• Blogg
  • Ytring: Robotnynorsk i skulen

Ytring: Robotnynorsk i skulen

13.04.2021

2017 10 10 inktober2017 gigantic by David Revoy til nettside

Er nynorskrobotar eit trugsmål mot språkopplæringa i skulen, eller er det ein ressurs som kan utnyttast positivt? I så fall: Korleis?
Les kva senterleiar Torgeir Parr Dimmen ved Nynorsksenteret meiner her.

Tekst: Senterleiar Torgeir Parr Dimmen, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Illustrasjon: David Revoy, www.davidrevoy.com

I januar 2019 skreiv eg eit blogginnlegg med utgangspunkt i følgjande spørsmål: «Språkteknologien blir stadig meir avansert. Kva betyr dette for oss som arbeider for betre sidemålsundervising? Er språkteknologien ein konkurrent eller assistent til den gode norsklæraren? Er nynorskrobotar eit trugsmål mot språkopplæringa i skulen, eller er det ein ressurs som kan utnyttast positivt? I så fall: Korleis?»

Problemstillinga var aktuell fordi Nynorsk pressekontor (NPK) nett hadde fått midlar til å utvikle noko dei kalla Nynorskroboten. Dette var ei vidareutvikling av omsetjingsprogrammet Apertium, ein gratis tilgjengeleg nettressurs.

Stadig betre robot

Kva er status no – to år seinare?

Våren 2021 melder NPK at Nynorskroboten har blitt eit svært viktig og nyttig arbeidsverktøy for dei. Han er «framleis under utvikling og blir litt betre for kvar dag. […] Talet på artiklar me har publisert [er] mangedobla. Det har vore mogleg eine og åleine på grunn av roboten.»

Dei skriv også at dei etter kvart har selt omsetjingsprogrammet til fleire eksterne kundar, m.a. medieverksemder, ulike offentlege etatar og organisasjonar.

NPK sin nynorskrobot er skreddarsydd for nyhendespråk, og er dermed god på vanlege ord og enkle, aktive setningar. Feila i omsetjingane av NTB sine bokmålsmeldingar har gått kraftig ned frå starten i 2019, og er no på om lag fire prosent i gjennomsnitt. For nokre tekstar er prosenten null.

Robotomsetjing av andre sjangrar krev meir etterarbeid, og det vil framleis vere større eller mindre behov for «menneskehanda på toppen» for å få god og feilfri nynorsk ut i andre enden. I alle fall i overskodeleg framtid.

Men vurderinga mi frå 2019 står seg: «Kor god NPK sin nynorskrobot – eller andre automatiske omsetjingsprogram – kan bli, veit ingen. Det einaste vi veit, er at dei heile tida vil bli betre.»

Det er ingen tvil om at denne teknologien kan nyttast til å produsere og publisere mykje meir nynorsk tekst både frå offentlege og private kjelder. Å lage parallellutgåver av digitale og trykte skjema, offentlege dokument og andre publikasjonar kan gjerast mykje raskare og rimelegare enn før. Her er det berre (mot)vilje frå tekstprodusentane og manglande krav frå styresmaktene som kan bremse ei stor betring av stoda på dette området.

Ein kan også gjere samansette tekstsamlingar på bokmål (t.d. leksikon) tospråklege ved å byte språk i ein del av kapitla eller artiklane og så slette dei originale bokmålstekstane. Dette blir m.a. gjort i Store norske leksikon etter avtalen med Nynorsk kultursentrum om samanslåinga med nynorskleksikonet Allkunne.

I tillegg kan det frigjere tid til å lage meir originalstoff på nynorsk – slik som NPK melder om.

Nynorskroboten er eit verktøy som kan gi meir nynorsk tekst i alle kanalar. Ingen nynorskvener kan vere imot slik bruk av språkteknologien.

Torgeir stort til nettside
Senterleiar Torgeir Parr Dimmen, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Apertium i skulen

Kva så med bruk av omsetjingsprogram i skulen?

At elevane no har tilgang til ein stadig betre digital ressurs for omsetjing frå bokmål til nynorsk, skaper frustrasjon og heftig debatt i norsklærarmiljøa. Mange av dei tradisjonelle måtane å drive nynorsk sidemålsundervising på blir utfordra. Korleis kan ein vurdere nynorskkompetansen til ein elev som no kan få ei nesten perfekt digital omsetjing? Både heimearbeid og mange skulebaserte skriveøvingar vil i praksis vere uråd å kontrollere. Og kva med eksamen? Med eller utan hjelpemiddel? Viss ikkje: Korleis kontrollere?

Kompetente lærarar vil kunne finne spor av «dum datamaskin» i tekstar frå elevar som har brukt omsetjingsteknologi i skriftlege arbeid. Å prove det er verre. Her vil ein fort hamne på gyngande juridisk grunn. Uansett er dette både tynt og tvilsamt grunnlag for vurdering av reell sidemålsdugleik.

Å øve med penn og papir og på andre ikkje-digitale måtar kan vere eit alternativ, men berre som ein av fleire metodar. Teknologien er her. Det digitale klasserommet med alle sine hjelpemiddel og nye utfordringar er kome for å bli.

Løysinga er først og fremst å tilpasse undervisinga og eksamensordningane etter det nye digitale terrenget.

Nokre lærarar er godt i gang med utprøving av korleis omsetjingsteknologien kan brukast på ein konstruktiv måte i sidemålsopplæringa. Magne Aasbrenn (lektor ved Fredrik II vgs. i Fredrikstad) og Norunn Askeland (professor ved lærarutdanninga ved USN) fortalde om sine prosjekt på Nynorsksenteret sin digitale fagdag om omsetjingsteknologi i februar. Her deltok over 300, dei aller fleste norsklærarar. I evalueringa etter webinaret melde mange tilbake at dei fekk både eit meir nyansert syn på saka og gode tips til korleis gratisressursen Apertium kan brukast konstruktivt i eigne klasserom.

På denne fagdagen vart også ordningane for sluttvurdering og eksamen i norskfaget drøfta. Her er det heller ingen opplagde løysingar for sidemålsopplæringa. Korkje for kva kompetansemål som skal ligge til grunn for vurderinga, eller for sjølve eksamensformatet. Det sikraste ein kan seie om dette, er at dagens ordningar og tradisjonar ikkje er godt nok tilpassa morgondagens digitale skulelandskap.

Utdanningsdirektoratet er for tida i gang med ein grunnleggande gjennomgang og revisjon av eksamensformata i alle fag. Mykje tyder på at det blir endringar om ikkje så lenge, også for norskfaget. Det blir spanande å sjå korleis dei ulike digitaliseringsutfordringane er foreslått løyste.

Norsk = nynorsk + bokmål

Så ein merknad om eit litt anna spørsmål som stadig dukkar opp i Apertium-ordskiftet i norsklærarmiljøet:

Kvifor skal skuleelevar i bokmålsområde bruke mykje tid og energi på å lære om nynorsk og å skrive nynorsk sjølve når ein snart kan produsere ei rimeleg bra omsetjing frå bokmål til nynorsk berre ved nokre tastetrykk?

Svaret er samansett, men det viktigaste poenget er at språket og skulefaget «norsk» omfattar både bokmål og nynorsk. Dette er det sjølvsagde grunnlaget både i læreplanane, opplæringslova og i den nye språklova.

I den nye læreplanen (LK20) er det understreka at det norske språkmangfaldet – inkludert dei to variantane av skriftleg norsk – både er ein verdi vi skal ta vare på, og ein ressurs som bør utnyttast i opplæringa. Elevane skal møte begge språka heilt frå småskuletrinnet. Etter kvart skal dei prøve ut og få meir systematisk opplæring i å skrive, og kompetansekravet i vg3-planen er at eleven skal «mestre språklige formkrav på hovedmål og sidemål og skrive tekster med etterrettelig kildebruk og et presist og nyansert språk.» Dei skal også «gjøre rede for endringer i talespråk i Norge i dag og reflektere over sammenhenger mellom språk, kultur og identitet».

Desse kompetansemåla når ein ikkje med nokre enkle klikk på ein datamaskin med Apertium installert. Det krev fleire års systematisk opplæring av kompetente lærarar.

Og for at ein lærar eller lærarstudent skal kunne kallast kompetent – eller fullt ut sertifisert for yrket – må hen ha reell eigenkompetanse både i nynorsk og bokmål. Det gjeld både i nynorsk- og bokmålsområde, og ikkje berre norsklærarar.

Nynorskopplæringa i skulen er ikkje eit lite valfritt tillegg som utan vidare kan veljast bort eller erstattast med teknologi som sikrar rette bøyingsendingar og ordstilling i ein tekst. Det er ein sentral del både av skulefaget norsk og av det ein kan kalle «danninga» for born og ungdom som veks opp i Noreg.

Læreplanen i norsk inneheld både store, overordna mål, t.d. om danning og identitet, og meir avgrensa, konkrete mål, t.d. om formuleringsevne og rettskriving. Dette er grunnlaget for det som skal skje i skulen. Sjølve undervisinga skjer på svært varierte måtar, avhengig av mange variablar. Tilgangen til stadig betre digitale hjelpemiddel – inkludert omsetjingsteknolog – er ein av dei. Dette utfordrar nokre av dei tradisjonelle måtane å drive undervising og vurdering på, og må difor møtast med ope sinn og vilje til å leite etter konstruktive bruksmåtar.