• Blogg
  • Stadnamn som ressurs i språkarbeid med dei minste

Stadnamn som ressurs i språkarbeid med dei minste

09.02.2018

Spekkhoggar

Av Ingvil Brügger Budal, fyrsteamanuensis i norsk, NLA Høgskolen

Fireåringen elskar å leika fuglemamma og fugleunge i det store reiret av dyner. Guten er egg, og mora ligg over og varmar egget. Ho skal ikkje berre ruga på egget, men vert også instruert til å rugga på det. Førskulebarnet forklarar presist tydingane til dei to orda, og viser stor omgrepsdjupne. Han utforskar dessutan den lydlege likskapen mellom to ord, og vekslinga mellom lange og korte språklydar.

Denne fireåringen er nyfiken på språk, har eit begynnande fonologisk medvit, og ikkje minst eit begynnande medvit om at språk har ei innhalds- og ei formside. Å bruka dette som ressurs i arbeid med språkleg variasjon og språkleg mangfald med dei yngste borna, kan gjerast med utgangspunkt i det som omgjev dei, mellom anna stadnamn og lokalmiljø.

I barnehagesamanheng vert dialektar og språkleg mangfald løfta fram som ein pedagogisk ressurs i faglitteratur og i styringsdokument. Likevel manglar granskingar av og dokumentasjon på korleis dette vert gjort. Heller ikkje faglitteratur om korleis dette kan gjerast, er lett å finna. Det nærmaste om korleis dette kan nyttast som ressurs for dei yngste i barnehagen, både med tanke på stimulering av metaspråkleg medvit generelt og erobring av nynorsken spesielt, er Synnøve Matre sin artikkel om dei yngste barna og nynorsken.

Der deler ho språkinteressa til desse borna i ei interesse for ord, ei interesse for det som merkjer seg ut og ei interesse for å laga nye ord. Møtet med andre språk, anten det er dei to norske skriftspråka, dialektar, eller heilt andre språk, meiner Matre fører til «den fleirspråklege effekten», der andre språk vert ein ressurs for fyrstespråket.

Ser me på mogeleg arbeid med språkleg mangfald med utgangspunkt i lokale namn, kan me sjå på nokre stadnamn på heimstaden min, Austrheim i Nordhordland. Der bur ungane i Ulvøyne, i Mastrevikane og i Kvalvågen.

Stadnamn oppfattar me som faste merkelappar, og gløymer innhaldet som ligg under forma. Når målet er å oppdaga nynorsken som omgjev ein, kan ein tulla med stadnamna i eit bokmål-nynorsk-perspektiv. Kva ville dei i byen ha sagt i staden for Austrheim? Østhjem høyrest jo tullete ut. I låtten over at same namn på det andre skriftspråket høyrest rart ut, kjem også innhaldet i stadnamnet fram på ein ny måte. Namneleik på dette nivået krev ikkje spesifikk fagkunnskap, men vilje og lyst til å undra seg over lokalmiljø og -namn saman med ungane.

Å sjå stadnamn i samband med etymologi, landskap og lokalhistorie, krev meir førebuing og kunnskap. Ei namneoppdagingsferd kan sjeldan styrast slik at ungane ikkje kjem over namn den vaksne ikkje kjenner. Kan ein bakgrunnen for nokre namn, kan ein fabulera med ungane om andre og saman leita etter svar.

Ser me på to av stadnamna eg lista opp tidlegare, peikar på opphavet til orda, men legg til aktivitetar og samtalar som er relevante for born, vert mogelegheitene for leik og kunnskapsmangfaldet i dette materialet synlege.

Kyrkja og kyrkjestaden gav kommunen namnet Austrheim i 1910. Kyrkjestaden fekk namn etter garden han ligg på, ein av dei eldste i kommunen. Namnet er sett saman av aust og heim, og viser altså til ein bustad, ein heim som ligg i aust. Ein kan stussa over at øykommunen med det vestlegaste punktet i Fastlands-Noreg heiter Austrheim. Det var opphavleg to gardar i nærleiken av noverande kyrkjestad, ein Austrheim og ein Vestrheim. Sistnemnde forsvann, truleg under svartedauden, og eit Austrheim langt vest vart ståande.

Konkret arbeid

  • Ekspedisjon til Austrheim for å leita etter Vestrheim.
  • Kva finst i dei ulike himmelretningane? Bruk av kompass og sjå på kart. Laga namn med andre himmelretningar. Kan ungane slike namn frå før?
  • Leika med namnet, setja det om til bokmål.

Kvalvåg ligg eit stykke nord for barnehagen og skulen. Namnet er ei samansetjing av kval og våg, og ein kjem inn i vågen gjennom eit smalt sund. Frå gammalt av vart kval jaga inn, og når sundet vart sperra, var kvalen fanga. Den siste dokumenterte kvalfangsten skjedde i 1928. Så seint som i 2016 forvilla seks spekkhoggarar seg inn i vågen.

Konkret arbeid:

  • Sjå på kart og på korleis ein kan sperra. Kva kan dei ha brukt til dette?
  • Laga eigne fangstreiskapar og namngje desse. Laga merkelappar.
  • Ekspedisjon til staden, utforsking av korleis dette kan ha vore gjort.
  • Fabulering kring dei to ledda i namnet, laga namn med andre dyr.
  • Riming.

Dei lokale stadnamna er ein del av barneverda som både er munnleg og skriftspråkleg. Eg har presentert nokre heilt konkrete døme på korleis ein kan arbeida med stadnamn med dei eldste i ein barnehagekvardag, dei yngste i ein skulekvardag. Arbeidet kan gjerast stort eller lite, det kan vera tema for eit større prosjekt, eller det kan vera små drypp i samtale med ungane. Den grunnleggjande tanken er å gje ungane fyrstehandserfaringar med noko dei er del av gjennom å utforska språkleg variasjon og nærmiljø. Slik vil dei også eiga fyrstespråket sitt, anten det er nynorsk eller bokmål, gjennom å sjå banda mellom seg sjølv, verda og språka.

 

Denne teksten er ei nedkorta utgåve av ein artikkel i boka Nynorsk med dei minste.