• Blogg

Blogg og nyhende

Maria Parr 2b 825x510

– Alt startar med forteljinga

Alt startar med det munnlege. Eg fortalde før eg kunne skrive. På kveldane, når dei vaksne hadde sagt god natt, låg eg i overkøya og fortalde til munnen vart tørr og småsøskenpusten gjekk jamt og fråkopla i undersengene. Forteljingane vaks ut av seg sjølve og vart levande. Og alt dette fanst lenge før bokstavane. Kvifor gløymde eg det?

01.09.2017

Rammeplan 825x510

Nynorsk i ny rammeplan

I den nye rammeplanen for barnehagen er arbeid med språk sentralt. Barna skal få delta i eit stimulerande språkmiljø og i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilheitleg språkutvikling.

25.08.2017

Basso redigert BEST 825x510

Spennande skattar i historisk materiale

– Eg tenker ikkje at det historiske berre er ei kulisse. Historia vår er viktig i seg sjølv, og det har vore heilt naturleg for meg som historikar å legge forteljingane tilbake i tid, seier Aina Basso.

18.08.2017

MG 8173 825x510 1

Sidemål og framandspråk – kva er likt, kva er ulikt?

Ifølgje Læreplanen skal alle elevar kunne dei to målformene, nynorsk og bokmål, like godt. Dei skal så å seie vere tospråklege i skriftleg norsk. Vi veit at gjeldande undervisningspraksis for sidemålet mange stader har mykje til felles med tradisjonell framandspråkopplæring.

16.06.2017

IMG 9209 copy 825x510

Grunnlaget som ikkje må gløymast: Norsk = nynorsk + bokmål

Den språkdelte kulturen i Noreg har prega kulturdebatten, språkutviklinga og læreplanane i over hundre år. Det er difor heilt på sin plass at «kulturelt og språkleg mangfald» er framheva som ein sentral verdi i utkastet til ny generell del av læreplan. Men underleg nok utan at omgrepa «nynorsk» og «bokmål» blir nemnde i det heile.

31.05.2017

Kristin Fridtun 2 825x510

Nynorskundervising i bokmålsland – fem råd

Å læra bokmålsbrukarar nynorsk er ein kunst, slik all undervising er kunst: Det krev kunnskap og øving, prøving og feiling. Likevel er det ikkje til å koma frå at nynorskundervisinga vert rekna som ei særskilt krevjande kunstart som ofte tek motet frå folk. Finst det nokon veg ut or uføret?

19.05.2017