• Blogg
  • Nytt liv i telefonkiosken

Nytt liv i telefonkiosken

14.06.2021

Trude Tjensvold og Anne Marta V Vadstein til nettside

Lesekiosken på Bjørke er ein av dei hundre verna telefonkioskane i Noreg. Her ser vi forfattar Trude Tjensvold (til venstre) saman med Anne Marta Vinsrygg Vadstein frå Nynorsksenteret som er fadder for denne lesekiosken.

I glansdagane til telefonkioskane var telefonkatalogen einaste tilgjengelege litteratur i dei små raude boksane. No blir 100 av dei verna telefonkioskane i Noreg pussa opp og gjorde klare til å bli lesekioskar.

Foto: Ingvild Myklebust Hovden

– Meininga med lesekioskane er å gjere litteratur lett tilgjengeleg for alle. Her skal ein finne ei bok å ta med heim, og ein kan også dele gode leseopplevingar med andre ved å setje frå seg ei bok ein har lese ferdig, seier Vibeke Røgler. Ho er nestleiar i Foreningen !les og prosjektleiar for Lesekiosk.

    Opning av lesekiosk på Bjørke til nettside

    Prosjektet er eit nasjonalt litteraturformidlingsprosjekt i regi av Foreningen !les og Telenor, støtta av Sparebankstiftelsen DNB. Dei syter for at kiosken vert pussa opp og gjord klar som lesekiosk, og stiller med ein grunnpakke med bøker. Kvar lesekiosk har også ein lokal fadder som skal sjå innom kiosken av og til.

    – Lesekioskane er ein måte å dele lesing og gode leseopplevingar med kvarandre på, og å gjere synleg at bøkene finst rundt oss overalt, sjølv i den digitale kvardagen vår. Vi er også glade for at vi med dette prosjektet gjev nytt liv og innhald til dei 100 verna telefonkioskane, seier Røgler om satsinga.

      På Foreningen !les sine sider kan du lese meir om kvar du finn lesekioskane rundt i landet. På Bjørke vart lesekiosken opna 11. juni, arrangementet var i samarbeid med Dei nynorske festspela. Barnebokforfattar Trude Tjensvold deltok på opninga, og det vart ei gladstund med lesekiosken og litteraturen i sentrum.

      Opning av lesekiosk på Bjørke 2 til nettside
      Forfattar Trude Tjensvold las for skuleborn og andre som deltok på opninga på Bjørke.