• Blogg
  • Ytring: Nynorskroboten: Konkurrent eller assistent?

Ytring: Nynorskroboten: Konkurrent eller assistent?

25.01.2019

Img 4782 2

Nynorskroboten: Konkurrent eller assistent?

Tekst: Torgeir Dimmen, senterleiar 

Like før jul kom det melding frå Kulturdepartementet om at Nynorsk Pressekontor får eit ekstratilskot på kr 800 000 til «arbeidet med utvikling av ein «nynorskrobot» – eit verktøy for automatisk omsetting frå bokmål til nynorsk». Roboten skal brukast til å omsetje eksisterande NTB-stoff (som alltid er på bokmål) til nynorsk.

Med eit slikt verktøy kan NPK på ein enkel måte auke tilbodet til avisene som abonnerer på tenestene deira. Det styrker nynorskbrukarane sin demokratiske rett til å få nyhende på eiga målform, og det bidrar til auke jamstilling av nynorsk og bokmål i media.

Ingen nynorskfolk kan ha innvendingar til slik bruk av språkteknologi.

Liknande automatiske omsetjingsprogram frå bokmål til nynorsk finst allereie, gratis tilgjengeleg på nettet. Kvaliteten på desse tenestene er litt ymse, og det krevst truleg meir manuell etterkontroll her enn ved bruk av NPK/NTB sin meir spesialiserte robot.

Andre nettressursar er endå meir upålitelege. Det er lett å finne døme på håplause harselasframkallande google-omsetjingar, t.d. frå engelsk og andre framandspråk til norsk.

Meiningslause resultat frå «dumme» datamaskinar kan ein også få når bokmål skal bli nynorsk, men truleg i langt mindre grad. Både fordi dei to skriftspråka er så like kvarandre, og fordi det allereie finst så mange tekstar i kvalitetssikra parallellversjonar, frå Bibelen og Grunnlova, via lærebøker til alle slags offentlege skjema. Desse vil ligge inne som sentrale ressursar i ein norsk språkrobot.

Omsetjingstenestene kan også ta i bruk stadig større språkbankar. I Noreg har Nasjonalbiblioteket ansvaret for å samle og legge til rette store tekstkorpus for alle dei norske språka. Denne ressursen skal vere gratis tilgjengeleg for alle som arbeider med språkteknologi i Noreg.

Kor god NPK sin nynorskrobot – eller andre automatiske omsetjingsprogram – kan bli, veit ingen. Det einaste vi veit er at dei heile tida vil bli betre. Datamaskinane blir kraftigare, programma som styrer dei meir avanserte. Dei «lærer» kontinuerleg av eigne feil, dei lagrar kunnskap, oppgraderer, rettar og perfeksjonerer.

Kva betyr dette for oss som arbeider for betre sidemålsundervising? Er språkteknologien ein konkurrent eller assistent til den gode norsklæraren? Er nynorskrobotar eit trugsmål mot språkopplæringa i skulen eller er det ein ressurs som kan utnyttast positivt? I så fall: Korleis?

Ei tilgrensande utfordring: Korleis argumenterer vi for sidemålet sin plass i norskfaget? Kvifor skal skuleelevar i bokmålsområde bruke mykje tid og energi på å lære å skrive nynorsk sjølve når ein snart kan produsere ei rimeleg bra omsetjing frå bokmål til nynorsk berre ved nokre tastetrykk?

Dette er spørsmål som til no har vore lite framme i den offentlege debatten om sidemålsopplæringa i morgondagens skule. Her må nynorskfolket på bana med offensive og konstruktive innspel.

Teknologien er her. Vi veit kva veg det går. Å bremse utviklinga er ikkje eit alternativ.

Målet må vere å gjere robotar og anna språkteknologi til læringsfremjande hjelpemiddel i språkopplæringa. Det krev utforsking av nye måtar å arbeide på og deling av røynsler i fagmiljøa.

Les meir om nynorskroboten til NPK
Les meir om Språkbanken 
Lenkje til Språkbanken, Nasjonalbiblioteket