Klart vi les! Nynorsk barnebokturné skal gje tilsette i skule og barnehage auka kompetanse om nynorsk litteratur og litteraturformidling til born. Vi ynskjer å stimulere til medvit om språkbruk og lyfte fram den nynorske barnelitteraturen gjennom besøk til bibliotek, skular og barnehagar rundt om i fylka i følgje med forfattar og formidlarar.
I den ferske fagboka «Nynorsk med dei minste» skriv Lena Skjerdal om songen i barnehagen. Ho peikar på kor viktig det er at songrepertoaret i barnehagen ikkje er statisk, men at det er i utvikling og må brukast aktivt for å kunne haldast ved lag.
Finst det nokon som kan alle skrivereglane utanåt? Sannsynlegvis, men då snakkar me om ei ørlita gruppe med særmerkte individ. Størsteparten av oss blir aldri utlært, og det har sine gode sider, det òg: Då kan me jamt tileigna oss ny kunnskap og kjenna at vitet veks. Her er fem vanlege feil som er lette å leggja av seg.
Eg blir så glad når så mange lærarar ønskjer fleire digitale ressursar på nynorsk i skulen! 97 prosent av lærarane i nynorskområde ønskjer fleire digitale læringsressursar på nynorsk. Det er tal eg blir glad for, fordi det viser at lærarane er medvitne på kor viktig det er at borna møter nynorsk i skulekvardagen.
I desse dagar vert Bente Bratlund feira med ei festframsyning i heimkommunen Os, Her er eg no!. Gjennom førti år som forfattar har Bratlund skrive mange titals bøker på nynorsk, både for barn og vaksne, og no er det tid for å markere den rike forfattarskapen.
Normeringsstridar kjem og går, men valfridomen står. Påstandar om rot og krav om einskap har ikkje vunne fram: Dei norske rettskrivingsnormene er framleis temmeleg vide. Og det er kanskje like greitt?