• Blogg
  • Biletboka med dei yngste

Biletboka med dei yngste

31.08.2018

Oppslag6

Korleis kan du bruke bileta i biletbøker til meiningsskaping i lag med borna?

Tekst: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng 
Bilete: Trude Tjensvold (frå boka Bo flyttar ut)

«Det er anda», seier Marius og peikar på biletet­ av Henrik And. Biletboka fortel historia om Henrik­ And som prøver ut det å vere nokon andre enn seg sjølv. Situasjonen der Marius les i boka i lag med ein vaksen i barnehagen, viser nettopp ein av kvalitetane ved biletboka, at biletboka fortel ei forteljing der tekst og bilete heng nøye saman, og bileta bidreg til borna si forståing­ av historia og meininga med teksten. I boka om Henrik And er det nettopp slik, teksten fortel det vi ser på biletet. 

I biletbøker for dei yngste borna er det oftast ein slik samanheng, bileta heng nøye saman med teksten og bidreg til å illustrere forteljinga og å skape meining for lesaren. Ein kan seie at tekst og bilete er forankra. Historia er gjerne kort og enkel og har eit persongalleri som det er lett å fylgje. Bileta er enkle og synleggjer den konkrete handlinga som vert skildra i verbalteksten.

Andre biletbøker er lengre og har meir komplekse historier og meir tekst. Her kan vi møte fleire karakterar og eit meir samansett språk både i tekst og illustrasjonar. I slike biletbøker kan vi prate om at tekst og bilete avløyser eller utfyller kvarandre. Tekst og bilete har ansvar for å formidle ulike typar informasjon. Desse bøkene kan bidra til nye oppdagingar og opplevingar kvar gong ein les boka! 

Bo møter andre historier

I boka Bo flyttar ut møter vi rollefiguren Bo, ein katt, som hadde det heilt fint heime inntil hunden­ Viktor flytta inn og tok plassen hans i senga til matmor. Då er det berre éin ting å gjere,­ nemleg å sjå om det finst husrom ein annan­ plass. Men det skal vise seg å bli vanskeleg. Gjennom­ møte med farar ute i verda blir Bo klar over kor fint han eigentleg har det heime saman med hunden. Han ser at det finaste er å bu heime i lag med mor og hunden. På vegen møter han mange nye karakterar­ både i teksten og i illustrasjonane.­ I mange av oppslaga ser vi teikningar og karakterar­ som refererer til andre forteljingar og eventyr, slik som t.d. Donald Duck, Den vesle moldvarpen og Den stygge andungen. Dette er karakterar frå forteljingar som kan vere ukjende for små lesarar, men dei er gjerne kjende for ein vaksen lesar. Det er då interessant å sjå korleis borna oppfattar­ desse illustrasjonane, korleis dei tolkar det dei ser. 

Meiningsskaping og kommunikasjon

Barnet tolkar og forstår bileta ut frå si erfaring. Etter kvart som borna får kjennskap til desse og andre eventyr og forteljingar, opnar bileta for nye samtalar og historier. Bileta i denne boka formidlar fleire forteljingar enn den som er skildra­ i verbalteksten. Dette er ei bok som kan lesast mange gongar, og som byr på nye oppdagingar og nye samtalar i lag med borna.

Biletbøker opnar for meiningsskaping og kommunikasjon. Når born ser på bilete, forstår dei det dei ser, ut frå si eiga erfaring. Små born oppfattar, tolkar og forstår bilete og kan vurdere­ korleis bileta samsvarar med den verkelege verda. Dei vel ut bilete eller element som dei ser grunn til å spørje om eller vil diskutere. Dette i lag med teksten er med på å utvide barnet si forståing. Ord og bilete er grunnlag for samtale, kommentarar­ og spørsmål, og slik prøver borna ut si forståing i lag med den vaksne.