• Blogg
  • Matlaging: språkstimulering i praksis

Matlaging: språkstimulering i praksis

07.09.2018

Img 2981
Klare Sjol
Klare sjøl! Kokkar små med kopp og skei. Selja forlag (6. opplag 2012)

Tekst og foto: Anne Marta Vinsrygg Vadstein

«Det var ein gong ein barnehage som var så frykteleg oppteken av mat.» Slik byrjar Klare sjøl!, kokeboka som Hornindal barnehage gav ut på Selja forlag i 2002. Boka vart ein lågmælt suksess, og det er selt over 28 000 eksemplar så langt. Etter det første opplaget vart det lagt til engelsk ordliste for viktige ord og omgrep, og vi veit boka er brukt i ti engelsktalande land, i tillegg til at ho står på pensumlister i barnehagelærarutdanningar mange stader og er i bruk i barnehagar, grunnskular, vaksenopplæringa og i mange heimar.

– Idéen til boka kom på veg over Kjøs bru, på veg til personalmøte om 10-års-jubileumet til Hornindal barnehage, fortel Ann-Iren Ulvedal, som var med på å lage boka. – Heile personalgruppa tende på idéen, og på eit års tid fekk vi samla og arbeidd fram oppskrifter knytte til dei ulike årstidene, for kvardag og fest. Borna var viktige samarbeidspartar, dei prøvde ut oppskriftene og var i høgste grad deltakande i kokebokprosessen. Mat er viktig, mat handlar om identitet og kultur, og for oss var det viktig og naturleg at boka skulle vere på nynorsk, med eit enkelt og godt språk. Dessutan ville vi lage ei bok der borna skal klare mest mogleg sjølve, og der dei vaksne slett ikkje treng å vere proffe på matlaging.

I dag er Ann-Iren Ulvedal styrar i Sollia barnehage i Volda, og Nynorsksenteret besøkjer barnehagen ein dag fagarbeidar Robert Bueide Watne er i gang med å lage mat i lag med åtte born. Dei kuttar grønsaker til linsesuppa dei skal servere på besteforeldrekaféen den dagen.

– Vi lagar mat i lag ein gong i veka, og då bruker vi ofte oppskriftene i Klare sjøl!, og så bruker vi metodikken frå boka og lagar eigne oppskrifter. Linsesuppa vi lagar i dag, er ei anna oppskrift, men borna og vi har gjort henne om til «Klare sjøl»-oppskrift, med symbol for kopp og skei. Vi har laminert oppskrifta, og så kryssar vi ut med ein tavletusj når vi har hatt det opp i gryta, fortel Robert.

Img 2948

Små og litt større born står på ei lang rekkje, på krakkar og benkar så alle når opp til kjøkenbenken. Det er djup konsentrasjon om dei ulike oppgåvene. – Kva er kjekkast med å lage mat? Spør eg. – Å skjere opp! kjem det kontant frå ei jente som kuttar løk så det svir i auga. Robert deler eit tips som får borna til å le: – Viss du geipar når du kuttar løk, svir det mindre i auga, seier han. Dette må naturlegvis testast av både løkkuttarane og dei som skjer opp pølsene. – Eg likar best å telje det vi skal ha, og krysse det av på oppskrifta når vi lagar mat, seier ho som står klar med tusjen og oppskrifta.

– La du merke til at vi brukte alle fagområda i Rammeplanen der inne? spør Ann-Iren etter matlagingsseansen. – Gjennom matlaging bruker vi alle sansane, vi øver på sosialt samspel, vi tel, vi snakkar om fargane på grønsakene og vi syng ein liten song medan vi rører i gryta. Matlaging er språkstimulering i praksis. Borna skriv handleliste og merkelappar på glasa når vi har laga eplemos, og vi les oppskrifta saman. Matlaginga kjem ikkje i tillegg til alt det andre vi skal gjere i barnehagen, men vi får jobba med fagområda på ein meiningsfull måte. Dei dagane det er matlukt i barnehagen, ute eller inne, det er dei beste dagane.