• Blogg
  • Nynorskelevane treng ei ny opplæringslov

Nynorskelevane treng ei ny opplæringslov

02.08.2021

Elevar med i Pad til nettside

Opplæringslova er utdatert og ikkje tilpassa den digitaliserte skulekvardagen me har i dag. Det fører til utfordringar for nynorskelevane, som ofte får verktøy og læringsressursar på bokmål.

Tekst: Arild Torvund Olsen, Nynorsksenteret

I desember 2019 kom opplæringslovutvalet, leidd av Jon Christian Fløysvik Nordrum, med eit utkast til ny opplæringslov. Det utkastet ville vore eit godt høve til å retta opp i mange av dei problema nynorskelevane møter, men diverre har ikkje utvalet teke dei naudsynte grepa i framlegget sitt. Det vert difor viktig å arbeida for at den endelege lova skal verta betre for nynorskelevane enn det utkastet er.

Kontorstøtteprogram og læringsplattformer

Kontorstøtteprogram og læringsplattformer er etter kvart dei viktigaste arbeidsverktøya til elevane, og det bør vera eit klårt krav om at slike verktøy må vera på hovudmålet til elevane. Nordrum-utvalet stør derimot ikkje eit slikt krav, og skriv mellom anna: «Utvalget er ikke kjent med hvilke konsekvenser et slikt krav vil kunne få, men antar at dette vil kunne innebære en del praktiske utfordringer der kommunen ønsker å bruke mest mulig like kontorstøtteprogrammer i hele virksomheten.»

Utvalet snur her prosessen på hovudet. Dersom målet er å få nynorske skriveprogram og operativsystem, vil det å ynskja seg like program i heile kommunen eller fylkeskommunen vera til hjelp med å få på plass nynorskutgåver, av di ein då snakkar om større innkjøp og dermed større økonomisk makt bak språkkrav til leverandøren. Og me kan ikkje la vera å stilla lovkrav berre av di utvalet av nynorske program i dag ikkje er so stort som me skulle ynskt.

Eit krav om at kontorstøtteprogram som Word må koma på nynorsk, har faktisk vore inne i opplæringslova før, frå 2006 til 2010. Det var ikkje av di det då fanst mange slike program på nynorsk, at det kravet kom inn i lova, men derimot motsett. Før det vart klårt at dette nynorskkravet kom til å koma inn i lova, gjekk Microsoft ved fleire høve ut og sa at det var uaktuelt med nynorske utgåver av Word, Excel og Windows. Det ville vera altfor dyrt å utvikla det, sa dei. Men takk vere stort press frå nynorskorganisasjonane, kom kravet om nynorske kontorstøtteprogram inn i forskrifta til lova, og plutseleg hadde Microsoft råd til å koma med nynorskutgåver likevel. At me i dag kan ha Teams, Windows, Powerpoint, Word og Excel på nynorsk, er eit direkte resultat av kravet som stod i forskrifta til opplæringslova. Det viser kor viktig opplæringslova er i dette spørsmålet.

Tilsett Arild Olsen foto Tone Solhaug til nettside
Høgskulelektor Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Læremiddel i norskfaget

Eit – vonleg utilsikta – problem med framlegget til ny opplæringslov er at retten til læremiddel på hovudmålet er heilt fjerna frå norskfaget. Formuleringa «I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet» er teken bort, og det same er formuleringa «Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk». Det einaste som står att, er at retten til nynorske parallellutgåver ikkje gjeld i norskfaget. Det er høgst problematisk. Intensjonen bak å ikkje ha med norskfaget i den generelle parallellutgåveretten er å opna for innslag av sidemål, slik læreplanen legg opp til, men ved å fjerna alle krava, slik utvalet gjer, opnar ein i praksis for bokmålslæremiddel i norskfaget for nynorskelevar frå fyrste dag i barneskulen.

Den eksisterande lova er heller ikkje god nok på dette punktet. Formuleringane er altfor vage, og ei fersk masteroppgåve av Liv Astrid Skåre Langnes ved Nynorsksenteret viser tydeleg resultatet av det ulne kravet om «nok tilfang på begge målformer». Granskinga hennar syner at eit stort fleirtal av tekstane i lesebøkene til nynorskelevane i ungdomsskulen er på bokmål. Det gjev nynorskelevane eit dårleg utgangspunkt for å læra hovudmålet sitt godt.

Ei løysing på problemet kan vera å få inn ei setning i opplæringslova som tydeleggjer at det er læremiddel på hovudmålet som skal vera hovudregelen i norskfaget, og at alle unntak frå den hovudregelen skal vera grunngjevne i læreplanmål. Til dømes «I norskfaget skal elevane ha læremiddel på hovudmålet, men med nok tekstar på sidemålet til å oppnå kompetansemåla i læreplanen». Slik sikrar ein både retten til læremiddel på hovudmålet i norskfaget og at det skal vera nok tilfang på sidemålet etter kvart som elevane vert eldre.

Andre krav

I tillegg til dei punkta eg alt har vore innom, er det ein del andre endringar som bør gjerast i opplæringslova. For det fyrste må læremiddeldefinisjonen verta tydelegare, slik at det ikkje er tvil om kva som er inkludert i kravet om nynorske parallellutgåver og ikkje. Det bør òg inn eit krav om at elevane skal ha rett på språkrådsgodkjende stavekontrollar på både nynorsk og bokmål. Og so må nokon få eit ansvar for å fylgja opp om skuleeigarane gjev nynorskelevane det dei har krav på. I dag er det nesten fritt fram for kommunane til sjølve å tolka om tilbodet dei gjev elevane, fylgjer lova eller ikkje. Foreldre og elevar som er misnøgde, veit heller ikkje kven dei kan klaga til. Her bør nokon, til dømes Språkrådet eller Statsforvaltaren, få eit overordna ansvar.