• Blogg
  • Nynorsk for innvandrarar

Nynorsk for innvandrarar

22.08.2022

Guro Kristin Gjøsdal Foto Tone Brandal

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har gjeve Nynorsksenteret ansvaret for rettleiing av dei som driv med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar.

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Tone Brandal

Det er eit mål i integreringspolitikken at fleire innvandrarar skal delta i arbeids- og samfunnslivet i Noreg. Formålet med oppgåva Nynorsksenteret har fått av HK-direktoratet, er å vere med på å styrke opplæringa på nynorsk for vaksne innvandrarar.­ Avtalen skal legge til rette for at deltakarar som bur i nynorskkommunar, får opplæring i norsk og samfunnskunnskap på nynorsk. Vi ønsker­ å vere med på å sikre lærarar ved vaksen­opplæringssentera god rettleiing i bruk av nynorsk i opplæringa etter­ læreplan i norsk og for vaksne innvandrarar. Innan­for LK20 vil vi også ta vare på perspektivet med nynorsk for innvandrarar. Det er to hovudaspekt ved språkferdigheiter dei som lærer (ny)norsk som innvandrarar, må tileigne seg. Jim Cummins har identifisert desse som grunnleggande samtaleferdigheiter (BICS), som det tek 1–3 år å lære, og akademisk ferdigheit (CALP), som det tek 5–7 år å lære. Integreringslova viser til differensiering av programtid og krav til nivå i norsk.

Oppdraget

Nynorsksenteret er gjennom denne avtalen gjeve ansvar for å vere kompetansesenter for kommunar­ som gjev tilbod om norskopplæring til vaksne innvandrarar på nynorsk, eller som planlegg å gje slik opplæring. Vi skal gje rettleiing og vere ein ressurs i faglege og pedagogiske spørsmål som gjeld målgruppa. Med grunnlag i opplæringslova og integreringslova skal senteret medverke til å samordne og styrke undervisninga som skjer lokalt, slik at opplæringa kan vere best mogleg tilpassa ulike grupper av elevar. Vi samhandlar med HK-direktoratet, tidlegare koordinator for nettverket, Mali Åm, aktuelle vaksenopplæringssenter med nynorsk for innvandrarar, og fag­miljø som tek hand om norsk for innvandrarar og inter­kulturell pedagogikk.

Nettverksbygging er ei sentral oppgåve i oppdraget. Nynorsksenteret vil arrangere digitale­ og fysiske samlingar for lærarar som underviser i nynorsk for vaksne innvandrarar. Senteret skal også ha oversyn over aktuelle læremiddel og læringsressursar.

Dette oversynet er tilgjengeleg på ei eiga ressursside på heimesida til Nynorsksenteret, saman med annan praktisk informasjon til målgruppa.

Kontaktperson for oppdraget er Guro Kristin Gjøsdal. Ho har sjølv arbeidd i vaksenopplæringa og er oppteken av interkulturell pedagogikk og god opplæring for dei som lærer nynorsk som innvandrarar. De som arbeider eller er interesserte i denne målgruppa, er velkomne til å ta kontakt og kome med spørsmål og synspunkt.

Send gjerne ein e-post til: guro@nynorsksenteret.no

Kjelder:

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (2022). Lov om integrering.
  • Lovdata (2022). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).
  • Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (2021). Læreplan i norsk for voksne innvandrere.
  • Utdanningsdirektoratet (2022). Læreplanverket.
  • Cummins, J. (2000). Language, Power and Pedagogy: Bilingual Children in the Crossfire. Multilingual Matters Ltd., UTP.