Å arbeide med blogg i skulen
24.08.2018
Ein god blogg kan vere ein inngang til å jobbe med samansette tekstar.
Tekst: Ida Karin Aarflot Kornberg
Ein blogg er ein oppdatert vevstad der ein eller fleire forfattarar publiserer innhald. Ein blogg er multimodal og kan mellom anna bestå av tekst, interaksjonar mellom ulike skribentar, peikarar til andre vevstadar og bloggar, reklame, bilete og videoar. Å arbeide med samansette tekstar er godt forankra i læreplanverket for Kunnskapsløftet og kompetansemåla, og kan ved høve opne for tverrfagleg samarbeid.
I utgangspunktet er det enkelt å starte ein blogg. Utfordringa ligg i det å skilje seg ut i mengda og markere seg som ein relevant aktør med lesarar som stadig vender tilbake. På grunn av dette kan ein finne mange gamle bloggar på nettet som ikkje lenger er aktive. Å orientere seg i store tekstmengder er i seg sjølv utfordrande og er ei øving for elevane i vurdering og kjeldekritikk av digitale ressursar.
Ein kan arbeide med blogg i skulen på fleire måtar:
Bloggar eignar seg godt til produksjon av samansette tekstar. Elevane må søke etter ressursar, sitere relevante kjelder og uttrykke seg på ein føremålstenleg måte. Skriveprosessen oppmodar elevane til kritisk tenking, å ta i bruk nytt vokabular og formidle eigne meiningar. Å skrive blogg over tid gir elevar sjansen til å utvikle seg som skrivarar. Om bloggen er open, kan det å skrive for eit ekte publikum gi skriveprosessen autentisitet, og elevane får erfaring i dialogisk skriving. Blogging gir god erfaring i publisering og refleksjon kring eige digitalt arbeid.
Ein kan òg analysere bloggar. Her kan ein til dømes fokusere på blogg som samansett tekst, bodskap eller agenda. Mange av dei mest lesne bloggane i dag er sponsa og inneheld postar med reklame. Dette kan opne for interessante oppgåver knytte til kjeldekritikk, reklametekstar og retoriske verkemiddel.
Bloggar er noko ein kan arbeide med på dei fleste nivå og i fleire fag.
Kjelder
Senter for IKT i utdanningen. Blogg i undervisningen.
Haavik, H. B. I. (2012) Bruk av blogg i undervisningen.