No er det til dømes lov å skrive nynorsk i stadig fleire aviser og mediehus. Eg håper at haldningane til nynorsk er i ferd med å endre seg, men vi har framleis fleire kampsaker, seier Mikkelsen.
Rett til eksamen på nynorsk
Studentar som går ved offentlege høgskular eller universitet, har rett til å få eksamen på nynorsk. Kvart einaste år er det mange som opplever at denne retten vert broten. Det ønskjer Målungdommen å gjere noko med.
– På nettsida vår har vi oppretta ein klageportal som skal gjere det enkelt for studentar å varsle dersom dei ikkje har fått eksamen på nynorsk, eller at språket i den nynorske versjonen er for dårleg, seier Mikkelsen.
I desse tider tikkar det inn klager som Norsk Målungdom tek vidare. Med digitale eksamenar har studentar også opplevd at det er vanskelegare å finne fram til nynorskversjonen av eksamensoppgåva.
– Når klagene går gjennom Norsk Målungdom, er studentane anonyme overfor utdanningsinstitusjonane, understrekar Mikkelsen.