• Blogg
  • Nynorskundervising i bokmålsland – fem råd

Nynorskundervising i bokmålsland – fem råd

19.05.2017

Kristin Fridtun 2 825x510

Å læra bokmålsbrukarar nynorsk er ein kunst, slik all undervising er kunst: Det krev kunnskap og øving, prøving og feiling. Likevel er det ikkje til å koma frå at nynorskundervisinga vert rekna som ei særskilt krevjande kunstart som ofte tek motet frå folk. Finst det nokon veg ut or uføret?

Av Kristin Fridtun, forfattar og språkvitar

Det spørst kva me meiner med «veg». Snarveg? Utveg? Eg skulle gjerne ha løyst desse flokane ein gong for alle, men førebels må eg bita i det sure eplet og gjeva råd som krev ein del av mottakaren. Ja, det fyrste og mest grunnleggjande rådet er så kravstort at nokre blir sure av å få det:

1 Om du skal læra bort nynorsk, er det ein føremon at du sjølv er trygg i nynorsk.

Dette er heilt sjølvsagt og samstundes veldig vanskeleg. Usikre lærarar gjev usikre elevar, og nokre av dei usikre elevane blir lærarar, framleis utan å ha lært nynorsk skikkeleg, og då blir nynorsken eit herk – og slik held det fram. Kven har ansvaret for å ordna opp? Her nøyer me oss med å slå fast at situasjonen er lei for alle partar. Situasjonen er heller ikkje ny, så dei som ynskjer å styrkja nynorskkunnskapane sine, har mange hjelpemiddel å velja mellom, til dømes desse: nynorskkurs og skrivehjelp.

2 Vis elevane at nynorsk er eit ljos levande bruksspråk.

Personar utanfor det nynorske kjerneområdet har lett for å oppfatta nynorsk som ein abstrakt storleik som finst «ein annan stad». Dei av oss som ikkje ser noko særleg nynorsk i kvardagen, kan lett tru at språket er i ferd med å dauda, og at staten brukar ein haug med pengar på halda det i live. Om elevane får sjå at nynorsk er eit heilt vanleg språk som blir nytta av heilt vanlege folk til heilt vanlege føremål, blir det truleg meir meiningsfullt for dei å skulla læra det òg.

3 Ha ein plan for kor mykje tid du skal bruka på eventuelle diskusjonar om nynorsk og sidemål.

Å diskutera haldningar til språk kan vera både moro og lærerikt. Å diskutera innhaldet i norskfaget er heller ikkje farleg – det kan vera fint for ungdomen å læra at ingen fag og emne er naturgjevne. Spørsmålet er kor mykje tid og merksemd slike ordskifte skal få. Det er ein viss fare for at høglydte nynorskmotstandarar i klassen «smittar» elevar som i utgangspunktet er nyfikne og venleg innstilte til nynorsk. Det kan elles vera nyttig å tenkja gjennom korleis du skal svara på ulike spørsmål om nynorsk og sidemålsundervising. I den vesle boka Kva skal vi med sidemål? (2013) gjev Vebjørn Sture og Janne Nygård grundige svar på alle dei vanlege innvendingane mot nynorsk og sidemålsordninga.

4 Så mykje som råd, så tidleg som råd!

Ingen blir gode i eit språk ved å bruka det minst mogleg. Det er den brutale sanninga, og verre skal det bli: Evna vår til å læra språk blir dårlegare med alderen. Tidleg start med nynorsk er difor det beste rådet av alle, og lærar Ingvild Sandø Rullestad har i eit innlegg her på bloggen vist korleis det kan gjerast i barneskulen. Når det gjeld ungdom og vaksne, er det ikkje anna å gjera enn å bruka språket mykje og i ulike samanhengar.

Det er ein føremon å ikkje låsa nynorsken til visse emne. Mange synest at det «passar med nynorsk» når temaet er norske tradisjonar, norrøn litteratur og liknande. Det styrkjer inntrykket av at nynorsk er noko som har sterkare band til fortida enn til notida og framtida. Vis at nynorsk blir brukt og kan brukast i sosiale medium, populærkultur, statsadministrasjon, journalistikk og så bortetter.

5 Lat elevane oppdaga at dei blir betre i bokmål av å læra nynorsk.

Når me lærer eit nytt språk, samanliknar me det nye språket med det språket (eller dei språka) me allereie kan. Ofte legg me ikkje merke til det eingong, hjernen arbeider av seg sjølv og i det løynde: «Aha, så det er sånn i nynorsk … og så er det sånn i bokmål …» Elevane ser såleis sitt eige hovudmål frå ein annan vinkel enn elles. Argumentet om at sidemålsundervising stel tid frå hovudmålet eller resten av norskfaget, har altså lite føre seg. Ein del av norskfaget kan ikkje stela tid frå det same norskfaget. Den som arbeider med norsk, blir betre i norsk, og di fleire språk du kan, di lettare lærer du endå fleire språk.