• Blogg
  • Nytt tilbod for vaksenopplæringa

Nytt tilbod for vaksenopplæringa

07.10.2022

Vaksenopplæringa til nettside

Nynorsksenteret har oppdaterte nettsider med ressursar og aktuelle tekstar for vaksne som lærer nynorsk som innvandrarar. Du kan også tinge nettseminar for dei som underviser i vaksenopplæringa.

nettsida Nynorsk for innvandrarar finn du ressursar for denne målgruppa.

Det er mogleg å tinge nettseminar frå Nynorsksenteret for lærarar med tema "Lesing på nynorsk for vaksne innvandrarar". Dette kan tilpassast noko i tema og omfang. Vi tek utgangspunkt i 1,5 effektiv time + 15 minutt pause til 4000,- kroner. Ta gjerne kontakt med guro@nynorsksenteret.no om dokker vil finne løysingar for nettseminar som kan vere til nytte for dokker.

Vi er alltid interesserte i gode opplegg frå feltet. Opplegg og/bloggtekstar som blir publiserte vert honorerte.

Meld dokker gjerne på nyhendebrevet til Nynorsksenteret.