Sju sidemålsprinsipp
20.08.2023
Kva er ei god opplæring i nynorsk som sidemål? Vi på Nynorsksenteret har samla sju prinsipp som fremjar god opplæring i nynorsk som sidemål. Bruk prinsippa som eit grunnlag for å planleggje skuleåret, og tenk på korleis du kan tilpasse språkopplæringa med utgangspunkt i punkta. Lukke til!
Tekst: Jorid Saure
Foto: Ingvild Myklebust Hovden
Vil du ha ein plakat med dei sju prinsippa? Ta kontakt med oss på ror@hivolda.no.
1. Eksponer elevane for nynorsk
Eksponering for språk er den viktigaste kjelda til språkleg kunnskap og kompetanse. Bokmål dominerer i tekstane elevane les, difor er det så viktig at dei får møte mest mogeleg nynorsk i skulen. Elevane treng å lese mykje nynorsk og å lytte til nynorsk, både analogt og digitalt. Vel nynorsk der du kan, og bruk nynorsk i skriftleg kommunikasjon med elevane, på tavla, i planar og informasjonsskriv. Når elevane møter nynorsk ofte, kan nynorsk bli enklare både å lese og å skrive.
2. Finn tekstar som skaper engasjement og tilknyting til språket
Engasjement er eit nøkkelord når ein vil vekkje leselysta i ungdommar. Dersom elevane får lese aktuelle nynorske tekstar som dei kan knyte til eige liv og eigne erfaringar, aukar sjansen for at dei blir motiverte og engasjerte når dei les. Elevane treng å møte nynorske tekstar som dei har lyst til å lese, og som dei meistrar å lese. Når elevane engasjerer seg i tekstane dei les, står ikkje språket i vegen for leseopplevinga. Dette kan gjere dei motiverte til å lese nynorsk og auke sjansen for at dei kjenner seg heime i det nynorske skriftspråket.
3. Skriv nynorsk ofte
Skal elevane bli flinke til å skrive nynorsk, treng dei mengdetrening. Difor er det viktig å leggje til rette for ei rekkje ulike skrivesituasjonar der elevane får utforske ulike måtar å uttrykkje seg på gjennom skrivinga. La elevane skrive nynorsk jamt, prøve seg på ulike teksttypar og både korte og lange tekstar. Å skrive kort og ofte er betre enn å skrive sjeldan og langt. Du treng ikkje vurdere alt alltid.
4. Knyt grammatikk og tekstskaping saman
God nynorsk grammatikkopplæring er knytt til meiningsfulle kontekstar. Lausriven grammatikkopplæring åleine gjer ikkje elevane til betre skrivarar. Elevane skal lære grammatiske omgrep og nynorsk grammatikk, samtidig som dei brukar det dei lærer, i si eiga skriving. La elevane erfare og forklare korleis grammatisk kompetanse kan gjere dei til betre skrivarar.
5. Utforsk språket
Gjennom å utforske språk får elevane setje ord på og bli medvitne eigen og andre sin språkkompetanse. Når elevane undersøkjer likskapar og ulikskapar mellom talespråk og ulike skriftspråk, får dei hjelp til å sjå særtrekk ved dei ulike språksystema. Språklege samtalar kan også hjelpe elevane til å sjå likskapar og ulikskapar mellom skriftleg og munnleg språk.
6. Integrer nynorsken i ulikt norskfagleg arbeid
Elevane treng å møte nynorsk som eit bruksspråk i norskfaget. Gjer det å skrive nynorsk til ein naturleg del av norsktimane gjennom å kople lesinga og skrivinga opp mot ulike målsetjingar i faget. La elevane skrive nynorsk i kunnskapstileigninga, og la elevane bruke nynorsk når dei skal utforske tankane og refleksjonane dei har om eit tema. Alt som kan gjerast i norskfaget, kan gjerast på nynorsk.
7. Bruk nynorsk i andre fag enn norsk
Nynorsk er eit funksjonelt bruksspråk som ikkje berre høyrer til i norskfaget. La elevane skrive nynorsk når dei jobbar med tverrfaglege oppgåver, og bruk nynorsk som hovudspråk i fleire fag gjennom ein lengre periode. Det gir elevane naudsynt mengdetrening i nynorsk, samstundes som det synleggjer nynorsk som eit bruksspråk i andre fag enn norsk.