• Blogg
  • Podkast: Forfattar med blyant og papir

Podkast: Forfattar med blyant og papir

17.08.2018

Atle Hansen

Atle Hansen er så god til å skrive på tastatur at han har begynt å skrive bøker med blyant.

– Ved å skrive med blyant tvingar eg meg til å skrive saktare. Då får eg meir tid til å tenkje, seier Hansen.

Forfattaren rundar snart 20 bøker, med titlar som Flukt, Svartedalen, Apetryne og Maria Møy. Han har skrive både for barn, ungdom og vaksne. Fleire av dei for barn og unge er av den lettlesne typen, men dei er aldri merkte som lettlesne.

– Eg skriv ikkje lettlesne bøker, men bøker som er lette å lese. Tenk deg at du sit i eit klasserom og det står utanpå boka at ho er lettlesen. Det er stigmatisering av ungar, og eg vil ikkje at ungar skal verte ledde av, seier Hansen.

Hansen er ein av dei som klarer å skrive eit enkelt språk, men samstundes er det eit godt og tidvis poetisk språk. Dette finn ein både i barnebøkene og dei lettlesne ungdomsbøkene.

– Eg likar å skrive dikt, men eg får det ikkje til. Men i barnebøkene klarer eg å bruke poetiske element. Det eg er oppteken av, er at eg ikkje skal bruke metaforar og at språket skal vere rytmisk. Det skal vere godt å lese og det skal klinge fint, seier Hansen.

Atle Hansen har også ei rekke andre reglar og retningslinjer for korleis han skal skrive bøkene sine. Høyr om dei i denne podkasten.