• Blogg
  • Ny podkast: – Dikt må vere ypparleg for snapchatgenerasjonen

Ny podkast: – Dikt må vere ypparleg for snapchatgenerasjonen

04.05.2018

Ruth Lillegraven

Lyrikar Ruth Lillegraven meiner at både barn og vaksne treng litteratur for å verte klokare menneske. Dikt kan vere den raskaste vegen til målet.

Tekst og foto: Heidi Fagna

Lillegraven debuterte i 2005 med Store stygge dikt, og sidan har ho skrive både romanar, biletbøker og meir poesi. Forfattarskapen hennar er variert, men hovudtyngda er lyrikk. Ho fekk Brage-prisen for diktsamlinga Urd, og kritikarkorpset er imponert kvar gong ho gir ut noko. Eg er eg er eg er er så langt den einaste diktsamlinga Lillegraven har skrive for barn.

– Det var ei kjekk bok å skrive. Eg var nervøs for å skrive dikt for barn, for eg visste ikkje om eg hadde det i meg. Men då eg bestemte meg for å prøve, fekk eg ei oppleving av at dikta nesten trilla ut. Det var ei lystbetont skriving, fortel Ruth Lillegraven i Nynorsksenteret sin podkast Bakom boka.

– Må du gruble meir når du skriv for barn enn for vaksne?

– Eg veit ikkje om det er så utruleg annleis å skrive for barn enn for vaksne. Uansett er det tenking, skriving og ein dose handverk, seier Lillegraven.

Eg er eg er eg er startar om våren og sluttar om vinteren, og boka tek opp både lette og tyngre tema. Lillegraven prøvde i skrivinga å sjå verda frå synsvinkelen til ein tiåring.

– Men på ein måte tenkjer eg at tiåringen ikkje er så veldig annleis enn 39-åringen. Ein har dei same grunnleggande kjenslene: sinne, glede, tristheit, frustrasjon og misunning. Dei går jo igjen gjennom livet, sjølv om ein kanskje kjenner dei av litt ulike grunnar og på litt ulike måtar.

– Kvifor treng barn poesi?

– Eg meiner først og fremst at dei treng litteratur, for å verte klokare og betre menneske, på same måte som me vaksne treng litteraturen. Lyrikken har det fortrinnet at han er fortetta. Ein kan både lese og ta inn eit dikt utan at det tek så mykje tid. Eg tenkjer at det kler den utolmodige tidsånda, snapchatgenerasjonen.

Alle nynorskbok.no-meldingane av Lillegraven sine bøker:
http://www.nynorskbok.no/?s=lillegraven

Bakom boka er Nynorsksenteret sin podkastserie med intervju av barnebokforfattarar.