• Blogg
  • Ny leiar ved Nynorsksenteret

Ny leiar ved Nynorsksenteret

15.11.2022

Synnøve M Sætre 33 til nettside

Synnøve Marie Sætre er ny leiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

Foto: Kristianne Marøy
Intervjuar: Ingvild Myklebust Hovden

Synnøve Marie Sætre er 32 år og kjem frå Ørsta på Sunnmøre. Ho har utdanninga si frå Universitetet i Oslo, der ho utdanna seg til lærar i norsk og historie. Sidan det har Sætre studert nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og norskdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har jobba mykje med språkpolitikk, og ho har vore både leiar i Norsk Målungdom og fungerande leiar i Noregs Mållag. I tillegg har ho vore norsklærar på Ulstein vidaregåande skule.

Korleis oppstod engasjementet ditt for nynorsken?

    – Eg har alltid vore oppteken av språk, og ulike språklege tema vart ofte tekne opp rundt middagsbordet i barndomsheimen. På ungdomsskulen fekk me besøk av Norsk Målungdom, og det gjorde at eg vart ein litt stoltare nynorskbrukar. Eg melde meg inn i Målungdomen den dagen, men det var fyrst då eg flytta til Oslo for å studere, at eg vart aktiv. Då fekk eg kjenne på kroppen kva det vil seie å vere i språkleg mindretal. Det som var sjølvsagt for dei andre, måtte eg krangle meg til. Mykje av fagterminologien fanst ikkje på mitt språk, og på førelesingane måtte eg heile vegen simultanomsetje notata mine. Det vart vegen inn i Studentmållaget i Oslo og vidare inn i sentralstyret i Norsk Målungdom.

    Kva trur du vert dei viktigaste oppgåvene for Nynorsksenteret framover?

    – Det viktigaste framover vert digitale læremiddel på nynorsk. Dagens opplæringslov speglar ikkje elevane sin digitale skulekvardag, og det resulterer i at mange læremiddel, læringsressursar og læreverktøy ikkje finst på nynorsk. Me treng ei opplæringslov som er klinkande klar på at alt som er i bruk i skulen, må finnast på nynorsk. Skal ein lære nynorsk, må ein bli eksponert for det, og då må læremidla på plass.

    I tillegg til digitale læremiddel på nynorsk må me arbeide for ei god nynorskopplæring gjennom heile løpet frå barnehage og ut vidaregåande skule, og også i vaksenopplæringa. Lærarutdanningane er heilt sentrale både for at lærarane skal ha nynorskkompetanse, og for at dei skal ha kompetanse i å undervise i og på nynorsk.

    Kva utfordringar møter elevar med nynorsk som hovudmål?

    – Læremiddelsituasjonen er prekær for elevane med nynorsk som hovudmål, og det er ei skam at dei ikkje får den opplæringa dei har krav på. Dei treng å møte språket sitt mest mogeleg for å bli trygge i språket sitt.

    Kva utfordringar møter elevar med nynorsk som sidemål?

    – Eksponering er også ei utfordring for elevar med nynorsk som sidemål. Dei møter nynorsk i for liten grad i kvardagen, og difor vert eksponering for nynorsk i skulen særleg viktig. Nynorskopplæringa må starte tidleg, og lærarane må ha kompetanse i både nynorsk og nynorskdidaktikk.

    Korleis kan Nynorsksenteret hjelpe lærarar med å arbeide for god nynorskopplæring over heile landet?

    – Nynorsksenteret sit på svært mykje kunnskap om god nynorskopplæring. Den kunnskapen brukar me både til å lage gode ressursar og undervisningsopplegg som lærarar kan ta i bruk i klassane sine, og til å halde kurs for lærarar.