• Blogg
  • Nynorsk i Den kulturelle skulesekken

Nynorsk i Den kulturelle skulesekken

04.11.2022

Nynorsk konferanse 28april2022 Erik Brandsborg 12 1 til nettside

Belinda Braza-crew framfører danseframsyninga Hybrid/Sample-mennesket.

Norsk = nynorsk + bokmål. Denne innsikta skal syne att i satsinga Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken (DKS).

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Erik Brandsborg, Kulturtanken

Kulturtanken, Nynorsksenteret og fylka Vestland, Møre og Romsdal og Vestfold og Telemark har etablert satsinga Meir nynorsk i DKS. Målet med ordninga er å auke mengda DKS-produksjonar der nynorsk vert opplevd som relevant, representativt og for alle elevar, dei som har nynorsk som hovudmål, dei som har det som sidemål, og innvandrarar. Den kulturelle skulesekken er ei demokratisk ordning som gjer at barn og unge vert eksponerte for språk og kulturar dei kanskje ikkje ville ha valt sjølve, og som gir elevane rett til å bli eksponerte for kunst og kultur uavhengig av kvar dei bur, kva slags klassebakgrunn dei har, og kven dei føresette er.

Sjølv om nynorsk og bokmål er likestilte former av skriftspråket norsk, er det bokmål som dominerer i samfunnet. Mindretalsspråket nynorsk treng difor mindretalsvern. Språklova er eit formelt uttrykk for at Noreg er fleirspråkleg i dag og bør vere det i framtida. Språklova, opplæringslova, læreplanen og kulturmeldinga for barn og unge er med på å fremje jamstilling av dei to skriftspråka bokmål og nynorsk i opplæringsfeltet og kulturfeltet, og å styrke nynorsk som det minst brukte skriftspråket. Dette er det ønskeleg å legge meir vekt på også innanfor Den kulturelle skulesekken (DKS).

Kva er ein nynorsk produksjon i DKS?

Ein nynorsk produksjon i DKS er ein produksjon der alt skriftleg er på nynorsk, til dømes manus, skriftleg og pedagogisk materiell og ressursar til bruk i klasserommet. Nynorsk kan vere representert i alle kunst- og kulturuttrykk, i digital formidling og analog formidling, til dømes nynorsk manus for produksjonen, nynorske bøker, songar eller nyskrivne tekstgrunnlag. Barn og unge skal møte nynorsk i varierte uttrykk og moderne former. Dette kan vere eit bidrag til å bygge både nynorskspråkleg identitet og toleranse hjå målgruppa.

Samhandling mellom nynorskopplæring og estetiske læreprosessar

I DKS møter opplæringsfeltet kulturfeltet. Å ha kunnskap i å formidle nynorsk og estetiske læringsprosessar som ein viktig del av opplæringa, gir grunnlag for sunne haldningar til språk og kultur. Dei fleste produksjonar i Den kulturelle skulesekken er det knytt undervisningsopplegg til. Opplegget finn du i informasjonen om produksjonen på nettsida www.denkulturelleskolesekken.no. Kulturtanken arbeider med å gjere samhandlinga mellom produksjonar og skule endå betre

Nynorsk konferanse 28april2022 Erik Brandsborg 2 til nettside
Sandra Kolstad framfører Elv på himmelen–elektronisk tonesetting av Jon Fosse-dikt.

Oversikt over produksjonar

Oversikt over produksjonar som er med i satsinga «Meir nynorsk i DKS» per i dag:

  • Sandra Kolstad (Elv på himmelen – elektronisk tonesetting av Jon Fosse-dikt)
  • Good Time Charlie (Jubelblues)
  • Belinda Braza-crew (Hybrid/Sample-mennesket – kva har nynorsk og hip hop til felles? Alt!)
  • Martine Grande (Ørn – animasjonsteater, kreativitet og verkstad)
  • Geir Egil Eiksund (Kampen – kjærleik og mangfald)
  • Dordi Strøm (I dag er du kostymedesignar! – scenografi og kostymedesign)
  • Nynorsk kultursentrum (Skit eller kanel? – informasjonssamfunnet)

Kjelder:

  • Lovdata (2022): Lov om språk (språklova).
  • Lovdata (2022): Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).
  • Utdanningsdirektoratet (2022): Læreplanverket.
  • Regjeringa (2022): Meld. St. 18 (2020–2021).