Finst det nokon som kan alle skrivereglane utanåt? Sannsynlegvis, men då snakkar me om ei ørlita gruppe med særmerkte individ. Størsteparten av oss blir aldri utlært, og det har sine gode sider, det òg: Då kan me jamt tileigna oss ny kunnskap og kjenna at vitet veks. Her er fem vanlege feil som er lette å leggja av seg.
Eg blir så glad når så mange lærarar ønskjer fleire digitale ressursar på nynorsk i skulen! 97 prosent av lærarane i nynorskområde ønskjer fleire digitale læringsressursar på nynorsk. Det er tal eg blir glad for, fordi det viser at lærarane er medvitne på kor viktig det er at borna møter nynorsk i skulekvardagen.
I desse dagar vert Bente Bratlund feira med ei festframsyning i heimkommunen Os, Her er eg no!. Gjennom førti år som forfattar har Bratlund skrive mange titals bøker på nynorsk, både for barn og vaksne, og no er det tid for å markere den rike forfattarskapen.
Normeringsstridar kjem og går, men valfridomen står. Påstandar om rot og krav om einskap har ikkje vunne fram: Dei norske rettskrivingsnormene er framleis temmeleg vide. Og det er kanskje like greitt?
Lærebøker på nynorsk i andre fag enn norsk kan føre til djupare læring for bokmålselevar. Det er eitt av funna i masteroppgåva eg leverte i mai 2017. Eg har intervjua lærarar og elevar ved ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule i bokmålsområde, der elevane har brukt nynorske lærebøker i andre fag enn norsk.
Alt startar med det munnlege. Eg fortalde før eg kunne skrive. På kveldane, når dei vaksne hadde sagt god natt, låg eg i overkøya og fortalde til munnen vart tørr og småsøskenpusten gjekk jamt og fråkopla i undersengene. Forteljingane vaks ut av seg sjølve og vart levande. Og alt dette fanst lenge før bokstavane. Kvifor gløymde eg det?