• Blogg
  • Nynorsk i vaksenopplæringa og modulstrukturert opplæring

Nynorsk i vaksenopplæringa og modulstrukturert opplæring

05.07.2024

Vaksenopplæring til nettside

Nynorsksenteret har ansvar for å rettleie dei som driv med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. Frå hausten 2024 vert undervisinga i vaksenopplæringa modulstrukturert.  

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Nynorsksenteret har generelt eit interkulturelt pedagogisk perspektiv i arbeidet sitt. Nynorsksenteret har likevel eit særskilt mandat å bidra til å styrke opplæringa på nynorsk for vaksne innvandrarar. Deltakarar som bur i nynorskkommunar, skal få god opplæring i norsk og samfunnskunnskap på nynorsk. Nynorsksenteret er med på å sikre lærarar ved vaksenopplæringssentera god rettleiing i bruk av nynorsk i opplæringa etter læreplan i norsk for vaksne innvandrarar. Frå hausten 2024 vert undervisinga i vaksenopplæringa modulstrukturert. 

Modulstrukturert opplæring

Modulstrukturert opplæring er ei pedagogisk tilnærming som tek sikte på å gi vaksne elevar den kunnskapen og dei ferdigheitene dei treng for å nå spesifikke læringsmål. Opplæringa er delt inn i separate modular eller einingar. Kvar modul dekker eit bestemt tema eller ei ferdigheit, og det gjer det lettare å tilpasse læreplanen til dei behova og den læringsstilen som den enkelte eleven har.  

Modulane kan vanlegvis gjennomførast i kva som helst slags rekkefølge, noko som gir fleksibilitet og gjer sjølvstyrt læring mogleg. Denne tilnærminga er spesielt nyttig for vaksne elevar, som ofte har jobb og familieansvar i tillegg til skulen.  

Vaksne elevar vert oppfordra til å ta kontroll over eiga læring, sette seg eigne læringsmål og evaluere eigen framgang. Dette kan vere med på å auke motivasjonen og engasjementet for læring. Vurdering skjer vanlegvis i slutten av kvar modul, og dermed får elevane direkte tilbakemelding på kor godt dei forstår og meistrar materialet.  

Mange av programma legg vekt på praktisk bruk av kunnskap og ferdigheiter, noko som er spesielt relevant for vaksne elevar som ønsker å bruke det dei lærer, direkte i jobbsamanheng. Sjølv om vaksenopplæringa fremmar sjølvstyrt læring, vert det sjølvsagt lærarstøtte i form av rettleiing, studiegrupper og andre ressursar for å hjelpe elevane å nå læringsmåla sine.  

Nynorsksenteret og vaksenopplæringa

Nynorsksenteret gir rettleiing og er ein ressurs i faglege og pedagogiske spørsmål som gjeld målgruppa. Med grunnlag i opplæringslova og integreringslova skal senteret medverke til å samordne og styrke undervisninga som skjer lokalt, slik at opplæringa kan vere best mogleg tilpassa ulike elevgrupper. Vi samhandlar med fagmiljø som tek hand om norsk for innvandrarar og interkulturell pedagogikk, og har ei ressursgruppe i arbeidet.  

Vi arrangerer digitale samlingar som femner alle effektivt i ein hektisk kvardag og arbeidssituasjon. Vi har også høve til å arrangere fysiske samlingar. På nettsidene våre er det eit oversyn over aktuelle læremiddel og læringsressursar for målgruppa. Det er viktig å merke seg at målgruppa treng jamstilte, tilstrekkelege og gode ressursar tilgjengeleg for god nynorskopplæring.  

Ressursgruppa 2024/2025:

  • Mali Åm – Ulstein kompetansesenter 
  • Mari Sannes Innerdal – Sogndal opplæringssenter 
  • Brit Jorund Liland – Voss vaksenopplæring 
  • Hilde Kristin Ellingsund – Kinn utdannings- og ressurssenter 
  • Lene Vårum – HK-direktoratet 
  • Sara Marie Granheim – NAFO 
  • Toril Kristin Sjo – Universitetet i Oslo 
  • Guro Kristin Gjøsdal – Nynorsksenteret 
  • Hilde Kristin Bjørkedal – Ørsta opplæringssenter 
  • Sonja Jordanger Loen – Gloppen opplæringssenter  
  • Hilde Nesje – Stryn opplæringssenter 

Kjelder:

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (2024): Hva er modulstrukturert opplæring? Henta frå https://hkdir.no/voksenopplaering/modulstrukturert-opplaering-for-voksne/hva-er-modulstrukturert-opplaering