• Blogg
  • Skeiv litteratur på nynorsk

Skeiv litteratur på nynorsk

22.06.2018

Skeive

Av Per Magnus Finnanger Sandsmark

Nynorsk kan brukast til alt, også det å sjå verda med skeive briller.

Mykje litteratur kan vere skeiv – i tydinga på sida av normene, med eit utanfrå blikk på verda – , men i denne samanhengen tyder omgrepet skeiv til å gjelde skeive seksuelle identitetar, som homofile, lesbiske, bifile, transar og andre.

Den vesle oversikta her over skeive bøker på nynorsk er ikkje fullstendig, men den gir eit lite innblikk i kva som finst. Barnelitteraturen først: I bøker som biletboka Forelska i Feisbukk (Hans Sande og Per Dybvig 2014) for ungar over 4 år, Dumme, dumme, hjarte (Linda Klakken 2017) og Eksperimentet (Harald Nortun 2015) for dei mellom 9 og 12 og ungdomsromanane Full pott i hjerter (Svein Børge Hoftun 2009) og Okkupert kjærleik (Ragnfrid Trohaug 2003) kan ungdom sjå skeive blikk i nye og moderne skjønnlitterære bøker.

I lyrikken er det utover Åsmund Sveen, som har gitt ut seks diktsamlingar og ein roman (1932–1966), særleg Tarald Stein med Framandkar (2008) og Frikar (2010) som er eksplisitt skeiv. Ingrid Z. Aanestad har i bøkene I dag er ein fin dag (2006), Eg kjem med toget (2008) og Stormkyss (2010) skildra lesbisk kjærleik og samliv på ulike måtar. Bjarte Klakegg har gitt ut novellesamlinga Heliumhjarte (2009).

Undis Brekke (Gunnhild Øyehaug 2010) lever i eit forhold med ei dame. Mange har også lese inn homofil erotikk i scenene mellom Per Bufast og kameraten i Det store spelet (Tarjei Vesaas 1934). Unn Conradi Andersen skriv i Alt uavklart (2017) om Torunn som ein dag får kjensler for ei kvinne.

I sakprosaen finn ein det skeive og nynorsk i mange av Jan Olav Gatlands biografiar og portrettbøker. Han har òg skrive biografiar om mange homofile forfattarar og gitt ut ein bibliografi over homofile tema i norsk litteratur. I 1986 redigerte han også ein antologi med dikt om menn som elskar menn, og gjendikta frå fleire språk. Kristin Fridtun har skrive essay om kjøn og kom med debattboka Homoflokar i år. Det Norske Samlaget har gitt ut sakprosa om skeiv kultur og skeivt miljø kvart tiår sidan 1970-talet. Meir om skeiv litteratur kan de finne på til dømes skeivbok.no, ei nynorsk database over skeiv litteratur i Noreg.