• Blogg
  • Spennande skattar i historisk materiale

Spennande skattar i historisk materiale

18.08.2017

Basso redigert BEST 825x510

– Eg tenker ikkje at det historiske berre er ei kulisse. Historia vår er viktig i seg sjølv, og det har vore heilt naturleg for meg som historikar å legge forteljingane tilbake i tid, seier Aina Basso.

Tekst: Reidun Kydland

Aina Basso har til no gjeve ut fire historiske romanar­ for ungdommar og unge vaksne, og ei faktabok om hekser for barn. Hovudpersonane­ hennar er unge jenter/kvinner som har nokre­ utfordringar i liva sine, men som likevel er sterke­ jenter.­ Karakterane blir til gjennom skrive­prosessen,­ og Basso meiner at om ein er offer­ for eit overgrep, så treng ein likevel ikkje ha ei offerrolle heile livet.

– Ein er ofte sterkare og toler meir enn ein trur, seier ho.
Aina Basso fortel at det er Inn i elden som har fått mest merksemd og har blitt godt likt. Denne romanen handlar om Elen frå Kiberg og Dorothe frå København. Dei er begge 16 år, men har ulik sosial bakgrunn. Elen er dotter av ei einsleg mor, medan Dorothe kjem frå dansk overklasse.

– Eg ville gjerne skrive ut ifrå to ulike eg-personar­ og deira perspektiv på hekseprosessane i Finnmark. Elen blir utsett for klagemål, medan Dorothe er på tiltalemaktas side. Eg prøver å spegle­ skilnadene mellom dei to jentene gjennom­ språket, fortel Aina Basso.

To av jentene Basso skriv om, Hanna i Finne ly og Maria i Fange 59. Taterpige, har romani­bakgrunn. Maria blir sett på tukthuset av to grunnar,­ fordi ho er omstreifar, og fordi ho har tigga. Begge delar var ulovleg. Både Hanna og Maria har ei uro over seg, dei tenker mykje på familien­ sin og ein kjæraste dei hadde, og kjenner­ seg ikkje heime i det norske samfunnet der dei begge er tenestejenter. Skal dei prøve å flykte for å finne att familien sin?

– Vi kan gjerne trekke trådar til vår tid og spørje om vi vil tilbake til slik det eingong var. Eg har eit sosialt engasjement mot fattigdom, mot undertrykking og urettferd, og derfor har det vore naturleg for meg å skrive om slike tema. Å skrive romanar gjer at eg kan dikte rundt og utforske historiske fakta. Sjølv om ikkje kjeldene kan fortelje oss så mykje, synest eg det er viktig å finne ut om og løfte fram det vanlege kvinnelivet. Det er mange spennande skattar å finne i historisk materiale.

Aina Basso vil gjerne utfordre seg sjølv i skrivinga,­ og meiner at ho kan utnytte den historiske­ distansen til å skrive om vanskelege tema som tukthus og incest. Ingeborg i Ingen må vite opplever overgrep frå stefaren sin, og kan ikkje­ fortelje det til nokon. Ut ifrå dåtidas rettsoppfatning er Ingeborg like skuldig som det stefaren er. Aina Basso fortel at ho no held på å skrive om ei barnedrapssak.

– Når ein skriv om noko mørkt, er det viktig å balansere det mot noko lyst. Og det er viktig å ikkje skjule slikt som urettferd og overgrep, sjølv om det kan vere tøft å skrive om det. Ein kjem i kontakt med sine eigne grenser for kva ein kan klare å skrive om. Men vi kan sjølvsagt trekke trådar­ fram til vår tid, og det som hender­ no. Det er viktig at vi ikkje gjentar feila våre, meiner­ Aina Basso.

– Far min kjem frå Finnmark og har kvensk bakgrunn. Eg har lenge hatt lyst til å skrive ein roman med utgangspunkt i den finske inn­vandringa til Nord-Noreg fordi ein her finn så mange spennande historier. Men eg opplever at det er vanskeleg å få det til. Eg trur det blir for nært for meg, fordi det er viktig for meg å få det godt til og ikkje skuffe nokon. Eit påbyrja manus ligg no der, så kven veit?