• Blogg
  • Filmopptak frå digital fagdag om omsetjingsteknologi

Filmopptak frå digital fagdag om omsetjingsteknologi

19.02.2021

Konferansekollasj2021

Her finn du filmopptak og presentasjonar frå den digitale fagdagen om bruk av omsetjingsteknologi i sidemålsopplæringa.

Dei som deltok på fagdagen, fekk sjå eit variert program med ulike innfallsvinklar til debatten om bruken omsetjingsteknologi i sidemålsundervisinga.

I første delen gav HVO-lektor Synnøve Amdam og Språkrådsdirektør Åse Wetås eit overordna perspektiv på dei digitale utfordringane i skulen. Her vart også NPK sin nynorskrobot presentert.

Deretter heldt NTNU-professor Henning Fjørtoft eit innlegg med tittelen «Korleis vurdere kompetanse i nynorsk sidemål?» med utgangspunkt i formuleringane i LK20, den nye læreplanen.

Siste delen av fagdagen vart kalla «Apertium i praksis». Her delte vgs-lektor Magne Aasbrenn og USN-professor Norunn Askeland røynsler frå eiga undervising før vgs-lektor Kjersti Rognes Solbu avslutta med eit innlegg om utfordringar og dilemma knytte til eksamen. I denne økta var det også ei kort orientering frå Utdanningsdirektoratet.

Det vart opna for spørsmål og kommentarar frå deltakarane etter nokre av innlegga.

Målgruppa

Målgruppa var først og fremst norsklærarar på ungdomstrinnet og i vgs. i område der nynorsk er sidemål. Temaet er aktuelt også i hovudmålsområde.

Debatten om bruk av omsetjingsressursen Apertium går heftig i norsklærarmiljøet for tida, m.a. i fleire Facebook-grupper. Denne teknologien er komen for å bli, og han blir stadig betre. Teknologien er fritt tilgjengeleg for skuleelevane, og spørsmålet er ikkje om, men korleis slike digitale ressursar kan og bør brukast i sidemålsopplæringa.

Her er det ingen enkle svar, og det er eit opplagt behov for å tenkje nytt om sidemålspedagogikken: Fryktar nynorsk-robot gjer det enklare å jukse

Nynorsksenteret ynsker å bidra i dette ordskiftet på ein konstruktiv måte. Omsetjingsteknologi var m.a. tema i eitt av innlegga i webinaret vi arrangerte i november om nynorskopplæringa i lærarutdanningane. Du kan sjå dette videoopptaket nedst i artikkelen.

Filmopptak frå fadagen

Overordna perspektiv
Kva utfordringar og moglegheiter gir bruk av digital teknologi i opplæringa og i vurderingsformene?

Synnøve Amdam (Høgskulen i Volda)

TEKNOLOGIEN
Praktisk bruk

Nynorskroboten til NPK/NTB: Funksjon og kvalitet.

Hallvard Østrem (Nynorsk Pressekontor)

Konsekvensar
Tilgang til ny språkteknologi: Styrking eller svekking av nynorsk i Noreg?

Åse Wetås (Språkrådet)

NYNORSK SIDEMÅL
Kompetansemåla i L20

Korleis vurdere kompetanse i nynorsk sidemål?
Henning Fjørtoft (NTNU)
Spørsmål og kommentarar (ca. 10 minutt)
Presentasjonen til Henning Fjørtoft

APERTIUM I PRAKSIS
Døme 1: vidaregåande skule

Metodikk/undervisingsopplegg og undervegsvurdering.
Eigne røynsler frå klasserommet.
Magne Aasbrenn (Fredrik II vgs, Fredrikstad)
Presentasjonen til Magne Aasbrenn

Døme 2: lærarutdanning
Metodikk/undervisingsopplegg og undervegsvurdering.
Eigne røynsler frå klasserommet.
Norunn Askeland (Universitetet i Søraust-Noreg)
Presentasjonen til Norunn Askeland

Eksamen og sluttvurdering
Eksamen, opplæring og hjelpemiddelbruk gjeldande regelverk
(ca. 5 min.)

Tone Vindegg (Utdanningsdirektoratet)
Presentasjonen til Tone Vindegg

Eksamen med eller utan Apertium?
Utfordringar og dilemma for nynorskopplæringa anten det blir slik eller sånn.

Kjersti Rognes Solbu (Fyllingsdalen vgs/Skrivesenteret)
P
resentasjonen til Kjersti Rognes Solbu

Vedlegg

- Artikkel: Med Apertium som medspelar i nynorskundervisninga av Magne Aasbrenn (original i Norsklæraren nr. 3/2020)

- Om NPK/Nynorskroboten

- LK20

- Døme analyse og Døme tekstar
(Apertium-undersøking av Torgeir Parr Dimmen.)