Du høyrer sjeldan om dei. Du ser dei heller ikkje så ofte. Men dei er der ute – i kvar ein einaste krik og krok i dette langstrekte landet. Kvar dag jobbar dei utrøytteleg for at barn og ungdom skal bli glade i å lese. Eg snakkar sjølvsagt om dei verkelege heltane – bibliotekarane og lærarane.
Det er gjort ei rekkje studiar som viser samanheng mellom talemål og identitet, der språket blir brukt for å signalisere kven vi er eller ønskjer å vere. Men kva drivkrefter ligg bak når skuleungdom med nynorsk som opplæringsmål skal velje hovudmål i vidaregåande skule? Er dette også eit spørsmål om kven og kva dei vil bli identifiserte med?
Verda står truleg til påske også i år. Men ein kan jammen byrje å lure. For no har til og med VG publisert ei redaksjonell sak (som ikkje handlar om nynorsk eller sidemål) på nynorsk.
Dei få av oss som byter skriftmål frå bokmål til nynorsk, vekkjer ofte merksemd i båe leirar. Mange av bokmålsbrukarane skjønar ikkje korleis nokon friviljug går over til nynorsk. Mange av nynorskbrukarane – og ein del bokmålsbrukarar – stiller spørsmålet: «Men kvifor skriv du nynorsk, du snakkar jo bokmål?!»
Eg er ikkje lærarutdannar. Eg har ikkje skrive mastergrad i didaktikk. Eg har ikkje meir enn skarve 60 studiepoeng i norsk eingong. Likevel har eg, som lærarstudent og nynorskforkjempar, skrive ganske mange ord om korleis me lærarstudentar burde lære nynorsk.