• Blogg
  • God kvalitet og samtidig lettlesen, heng det saman då?

God kvalitet og samtidig lettlesen, heng det saman då?

15.06.2018

Lettlesne

Av Reidun Kydland

Vi høyrer stadig at gutane heng etter når det gjeld å lese, og heldigvis er det nokre forfattarar som tar akkurat det på alvor.

Ikkje alle barn og ungdommar klarer å kaste seg over ein tjukk roman, nokre slit med det å skulle lese lange og tunge tekstar. Like fullt er desse elevane også interesserte i gode historier. Derfor er det så bra at det finst romanar som tilbyr tre ting i eitt: ei spennande forteljing, eit lett tilgjengeleg språk og ein aktuell tematikk.

Spennande handling og korte setningar er viktig for dei lesarane som ikkje er bokslukarar, og som kanskje slit med lese- og skrivevanskar. Sidetalet må også vere overkommeleg om ein skal gje seg i kast med ei bok.

At gutar er hovudkarakterar i bøkene er viktig for gutane. Dei les ikkje like gjerne ei bok med ei jente som hovudperson, jentene les begge delar. Gutar les mindre i fritida si enn jenter, og å lese skjønnlitteratur krev ei anna form for konsentrasjon om teksten over tid enn å til dømes lese teikneseriar eller nyhende på nettbrettet. Det er sjølvsagt også viktig å kunne identifisere seg sjølv eller andre med hovudpersonane og med innhaldet i teksten.

Det blir ofte peika på at gutane manglar mannlege førebilde når det gjeld lesing. Læraren i 5.–7. klasse er oftast ei kvinne, og heime ser dei at mor les fleire bøker enn far. Å lese skjønnlitteratur blir sett på som jentete. «Guttene ligger noen sjumilssteg bak jentene i lesing fordi de ikke finner ferske spenningsbøker som er ganske lette å lese, ser kule ut og er tydelige på innholdet», skriv Arne Svingen. Heldigvis finst det nettopp slike gode bøker å tilrå.

Det nyaste tilskottet til lettlesne bøker er Grøss og gru-serien til Samlaget, der det har komme ut to bøker våren 2018: Den tolvte spelaren og Død eller levande. Til hausten kjem det endå to til. Det er sagt at gutar liker krim, spenning og sex. Det er lite sex i desse to bøkene, men spenning, noko overnaturleg og rikeleg med uløyste gåter finn dokker her.

Den Tolvte Spelaren
Den tolvte spelaren

Tor Arve RøsslandDen tolvte spelaren (2018). Kevin Borgen hugsar tretti år tilbake på då han var ungdom og budde i Våg. Nå les han i avisa at Kåre Hansen er død. Kåre og Kevin var gode kompisar den gongen: 

Kåre inviterer Kevin med på fotballaget med det same Kevin kjem flyttande til Våg. Kåre og Kevin er dyktige fotballspelarar, og går i same klasse. Det gjer også bølla Ronny. Ronny trakasserer Kevin både fysisk og med ukvemsord, men Kåre meiner han ikkje skal bry seg.

Ein dag er Ronny tilsynelatande sporlaust forsvunnen. Kvar er han? Er det berre Kevin som ser guten med nummer 12 på drakta? Og kven veit eigentleg noko om kva som hende året før? Her er mykje uavklart. Dramatikken byggjer seg opp mot eit avgjerande høgdepunkt med konsekvensar ingen av gutane kunne ane rekkevidda av.

Røssland tar opp aktuelle problemstillingar som rasisme, vald og trugsmål, og kor vanskeleg det er å fortelje om noko ein veit ein bør fortelje om, samstundes som ein har lova å ikkje seie noko.

Død Eller Levande
Død eller levande

Lars MæhleDød eller levande (2018)Mæhle fortel ei skummel og spøkelsesaktig historie.  Vi møter tvillingparet Simon og Katrin som begge har Evna, dei kan sjå og høyre det ingen andre ser og høyrer, og dei kjenner på seg når noko er gale. Ein dag møter dei Nihil, som lovar dei store pengar om dei kan finne ut kva som hende med dottera hans Angela, som forsvann for 30 år sidan. Då må Simon leite i Limbo, ein annan dimensjon der dei halvdaude held til. Sprekkane til Limbo finst der tyskarbrakka i Bekkedalen er.

Simon høyrer underleg pianospeling same staden, og han oppfattar det som ei åtvaring. Han får ei svært ubehageleg kjensle og opplever ei vond kraft, og han kjenner seg gjennomkald.

Så startar opprullinga av mysteriet, og dramatiske saker hender. Katrin blir skadd og hamnar på sjukehuset, Simon og veninna Irma finn ut at Nihil tyder «ingen», og mora seier han berre er fantasi. Det er mange trådar som ikkje passar saman her, og mange dei kan mistenke. Simon og Katrin har aldri fått vite kven faren deira er, og dette blir også ein del av det som er innfløkt. Simon må inn i det svartaste mørket før saka løyser seg.

Apetryne
Apetryne

Ein annan aktuell forfattar er Atle Hansen. Han klarer nettopp denne kombinasjonen, å skrive gode og engasjerande bøker samstundes som språket er lett å lese. Dei litterære kvalitetane forsvinn likevel ikkje.

Atle Hansen har til saman skrive 14 romanar for barn og ungdom, og her kjem ein omtale av dei to nyaste bøkene hans:

Apetryne (2017): Vi kan ane av tittelen at dette handlar om mobbing. Arne får av og til vere med dei andre, men ofte blir han ikkje invitert. Han er ikkje trygg på om den han var i lag med i går vil vere saman med han i dag, og trekker seg derfor ofte unna med ei bok.

Ein dag har Simon og Ivar invitert han med på telttur. Dei har det kjekt lenge. Arne er god til å herme etter apekattar, og gjer det for å få dei andre til å le. Men Ivar har tatt opptak med mobilen, og deler filmen sjølv om han har lova å ikkje gjere det. Dagen etter er det fleire som roper «apetryne» etter Arne. Han klarer ikkje å la vere å bry seg.  

Svartedalen
Svartedalen

Svartedalen (2015): Ein eg-person er på sommarferie i Kapteinshuset, men det er kjedeleg. Eg-personen høyrer om Svartedalen, ein skummel stad der ungar kan bli borte. Eg-personen går likevel dit, og må søkje ly for regnet. Der er det ei trapp ned til eit mørkt kjellarrom. Eg-personen høyrer kviskring, «gå herifrå!», og legg på sprang. Så kjem ein stor, svart bil.

Deretter treffer han ei svartkledd jente med grøne auge på brygga. Ho presenterer seg som Julie, og tar dei iskalde hendene sine rundt nakken på eg-personen og seier at han må gje ho tilbake det som er hennar. Dei andre i bygda veit ikkje kven ho er.

Ei natt vaknar eg-personen av at kapteinen er i rommet. Historia fortel at han blei drepen i Svartedalen. Etter kvart hender det mange underlege ting som det er vanskeleg å finne ei logisk forklaring på, både i kapteinshuset, i bygda og i Svartedalen.

Fleire lettlesne bøker for både gutar og jenter

  • Atle Hansen: Flukt (2013)
  • Erna Osland: Bestem deg, Tony T, bestem deg! (2017)
  • Anders Totland: Så lenge ingen ser oss (2017)
  • Linn T. Sunne: Alt du kan ønske deg (2014)
  • Bente Bratlund: Bebe-serien 1–4 (2011–2014)  

Sjå elles www.nynorskbok.no for fleire bokomtalar.

Kjelder

  • Kåre Kverndokken (red.) (2013): Gutter og lesing
  • Arne Svingen: «Styr unna prisvinnerne», kronikk i Dagbladet 03.06.2011
  • «Unge gutter og leselyst» www.lesesenteret.no
  • Gutter og lesing. – lesevaner, lesetips, nye medier (2008). Eit hefte frå Lesesenteret